Frosta er komen!
Posta av kanarifanari den november 24, 2007
Her ein dag var eg seint oppe. Du veit, Greys Anatomy, oppgåve som skulle leverast inn og litt sånn generell hyperaktivitet.
Eg ende altså opp med å forsove meg dagen etterpå, og vakna cirka ein halv time etter eg skulle ha vore på veg. Eg såg det som mi plikt å utforske sminkeskrinet mitt då eg vanlegvis brukar gå utan sminke. Dette var ein uvanleg dag, eg hadde jo så god tid – Kvifor ikkje kome på skulen i smashing-kostymet?
Eg sat meg i bilen ein time etter, sånn cirka, og ba om at me hadde han snille læraren me alltid brukar ha på slike dagar. Og hadde eg ikkje rett – Han stod der. På den same røykeplassen alle lærarane mine held til, blåste inn og ut og lo. Han er så snill, han læraren. Så han ga meg lov til å røyke ferdig. Eg frøys som ein nakenhund i vintersesongen og ba om at eg snart var ferdig. Nett då eg var kome halvveis i blåsinga, fann eg eit nydeleg motiv til bilete. Snudde meg eit par gradar – Å herregud, enno eit! Dette måtte gjerast noko med, og her er resultatet:
![]()
![]()
![]()
Trykk på bileta for å se dei i større versjon. Eg minnar om at eg har fått ny mobil, så det er ganske deilig å ta bilete med han. Han er raud med gull på.


mathilde33 sa
Nydelige bilder.