Hummar og kanari – på høgt plan

Reflekterande greier skrivne på nynorsk.

Jul for meg er…

Posta av kanarifanari den desember 18, 2007

Jul for meg er regn og slapsete snø som ligg på bakken og vil vekk. Det er “Hjemme Alene”, vepsebol og knekk.
Hvis dette ikkje skal rime, er det i tillegg mørk himmel med mange stjerner på, og eit juletre der stjerna er erstatta med ein katt på toppen*.
Det er advent, med lilla lys i ein heimelaga krans, og det er dorullnissar på peishylla som mor framleis trur eg blir fornærma om ho kastar i søpla.

Det er mas, det er stress, det er julehandel for studentpengane og fattige dagar etterpå. Og det er kos om kvelden når alt er gjort. Det er mykje venting. Venting på pittelille juleaften. Så venting på lille juleaften. Venting på at alle skal bli ferdige med oppvasken og å finne fram kakene, slik at ein stakkars ivrig sjel skal få åpna pakkane.

Det er “Tre nøtter til askepott”, tre jenter tett isaman i ein sliten saccosekk fra åttitallet. Tre jenter, som om natta har vore på leit etter julegavane og glist mens dei opna dei. Deretter, når dei skal pakke dei inn igjen like fint, skammar dei seg over det dei har gjort. Det er mor som seier at vi kan få sokkane til juleaften, slik at me kan kose oss med godteriet til filmen, og det er “Julemorgen” med vaksne som syng julesangar med mongostemme.

Så er det prøving av klede til sjølve kvelden, dans rundt juletreet i barnehagen* og brun saus.
Det er å glise når ein åpner gaven fra bestemor og får sjå ei tresleiv, sjølv om ein er tolv år gammal og ikkje veit kor ein skal gjere av han. Det er å hyle av glede når ein får stereoanlegget mor og far har spinka og spart for å få under juletreet, og det er å teste det så for som mogleg.

Og så er det over. Faen, så fort tida gjekk.

* aut_0012.jpg
* Eg kjem aldri til å gløyme julefeiringa i barnehagen min. :sukk:

Legg att eit svar

XHTML: Du kan bruke desse taggane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <pre> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>