Sint på samfunnet.

Idag har eg funne ut noko nytt, grunna reflektering gjennom eit halvt år. Eigentleg er Noreg fylt av folk som set seg sjølv høgt opp på ein påle. Eigentleg er me nokre sjølvhøgtidelege tullingar. I alle fall er eg det, det fann eg ut idag, ved middagsbordet. Over stekt sei og poteter diskuterte mor, far og eg folk som er sinte på samfunnet.

Eg er sint på samfunnet. Eg syns for eksempel det er kjempetullete at me har val i Noreg, når tjue prosent som stemte på det totalt motsette, sit og ikkje kan bestemme ein drit i fire år fordi det var fleirtal av dei blå. Eg syns me skal få orden på bussane snart, for bussjåførane er kranglete og slitsomme, og kjørar som svin.
Verst av alt; eg syns det er reinspikka idioti at eg, som jobbar kjempehardt med skulen, skal lide fordi ei i klassen ikkje greier halde seg unna facebook og youtube i timane. Eg treng dei fem minutta med youtube-filmar i timen, og blir irritert når eg får kjeft for dei fem minutta når ho sit der ein heil dag og knotar.
Eg syns det er superkjipt at folk måtte betale masse i skatt for at nokre operaentusiastar skulle byggje eit dritstort bygg som dei kan synge mongosangar i, og eg blir irritert av å sjå på folk som endar på sosialen fordi dei aldri jobba det lille ekstra og ga faen i skulen.

“Meld deg inn i eit politisk parti”, seier mor. “Dei har masse bra for ungdommane, og eg trur du hadde passa inn.”.
“Pft, mor”, seier eg. Det hadde jo krevd arbeid. Eg har festar, eg har vener, eg har hund, TV, datamaskin, søsken, barnepassing - Eg har rett og slett ikkje tid. Og der skjedde det. Der tenkte eg tankane som gjer meg uberettiga til å klage på noko som helst. Eg har alle verdas moglegheiter til å gjere noko med dette samfunnet eg synest er så korrupt, men eg prioriterer det ikkje. Og eg er sjølvhøgtideleg, når eg ikkje klarar å sjå at dei som ikkje klarar seg så godt i samfunnet, må ha hjelp, og at eg faktisk må hjelpe til.

Så eg kan skrive alt eg vil om narkomane, alkoholikarar, uteliggarar eller andre som slit - Men for å kunne klage, må eg i det minste gjere ein innsats. For eg blir kvalm av meg sjølv når eg ser alt det eg er irritert på kontra det eg har gjort for å ordne litt på det. Det er null, zero, eg kunne like greit berre gitt faen.

Meg og ein valp - Del III (ordlaust og tafatt)

Eg har ikkje skrive i denne bloggen på ei stund, og det er ganske synd - Men eg har vore for opptatt. Som dykk kanskje veit, har eg fått ein valp. Og sidan eg er sliten mamma og sånn, så vel eg å berre leggje ut nokre bilder. Dei bør tale for seg sjølv. Eg ventar masse sympatikommentarar og sånn. Eg er for ung til å bli mamma. :sukk:

dsc00207.jpg

dsc00252.jpg

dsc00251.jpg

Sorg

For nokre år sidan døydde katten min. Ei vakker blanding av rakkar og kosepus, grå og kvit over heile og tjukk, lang pels. Han var min, og kvar gong eg var lei meg forstod han det. Då eg fekk vite at han var død, raste verda mi saman. Ei lita stund. Så gjekk det over.
Eg trur det gjekk opp for meg då. At ein kan myste nokon ein er glad i, utan å vite det kan det skje - Og det har skjedd. Det hadde ikkje skjedd naboen min, eller nokon på skulen, men meg. Døden var kome nærmare meg.

Likevel var eg ikkje forberedt då eg i desember fekk vete at tanten min var havna på sjukehus med slag. Fem slag hadde ho hatt, og ting såg stygge ut. Då gjekk det opp for meg. Dette kunne hende menneske og - Og ikkje berre i andres familiar, men i min. Eg sørga. Græt, og lot meg sjølv få lov til det. Det føltes naturleg då, og det føltes godt når eg fekk spørsmål om korleis eg hadde det. Og etterkvart var eg klar for å reise på besøk.

Me sat i bilen. Eg gleda meg, tenkte at no når tante var på heimebesøk var ho nok oppegåande igjen. Me ringte på, og døra opna seg. Det eg såg då kjem eg ikkje til å gløyme. Ho måtte støtte seg til onkel, og såg me eitt auge på oss. Hilste med eit smil. Dette var eg ikkje forberedt på. Dama som alltid i mine auge har vore spretten, systera til pappa, oppegåande, smilande og serverte oss krumkaker i juletida - Var plutseleg så redusert.
Det var vondt å sjå på. Og det gjekk opp for meg at ein ikkje blir den same etter eit slag. Eg var sint, sint for at noko slikt kunne skje med ei som var så snill. Tanten min. Kjære, snille tanten min.

Sorga over tante var ikkje borte, men forsvant litt etter litt, dag etter dag. Ho har det betre no, bor på sjukeheim og får jevnleg besøk av mange. Ho har kome seg betrakteleg, og tjuvtrenar på å gå.

På måndag kom eg heim frå skulen. Hadde mykje å fortelle frå skuledagen min. Eg såg mor sitte på kjøkenstolen. Ho såg alvorleg ut, men eg oppfatta det ikkje.
- Me har hatt eitt slag til i familien.
Eg såg på ho. Såg på far. Det var bestemor. Ho låg på sjukehuset, og dei hadde nettopp fått vete det.

Kanskje eg ikkje hadde snakka nok om det, kanskje eg enno hadde dødsangst, men no var han i alle fall tilbake igjen. Eg var redd. Redd for mamma, redd for pappa, redd for heile familien. Eg har aldri hatt noko spesiell kontakt med bestemor, men det var så nær familie. Det kunne skjedd kven som helst, men no hadde eg fått det rett i trynet. Igjen. Så urettferdig det kjendest.
Dagen etter var eg på plass på skulen igjen. Det var den verste skuledagen eg hadde hatt - Eg var stille og tenkte berre på alt som hadde skjedd. Eg måtte seie til lerarane kvifor eg ikkje hadde gjort leksene, og samtidig konsentrere meg om ikkje å gråte. For eg ville ikkje det, gråte kunne eg gjere når eg kom heim. Det var rom for det der.

Det har gått to dagar sidan no, og me skal besøkje henne snart. Eg slit framleis med litt dødsangst, men eg har tru på at den vil gå vekk. Eg veit at livet må gå vidare, at alt eg kan gjere er å støtte meg sjølv og familien min igjennom enno eit slag. At eg alltid kan snakke med mamma, pappa eller søstrene mine om det. Og at når det er over, når bestemor og har det bra igjen, kan eg la meg sjølv sleppe taket på sorga, og tanken på at livet eingong kan ta slutt.

Staff har verkeleg gjort det igjen

Etter sin heilt på trynet-uttaling om krisesenter for kvinner, har Staff no gått ut med predikantkjeften igjen. Eg likar han ikkje. Det har eg aldri gjort. Men dette, dette tek verkeleg kaka.
Saken: Lommemannen er tatt, og Tor Erling Staff, selverklært motstandar av det som er politisk korrekt, seier at “om unge gutter tukler litt i en voksens lomme er da ikke skadelig.”.

Dei studerer tydelegvis ikkje psykologi i advokatstudiet, og har dei gjort det, har ikkje denne mannen fulgt med. Han er riv ruskande gal, eit levande eksempel på dumhet og ein som tydelegvis får ein glede av å kaste bibelen på bålet.

- Man må se proporsjonen i forhold til politiets reaksjonsmåte. Det er skapt et hysteri i forhold til slike saker. Jeg er klar over at det er straffbart og at det er «gæernt», men reelt sett er ikke dette alvorlige forhold, mener Staff.
Dette er alvorleg. I aller høgste grad. Berre fordi han som tolvåring likte å grafse på eldre menn (les: I biografien til Staff, som kom ut for to år siden, omtaler advokaten hvordan han som 12-åring hadde sex med eldre menn.), gjer ikkje normale ungar det. Eit barn vil føle dette som ein krenkelse, og som eit brudd på sine grenser. Han måtte jo lokke dei for ein grunn!

74-åringen hevder barna umulig kan ha tatt skade av de seksuelle overgrepene de er utsatt for.
At ein høgt utdanna mann med så mykje livserfaring kan seie slikt og framleis behalde yrket sitt med stolthet, forstår eg ikkje. Alle veit at dersom noko skjer med eit barn, og barnet opplever dette som ubehageleg, ekkelt eller overtramp, vil barnet ta skade av det og mest sannsynleg i eit slikt tilfelle oppleve å få traumer.

Lommemannen har begått over 150 overgrep. Han har vore over heile landet. Han har lokka småbarn til å ta hånda i lommen sin, kor han har laga hol, og dei har endt opp med å gi han seksuell glede. Han er syk, syk, syk. Det er såvidt eg vil ha han i bloggen min. Og langt mindre herr Staff. Han har ikkje eit normalt forhold til nokonting, og når han kjem med slike uttalelsar som angår både sinte og opprørte foreldre, usikre barn og i det heile tatt heile Noregs befolkning - Ja, då har han ingenting å gjere i yrket sitt. Han er respektlaus som kan kome med slikt så tett oppi mange foreldres mareritt.

Eg hadde vore ein flau, flau arbeidsgivar, og eg hadde sunke i bakken om eg hadde vore i familie med han. Langt mindre ville eg blitt sett på samme butikk, eller stått bak han i kø på kino. Eg eier ikkje respekt, aksept eller noko anna enn sinne når det gjeld den mannen.

Lisa på ball

Eg har vorte fleirkulturell. Eg har fått gleden av å henge med ein masse fulle ungdommar som hoiar, danser og klengar på kvarandre. Eg har sett håndjern i aksjon og sinte vaktar, eg har spist snacks frå bar og sett neonlys i funksjon med røykskyer. Eg har vore på ball.

Det var forrige torsdag det braka laust. Eg hadde kjøpt kjole. Han var ganske fin, og. Svart med glitterbrosje framme, sånn heilt enkel. Eg hadde på meg hot-chick-støvlettar som mamma, pappa og eg hadde leita to dager og betalt nærmare 2000 for. I håret hadde eg eit tonn med spray, og det låg ein halvtimes føning bak frisyren. I andletet hadde eg prinsipielt ingen brunkrem, men rouge og ein god dæsj eyeliner i harmoni med to øyeskuggar. Øyenbryna var greidde og såg filmstjerne-aktige ut. Synst eg sjølv. (Treng eg å nemne at då eg kom heim ligna dei på ein stormfull sjø?)

Då eg kom fram, stod eg i kø. Lang kø. Masse folk som snakka om at “nå måtte dei skjerpe seg, for hvis vakten såg pupillane deira var det over og ut med ballet i år”. Det var kaldt. Eg stod på brostein som var glatt av regn, med støvlettar med hælar så høge som skyskraparar.
- Få sjå veska di.
Åh, eg var framme. Eg såg på vakten.
- Eg har ikkje drukke, og du kan rote så mykje du vil i veska.
- Du får opne han sjøl.
Usikker på om det var alkotest på lik linje med “Gå i ei rett linje på fortauet” tumla eg meg til å lirke opp glidelåsen. Nervøs. Eg skalv under skjørtet. Eg hadde faktisk ikkje drukke. Med røyken i kjeften stakk han ei lita lommelykt nedi.
- Greit.
Var det så lett? Å herregud, var eg så nervøs for så lite?

Inn. Inn blant alkoholstanken, og musikken som ein kunne høyre heilt inn til den innerste kroken på dass. Inn til alle dei som stod i kvar sin gjeng og lo. Var kule og sånt. Sånn som ein ofte er i første klasse på vidaregåande. Det er sånn som går over når ein kjem i andre. Av alle inntrykk eg kunne tatt over meg her, var det aller første inntrykket mitt: “Shit. Strømpebuksa. Eg må dra han opp. Toalettet neste!”
Eg kunne sjølvsagt ha vald å prøve å få han til å sitje uten å lage skraper i han, men det var ikkje så lett.
- Jævla falske negler.

Så ut igjen. Måtte røyke. Venta på venninnegjengen. Dei sat på bussen. Hadde ingen pappa som kunne køyre. Eg var heldig. Så kaldt, så kaldt. Avventande. Eg stod der med røyken i kjeften, såg på dei søte gutane i dress og håpte dette kom til å bli fint.

- Mareeen! Hey!
Der var dei. Ein etter ein kom dei stavrande ned bytrappa med høghelte sko. Eg lurte på om dei gjorde like vondt som mine eigne. Og om det var slik et ball var for femti år sidan.

Inn. Og opp. Opp til musikken, baren og dei svette folka som dansa tett uansett om dei kjende kvarandre eller ikkje. Me blei sjølvsagt med. Det hadde ikkje tatt seg ut å setje seg ned der, var berre rom for å danse. Og det var kjekt. Kjempekjekt.

Riiing, riiing. Uu bæibi it’s allrait… Mobilen min! Eg rakk han ikkje. Såg kven som ringde, så gjekk eg ut for å kome dei i møte. Der stod dei, i dress og med burgerking-krone. Ekte andreklasse-stil. Eg lo. Dei lo. Og så blei det delt ut klemmar. Eg lurte på om eg utnytta dei, sidan eg var den einaste edru. Så gjekk me inn.

Me dansa, slappa av i baren, hilste på venners venner og spiste chips. Eg såg på klokka.
- Eg må stikke, klokka er halv ett! Far skulle hente meg då. Me snakkast.
Så klemmar igjen. Tenåringar heilt svette av dansing som held rundt kvarandre etter ein finfin kveld.

Ut i regnet. Pappas bil køyrde heilt til døra. Inn i bilen.
- Faen, så vondt beina gjer!
- Ho, ho. Har du hatt det kjekt?
- Supert! Eg vil ut på byen igjen i morgon.

Å vere nokon

Dette veit eg eg har skrive om før, men det blir som is på ein sommardag eller Kvikk Lunsj og kakao om vinteren - Eg blir aldri lei.
Fordi det betyr så mykje for meg, dette. Det er jo normalt, eg er jo tenåring og alt.

Kva vil det seie å vere nokon? Er dette avhengig av språk, religion, fødestad, kva arm du kvilar på når du søv eller korleis du likar maten? Har det noko med sosial eller økonomisk status å gjere?
Er det å “vere nokon” å vere kul, hipp og trendy - Ha dei siste kleda og dei siste smykkene, den flottaste sminken og dei lengste beina?

For meg handlar det om det som er inni deg. Og ja, eg veit dette er så klisjè at det kan lesast saman med Miss World-talane, men det er viktig. Det er viktig å setje pris på dei som er rundt deg, dersom dei gjer noko bra for deg og tar imot når du gjer det samme. Kan du ikkje det, så er du ikkje nokon.

Oppskrytt å vere brun, slank og kåt.

Ja, faktisk vil eg heller vere kvit som snø, feit og aldri kåt, enn å ta sånn melanotan-drit.
– Vi hørte at man blir både brun, slank og kåt og det er jo de tre tingene vi har lyst til å være, sier de 17 år gamle Elise og venninnene til NRK.
Feil. Det er det dei vil vere. Eg er og sytten, men eg har andre ting å tenkje på enn å vere dei tre tinga. Ein blir brun av sola, slank av godt kosthald og trening og kåt av hotte gutar. Det er dei tre tinga eg nemnte no som er det kjekkaste, jo!
Eg har sprøyteskrekk, og.

Velferds-Noreg og narkomane

Det har alltid vore heftig diskutert kva me skal gjere med dei narkomane. Nokon vil ha sprøyterom, eigne bygningar, eigne rom på sjukehuset osv, mens andre er meir avmålte på akkurat det punktet. Dei vil gjerne ha dei vekk frå gatene, men ikkje dersom det kostar pengar. Eg seier ikkje at alle er slik, for det er langt frå tilfellet. Det er berre det at det einaste eg har sett som har fått meg til å danne grunnlag for kva eg meiner, har vore polariserte* debattar.

Eg vil gjerne sei kva eg sjølv meiner er viktig i det landet me lever i idag: At me, som alt i alt har det bra, tek vare på dei som slit.
Me, som lever i eit samfunn fylt av debattar, politikk, velferd og så mykje informasjon om kva me kan gjere, bør kunne ta oss tid til å tenkje litt over dette. Kvifor? Fordi det omfangar mange. Alle, faktisk.

Me var på klassetur i Oslo for ei stund tilbake. Her såg mi venninne og eg ein som sat utanfor ein butikk på Karl Johan. Han smilte og vinka, uavhengig av om han fekk noko i plastkoppen. Han frøys. Det var minusgrader ute, og han hadde berre ein gul allværsjakke frå åttitalet å varme seg med. Eg, som på denne tida var enno fattigare student enn no, spleisa med venninna mi på ein Ola-pakke* til han. Det var ikkje mykje, men det var ein liten gave av omtanke. Det var med ekte glede me såg på smilet han ga oss, og deretter kom ei dame frå ein klesbutikk og ga han eit teppe.
Deretter gjekk me på shopping, vel vitande om at dette var det finaste me hadde gjort så lenge me kunne hugse.

Poenget med denne lille historia var å få fram at ikkje alle narkomane er valdsmenn som ranar, slår og valdtek. Dei er menneske, slik som oss, og eg vil tru dei fleste av oss er oppdratt til å behandle menneske som har godt i seg med respekt. Dei har gjort ein feil i livet, kanskje har dei ikkje fått ein god start, kanskje var dei tvungne til dette livet og omtrent oppvekse på gata. Det har ikkje noko å seie, for eg meiner at for deira del og litt vår eigen, skal det vere mogleg å skape eit betre samfunn for alle.

For eksempel er eg for sprøyterom. Eg er for at dei som har havna utpå, skal få sette dosen sin reint utan fare for infeksjonar eller verre ting. På eit sprøyterom vil dei og få hjelp av ei sjukesøster.
Uheldigvis innebærer dette store risikoar for dei som jobbar med det, og derfor har dei ikkje så altfor mange søkarar på desse jobbane. Synd, men sant.

I tillegg vil eg ha eigne bygg, omtrent som boligblokker. Desse ville eg plassert sentralt slik at dei etterkvart kunne kome seg enkelt ut i dagliglivet igjen. Her skulle dei som ikkje hadde det så bra fått bodd i små hyblar, utan å betale leie. Dei kunne hatt ein stor matsal der dei møttes til faste måltid, og dei kunne i tillegg hatt små grupperom der det var moglegheit for enkelt-terapi, gruppeterapi eller berre nokon å snakke med. Metadonbehandling kunne og gis her.
På matsalen skulle dei sjølvsagt fått god mat, og når jula kom kunne dei ha dekorert heile bygget og hatt julemat. Kanskje det og ville vore rom for at nokre av dei som budde der, fekk tilbod om jobb på f.eks kjøkkenet dersom dei hadde “forbetra” seg. Som Martin Luther King ein gong sa, “I have a dream.”.

Problemet er, i likhet med sprøyteromma, personalet. Men det er kanskje lettare å skaffe personale dersom dei er mange som skal jobbe der? Ikkje veit eg, eg veit berre at eg trur dette hadde vore løysninga for mange.

Kvar kommune skulle hatt eit slikt bygg. Og har ein problem med å skaffe pengar til dette, så ta litt av oljemilliardane, eller det me betalar av skatt. På denne måten hadde mange av Noregs befolkning fått følelsen av at dei har utretta noko med pengane som mange av dei ellers føler dei kastar ut vindauget til udugelige kontorfolk (unnskyld, men det er jo ikkje akkurat som om vi får så mykje informasjon om kvar pengane våre havnar).

Eg tenkjer ikkje berre på dei narkomane inni dette, men antakeleg hadde me redusert kriminalitet, det hadde blitt tryggare for barn og unge å gå i byane og det hadde vore mindre sprøytespissar rundt på gatene. Det hadde kanskje ikkje vore like mykje tigging, og det hadde kanskje blitt større kapasitet på sjukehusa.

Dette er berre tankar, sjølvsagt. Men eg vil det skal skje noko med denne saken, og sidan eg har høyrd at politikarar les bloggar har eg kanskje gjort noko for saken min likevel.
Hei, Kristin Halvorsen! Eg simpelthen elskar politikken din!

* Polarisering = Når ein i debatt set veldig mykje fokus på motpolane og deira totale uenigheit. Me har lært det på skolen. :stålt:
* Ola-pakke: Matpakke frå Narvesen f.eks, som inneheld tre skiver med husmannspålegg.

Denne jula skal eg ta imot.

Og glise. Og levere pakkane mine til folk, som eg har kjøpt for maks hundre kroner til kvar på utvalde butikkar.
Eg har eit problem i år. Mine tusen kroner held ikkje til både røyk og presangar til alle folka eg skal kjøpe til, og nett idag fann eg ut at ei venninne av meg og eg hadde avtalt å kjøpe til kvarandre. Eg hadde gløymt det.
No kan eg vere glad for at eg kjøpte Punk’d sesong ein til ein billig penge på Platekompaniet. Dette årets billigaste gåve, og antakelig den einaste nokon kjem til å bli glad for.

Åra går så altfor fort, og i år har foreldra mine tenkt å pepre meg med realiteten: Eg må kjøpe julegåver alt etter kor mykje pengar eg har. Tatt i betraktning at eg har mange å kjøpe til, og berre rundt åtte hundre å fordele på desse, blir dette ein ta-jul. For eg kjem ikkje til å gi halvparten så mykje som eg får, og dette plagar vetet av meg.

Eg har enno til gode å finne ei gåve som eg fall pladask for, har råd til, og veit eksakt kven som skal ha. Det er flaut. I år tenkte eg å legge eit lite kort ved kvar gåve:
“Hei, *****!
I år har eg vorte student på ordentleg, og har derfor berre kjøpt ein billig og kjip gåve til deg.
Eg kjem sterkare tilbake når eg har vorte barnevernspedagog, og fram til den tid kjem, kan du berre byrje å innrede ein ny sokkeskuff!”

Uheldigvis er det slik det må bli. Og dette har eg latt alle tankane mine gå til dei siste døgna. Saken her er, at eg berre må slutte med det. Eg må be desse tankane halde kjeft, og heller tenkje på at eg skal finne noko personleg. Då veit eg at vedkommande kjem til å like presangen, og det er faktisk tanken som teller. Mest. Ja?

“Eg vil erfare dette sjølv, takk”

- Åh, den filmen må du ikkje sjå. Den er ikkje verd ein femøring, eingong.
Det var ein dag eg og ei venninne skulle på kino. Eg hadde lyst til å sjå ein oppfølgar av ein film eg liker kjempegodt, men ho ville ikkje det. Kvifor? På grunn av kommentaren ovenfor, som kom frå ei anna venninne. Ho skulle berre haldt kjeft. Dumme venninna.
- Åh, vi må ikkje sjå den filmen altså! ***** sa den ikkje var verd pengane!
- Så du har ikkje lyst til å sjå den sjølv og dømme ut frå det, då?
- Nei.

Me gjekk ikkje på kino den kvelden, istaden blei eg sitjande heime og tenkje på kor lett påverkelege me er.
For seier ei venninne at filmen ikkje er bra, så kan me ikkje gå på han. Kvifor skal me sjå ein film som ho, venninna vår, ikkje likte?
Og hvis nokon seier at drikking er dritkjekt og at all alkohol smakar godt, fordi dette er ei erfaren venninne som har smakt “alt” og er kjempesupertøff, skal me høyre på henne då, eller skal me *kremt* vente til me blir gamle nok og prøve det sjølv?

Høyrer du på kva du sjølv vil, eller har du lett for å drite i å gjere noko som andre seier dei sjølv ikkje likte?
Me er så forskjellige alle mann, at det er betre om me heller gjer slike ting begge to, og så deler erfaringar.
Synst eg.