Hummar og kanari – på høgt plan

Reflekterande greier skrivne på nynorsk.

Litt poking i sida til dykk som skriv norsk

Posta av kanarifanari den desember 18, 2007

… Som gjeld stortsett alle. For eg les bloggane til folk. Og her er noko av det verste eg ser (og sjølvsagt er eg klar på at eg sjølv og skriv feil):

- Og/å. Å gå til butikken og finne det ein skal ha. Ein går ikkje til butikken å finn det ein skal ha. Me gjentar:
Å gå til butikken OG finne det ein skal ha. Det er to handlingar. Tog du’an?*

- * Dette bringer meg vidare til neste tema: Dialekt. Fysj og pføy! Det er ikkje eingong å skrive, ein kunne like greit ha tatt opp seg sjølv mens ein prata og lagt dette ut på bloggen.

- Avsnitt: Viktig for å få fram poeng, dele teksten opp litt og for å gjere det lettare å lese innlegget. Del opp der du bytter tema. Sjølvsagt er eg kjempeflink til dette, det kan du berre sjå på forrige innlegget mitt der eg delte i hutt og pine.

- Ellers: OGSÅ,OGSÅ,OGSÅ. Oxo er ikkje ein del av noko anna enn SMS-ordboka. Dette gjeld og ord som mn, mg, dg, dn, dre, k9p, koz, klemz. Stortsett alt som ser dumt ut kan ein la vere å skrive.

Legg att eit svar

XHTML: Du kan bruke desse taggane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <pre> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>