“Eg vil erfare dette sjølv, takk”
Posta av kanarifanari den desember 18, 2007
- Åh, den filmen må du ikkje sjå. Den er ikkje verd ein femøring, eingong.
Det var ein dag eg og ei venninne skulle på kino. Eg hadde lyst til å sjå ein oppfølgar av ein film eg liker kjempegodt, men ho ville ikkje det. Kvifor? På grunn av kommentaren ovenfor, som kom frå ei anna venninne. Ho skulle berre haldt kjeft. Dumme venninna.
- Åh, vi må ikkje sjå den filmen altså! ***** sa den ikkje var verd pengane!
- Så du har ikkje lyst til å sjå den sjølv og dømme ut frå det, då?
- Nei.
Me gjekk ikkje på kino den kvelden, istaden blei eg sitjande heime og tenkje på kor lett påverkelege me er.
For seier ei venninne at filmen ikkje er bra, så kan me ikkje gå på han. Kvifor skal me sjå ein film som ho, venninna vår, ikkje likte?
Og hvis nokon seier at drikking er dritkjekt og at all alkohol smakar godt, fordi dette er ei erfaren venninne som har smakt “alt” og er kjempesupertøff, skal me høyre på henne då, eller skal me *kremt* vente til me blir gamle nok og prøve det sjølv?
Høyrer du på kva du sjølv vil, eller har du lett for å drite i å gjere noko som andre seier dei sjølv ikkje likte?
Me er så forskjellige alle mann, at det er betre om me heller gjer slike ting begge to, og så deler erfaringar.
Synst eg.

