Å vere nokon
Posta av kanarifanari den januar 7, 2008
Dette veit eg eg har skrive om før, men det blir som is på ein sommardag eller Kvikk Lunsj og kakao om vinteren – Eg blir aldri lei.
Fordi det betyr så mykje for meg, dette. Det er jo normalt, eg er jo tenåring og alt.
Kva vil det seie å vere nokon? Er dette avhengig av språk, religion, fødestad, kva arm du kvilar på når du søv eller korleis du likar maten? Har det noko med sosial eller økonomisk status å gjere?
Er det å “vere nokon” å vere kul, hipp og trendy – Ha dei siste kleda og dei siste smykkene, den flottaste sminken og dei lengste beina?
For meg handlar det om det som er inni deg. Og ja, eg veit dette er så klisjè at det kan lesast saman med Miss World-talane, men det er viktig. Det er viktig å setje pris på dei som er rundt deg, dersom dei gjer noko bra for deg og tar imot når du gjer det samme. Kan du ikkje det, så er du ikkje nokon.

