Hummar og kanari the blog ønskjer god jul!
Posta av kanarifanari den desember 14, 2007
Hurra, hurra. Favoritt-tida mi på året er komen, og no sit eg her på skulen og skriv metaforisk dilldall med ønskje om ein kopp kakao med krem på toppen.
Eg har tatt meg tid til å lage meg ein ny logo, i forbindelse med årstida og jul og sånt – Så den er også her no! I tillegg har eg sjølvsagt forandra layout. Den infernalske grønfargen passar ikkje saman med dei sju sortane og gløggen.
Uansett, ta sofaen fatt med teppet over deg og ro i huset. Synk saman med “Little Women” på TV og gløgg og kaker i fanget. Hugs at jula handlar om å ta vare på deg sjølv og dei rundt deg!

