Hummar og kanari – på høgt plan

Reflekterande greier skrivne på nynorsk.

Hei, verda!

Posted by kanarifanari den februar 26, 2009

No skjemst eg. Verkeleg. Eg har forsømt bloggen min i tide og utide, men dette må vere jubileum. No skal eg snart leggje meg, men ikveld dukka tankar opp som eg ikkje har hatt på lenge og eg kjente behovet for å skrive dei ned. Skrivesperra gav seg. Ops, no må eg vel ha kasta ei forbanning over det?

Dykk ser det at snart skal eg reise. Reise langt bort, vekk frå trygge heimen min med gode foreldre og eit godt nettverk. Vekk frå det fine kjøkkenet mor mi alltid har laga så god mat og stemning i. Vekk frå Stresslessane med rynker i læret. Vekk frå spisebordet med ferske blomar på og terrassen me plar å spise sommarfrukost på. Vekk frå alt det trygge og gode eg har kjent i alle desse åra. Eg skal til Oslo.

Oslo er for mange kjent som hovudstaden i Noreg. Dei har kongehus, storting, Friday’s-restaurantar, eit godt utval skobutikkar og Freiafabrikk. Dei har slottsparken, garden, høgskule og universitet, utestader, tiggarar, Karl Johans gate og eit godt utval menneske. Men fokuset mitt står no mest på høgskulen, som ligg på fyrsteplass i søkelista mi til neste år. Eg har søkt barnevernspedagog, håpar på å kome inn, og håpar pittelitt på å ikkje kome inn.

Det har seg slik at for ei jente som er oppvokst på landet med mjølk, brød, dyr, ein heim overstrømt av kjærleik og eit samfunn der alle kjennar alle, er ikkje Oslo berre ein storby. Det er ein STORBY. Og eg kjenner at eg er eit skjebnemenneske, eit sånt som trur håplaust på skjebnen. Så dersom eg skulle kome inn på høgskulen i Oslo, så er nok det skjebnebestemt. Og dersom eg kjem inn her, på trauste og trygge UiS, så er nok det skjebnen, og. Alt avhengar av skjebnen, eg har alltid satt min lit til den og han har skjelden feila før. Så det er det eg gjer no. Og så ber eg litt. Ikkje til Gud, Jehova, Allah eller nokon sånn fast bestemt Gud. Men til høgre makter om at ting må gå meg slik eg vil i livet. Eg er ikkje kristen, eg heller nok meir mot det agnostiske. Men tru på mennesket, og tru på krafta mennesket brukar for å styre ting med, det har eg. Det er kanskje dumt å påverke skjebnen, tenkjer du. Men neida, det tenkjer ikkje eg – Eg ser på det som å gi han eit lite dytt på vegen, hjelpe han dersom beslutninga mi er frykteleg vanskeleg. Faktisk har han nok ikkje så god tid heller, så eg fungerer berre som ei tidsbesparing her. Og det er jo vel og bra, er det ikkje?

Men dersom eg no skulle kome inn i Oslo, og dersom eg skulle flytte til Oslo til hausten – Så har eg eit par personar eg må takke. Dette er kanskje nytt for nokre av dykk, men eg veit at mange ikkje har forutsetningar for å kome seg vidare etter vgs. Eller grunnskulen, kanskje. Det hadde eg. Eg hadde ei mor som bestandig laga kos når eg kom heim fra skolen. Græt eg, stilde ho spørsmål og gav meg ein god klem. Var eg sulten hadde ho alltid god mat på lager. Var eg stressa, hjalp ho meg å kanalisere alle tankane mine. Og eg er glad i ho for det. Ho laga forutsetningar for at eg skal klare meg vidare i verda, for at eg skal kunne jobbe meg oppover i dette materialistiske og litt kapitalistiske samfunnet og seie at «HEY! Her er eg, eg har komen for å bli, eg har utdanning og dykk KAN berre ikkje nekte meg jobb. Elsk meg, for det gjer mamma!». Ho har gitt meg sjølvtillit, sjølvinnsikt og viljekraft, og det er tre egenskapar ein ikkje klarar seg uten men som veldig mange manglar. Ho skal sjølvsagt ikkje ha kreditt heilt åleine, for pappa har vore ein god pappa i alle desse åra. Han har teke meg med ut på fisketur, sett på Discovery med meg, lekt med Legoklossar med meg og trøsta meg når eg har vore nedfor. Han har gjort alle desse tinga han og, i beste vilje. Og det er det som ledar meg til dette: Tusen takk, far og mor! For at dykk alltid har skapt ein hyggeleg atmostfære rundt det å utdanne seg, rundt det å jobbe hardt, både med skole og arbeid og gjort det til ein kjekk ting å spise middag saman kvar dag, fortelje om dagen sin og slikt. Takk for at dykk har elska meg betingelseslaust i alle desse åra – Gudane skal vite at eg ikkje alltid har gjort det så lett! Og takk for at dykk aksepterer når ein fugl må forlate redet og utforske treet istaden. Eller ein annan smart metafor. Eg les bøker, altså.

Når det er sagt, så gruar eg meg. Herregud, så skummelt det skal bli! Men det blir ein god skummelhet, trur eg, nett fordi eg veit at pappa og mamma er ein telefonsamtale unna. Og eg har syster mi der. Eg har nettverket mitt sjølv om eg bur langt borte frå dei, og semestera er veldig greie, eg kan kome på besøk. Eg er ikkje bekymra, så det treng ikkje dykk heller å vere. Eg kjem til å klare meg fint, nett fordi eg alltid har fått slik rådgivning heime. Sjølvinnsikten dykk har gitt meg, har gjort at dersom eg ikkje klarar det, så kjem eg tilbake, startar på nytt og kjem på fote igjen. Sjølvtilliten har gjort at eg no er sikker på å klare det og viljekrafta mi gjer at eg veit at eg _skal_ klare dette, og at eg _kjem til_ å klare det. No skal dykk få løn for over 18 år med hardt arbeid!

Posted in Unyttig | Leave a Comment »

Oppdateringar og sånt

Posted by kanarifanari den juli 1, 2008

No har eg oppdatert ganske mykje på bloggen – Og eg vil vite kva dykk synast. Som dykk kanskje har lagt merke til, har eg og lagt til nye linkar. Linkar til nettbutikkar eg likar. Heilt øverst, der du kan lese om meg og min blogg, får du grunnen til kvifor eg har lagt til dei nettbutikkane i min samling. Kan vere kjekt å vite dersom du er skeptikar og sånn.

Linkane som kjem under «Hot på nett no» er ifølge meg dei som skriv best i heile den vide bloggverda. Held du pekaren over, kan du sjå kva eg meiner om bloggen. Hurra.

Uansett, kom med tips til kva anna eg kan leggje til anten i linkane mine eller andre stader.

Posted in Unyttig | Leave a Comment »

Gulasjsuppe

Posted by kanarifanari den juni 30, 2008

Etter forespørsel frå Hanna, har eg (endeleg) funne eit smutthol imellom jobb og sånn til å legge ut oppskrift på den absolutt beste suppa eg veit om. Eg skal sjå om eg hugsar an, just roll with it:
Ingredienser
Eit par poteter (så glad som eg er i terningpotet brukar eg rundt tre stykk)
Ein tomatpurè
To små vanlege kvite, naive løkar (eller ein diger faen)
Tre pølser (ikkje wiener!)
Vatn. Sjølvsagt. Rundt 2 dl.
Smak til med grønsaker. Fnis. Eit godt tips er purre, gulrot og ellers alt du likar i grønsakssuppa.

Slik gjer du
Ta rundt 150 gr. smør (Melange eller sånn, ja) og surr saman med løken i ei mellomstor gryte. Løken skal bli gyllenbrun, i alle fall sa læraren min i heimkunnskap det, men trassig som eg var «likte eg han ikkje slik». Uansett… Så tar du oppi tomatpurèen og vatnet, og lar dette koke. Rør av og til, og imens kan du kutte opp pølser, poteter og alt det der. Hiv det oppi når røra kokar, og la koke rundt ti minutt. Vanlegvis treng den ikkje lenger, fordi grønsakene og det som treng tid til å kokast igjennom er hakka i terningar.

Vips, så har du suppe. Og den kan du setje i kjøleskapet etter du har spist deg mett, så har du middag i morgon og! Det er forresten ein fordel å varme han, og, då.

Eg har klart å svi Mr. Lee, gløyme både hveteboller, skuleboller og anna og latt dei steike for lenge og å fucke totalt opp ein Grandis, men dette klarte eg. Så kos dykk.
Åh, forresten! Så matprat som eg er idag, legg eg ut eit bilete. Sidan eg ikkje torde ta bilete av mi eiga suppe.
Kos dykk!

Posted in Unyttig | 2 Comments »

No er det sommar!

Posted by kanarifanari den juni 23, 2008

Med tanke på travle tider (eksamen, bikkjetrening, skole, venner, jobb og sånn) har eg ikkje fått skrive nokonting i bloggen. Det, og så kan eg leggje til at eg har vore lat. Men dette er et sånn sterkare-tilbake-innlegg. Litt personleg, litt mimring og litt sommaridyll.

Eksamenane er bestått, fekk 4 på begge to. Norsk skriftleg og media muntleg. Eg følte sjølv at eg gjorde det dårleg på medieeksamenen, mobilen byrja ringe midt i framføringa og eg har kje vore så nervøs på lenge. Det var med eit lettelsens sukk at eg kunne svare «4» når den obligatoriske «Ka fekk duuu?» byrja. Norsk skriftlig følte eg verkeleg at eg fekk til, så det var med litt skuffelse og samtidig glede at eg leste ein karakter som var litt meir enn middelmådig. Det får vere godt nok. Eg har forsaka mykje den siste tida. Dykk veit, den tida alle dei late (les: meg og mange andre ungdommar) har, rundt to månader før sommarferie. Her er poenget å verkeleg prøve å få retta opp for alle leksestundene som blei brukt til å se film eller henge på Rimien med venner.

Men, nok om det. Eg er ferdig, har fått meg ein super jobb som eg gler meg til å gå til og eg har faktisk fått det til med oppdragelse av bikkja.

No skal me få litt sommaridyll. Mest fordi det er koseleg å lese mens ein sit på vestlandet eller andre stader med laptop, ein kopp kaffi og regn som plaskar mot vindauget. Det er skuffande, men me har hatt våre to uker med sommar her borte. Eg og ei venninne innvia den med å gå på brygga i Stavanger og drikke pils med alle dei andre femti år gamle damene som hadde alt for trange singletar og gule fingrar. Dei hadde solbriller, og. Eg undrar meg om dei trur pilotbriller framleis er på moten?

Uansett: Der sat me, med ein pils i eine handa, ein røyk i andre og nøyt sola som faktisk var på sitt sterkaste. Det var øl, berusande ord, det var sommar, det var sol. Og der sat me, to attenåringar og følte at der, akkurat der og da, var me blitt vaksne. Tåpeleg tanke, tenkjer dykk som les her og er førti år – Har levd dykkar liv med øl, sommar, sang og sol lenge. Men for meg, ihvertfall meg, var det stort. Eg hadde kjøpt min første pils. Eg likte han ikkje, eingong. Så eg rødma litt når eg gjekk frå halve glasset. Men det var verdt det. Eg gjekk inn på ein PUB, mine damar og herrer; kjøpte meg «ein pils, takk», viste legitimasjon, gliste då dama sa «Endeleg!» og lo, og eg gjekk ut og satte meg i solsteiken. Me diskuterte livet. Venner, gutar, stress og ferie. Hvis ikkje det er vaksent, veit ikkje eg. Men på den andre sida følte eg meg vaksen som drakk kaffi på termos saman med ei venninne i mars, og. Eg liker å kjenne meg vaksen. Men når regningane kjem, får eg eit alvorsdrag over andletet og kjenner at eg forstår kvifor vaksne stressar. Eg kan gange den eine regninga mi med ti, og så har eg økonomiske problem. Og eg har ganske høg inntekt, faktisk.

Eg er vaksen. Eg går på jobb, eg har nettopp fylt atten, og eg drikk øl på brygga med vener. Få ingredienser, men det er som mange seier at ein lærer så lenge ein lever. Lista mi over vaksne ting har nok vekse betrakteleg neste år. Berre vent.

Dette blei eit blogginnlegg om å vere vaksen. Men det er faktisk godt å vere det. Neste år er eg russ, då går eg tilbake til ungdomsskulen igjen i sytten dagar; skøyarstrekar, drikkeleiker og barnsleg glede over å vere ansvarslaus berre litt. Kanskje kjem eg til å trenge det. Kanskje kjem eg til å vere dritt lei av å vere vaksen etter eit år med regningar, masse ansvar, husarbeid og gutar i tjueåra. Men akkurat no er det kjekt, og eg har tenkt å nyte det. No er innlegget ferdig. Eg har putta stekt ris med karrisaus i mikroovnen. Eg har ikkje betalt han sjølv.

Posted in Dagens samfunn, Unyttig | 1 Comment »

Sint på samfunnet.

Posted by kanarifanari den april 14, 2008

Idag har eg funne ut noko nytt, grunna reflektering gjennom eit halvt år. Eigentleg er Noreg fylt av folk som set seg sjølv høgt opp på ein påle. Eigentleg er me nokre sjølvhøgtidelege tullingar. I alle fall er eg det, det fann eg ut idag, ved middagsbordet. Over stekt sei og poteter diskuterte mor, far og eg folk som er sinte på samfunnet.

Eg er sint på samfunnet. Eg syns for eksempel det er kjempetullete at me har val i Noreg, når tjue prosent som stemte på det totalt motsette, sit og ikkje kan bestemme ein drit i fire år fordi det var fleirtal av dei blå. Eg syns me skal få orden på bussane snart, for bussjåførane er kranglete og slitsomme, og kjørar som svin.
Verst av alt; eg syns det er reinspikka idioti at eg, som jobbar kjempehardt med skulen, skal lide fordi ei i klassen ikkje greier halde seg unna facebook og youtube i timane. Eg treng dei fem minutta med youtube-filmar i timen, og blir irritert når eg får kjeft for dei fem minutta når ho sit der ein heil dag og knotar.
Eg syns det er superkjipt at folk måtte betale masse i skatt for at nokre operaentusiastar skulle byggje eit dritstort bygg som dei kan synge mongosangar i, og eg blir irritert av å sjå på folk som endar på sosialen fordi dei aldri jobba det lille ekstra og ga faen i skulen.

«Meld deg inn i eit politisk parti», seier mor. «Dei har masse bra for ungdommane, og eg trur du hadde passa inn.».
«Pft, mor», seier eg. Det hadde jo krevd arbeid. Eg har festar, eg har vener, eg har hund, TV, datamaskin, søsken, barnepassing – Eg har rett og slett ikkje tid. Og der skjedde det. Der tenkte eg tankane som gjer meg uberettiga til å klage på noko som helst. Eg har alle verdas moglegheiter til å gjere noko med dette samfunnet eg synest er så korrupt, men eg prioriterer det ikkje. Og eg er sjølvhøgtideleg, når eg ikkje klarar å sjå at dei som ikkje klarar seg så godt i samfunnet, må ha hjelp, og at eg faktisk må hjelpe til.

Så eg kan skrive alt eg vil om narkomane, alkoholikarar, uteliggarar eller andre som slit – Men for å kunne klage, må eg i det minste gjere ein innsats. For eg blir kvalm av meg sjølv når eg ser alt det eg er irritert på kontra det eg har gjort for å ordne litt på det. Det er null, zero, eg kunne like greit berre gitt faen.

Posted in Dagens samfunn | Merkt: , , | Leave a Comment »

Meg og ein valp – Del III (ordlaust og tafatt)

Posted by kanarifanari den februar 23, 2008

Eg har ikkje skrive i denne bloggen på ei stund, og det er ganske synd – Men eg har vore for opptatt. Som dykk kanskje veit, har eg fått ein valp. Og sidan eg er sliten mamma og sånn, så vel eg å berre leggje ut nokre bilder. Dei bør tale for seg sjølv. Eg ventar masse sympatikommentarar og sånn. Eg er for ung til å bli mamma. :sukk:

dsc00207.jpg

dsc00252.jpg

dsc00251.jpg

Posted in Unyttig | Leave a Comment »

Sorg

Posted by kanarifanari den januar 16, 2008

For nokre år sidan døydde katten min. Ei vakker blanding av rakkar og kosepus, grå og kvit over heile og tjukk, lang pels. Han var min, og kvar gong eg var lei meg forstod han det. Då eg fekk vite at han var død, raste verda mi saman. Ei lita stund. Så gjekk det over.
Eg trur det gjekk opp for meg då. At ein kan myste nokon ein er glad i, utan å vite det kan det skje – Og det har skjedd. Det hadde ikkje skjedd naboen min, eller nokon på skulen, men meg. Døden var kome nærmare meg.

Likevel var eg ikkje forberedt då eg i desember fekk vete at tanten min var havna på sjukehus med slag. Fem slag hadde ho hatt, og ting såg stygge ut. Då gjekk det opp for meg. Dette kunne hende menneske og – Og ikkje berre i andres familiar, men i min. Eg sørga. Græt, og lot meg sjølv få lov til det. Det føltes naturleg då, og det føltes godt når eg fekk spørsmål om korleis eg hadde det. Og etterkvart var eg klar for å reise på besøk.

Me sat i bilen. Eg gleda meg, tenkte at no når tante var på heimebesøk var ho nok oppegåande igjen. Me ringte på, og døra opna seg. Det eg såg då kjem eg ikkje til å gløyme. Ho måtte støtte seg til onkel, og såg me eitt auge på oss. Hilste med eit smil. Dette var eg ikkje forberedt på. Dama som alltid i mine auge har vore spretten, systera til pappa, oppegåande, smilande og serverte oss krumkaker i juletida – Var plutseleg så redusert.
Det var vondt å sjå på. Og det gjekk opp for meg at ein ikkje blir den same etter eit slag. Eg var sint, sint for at noko slikt kunne skje med ei som var så snill. Tanten min. Kjære, snille tanten min.

Sorga over tante var ikkje borte, men forsvant litt etter litt, dag etter dag. Ho har det betre no, bor på sjukeheim og får jevnleg besøk av mange. Ho har kome seg betrakteleg, og tjuvtrenar på å gå.

På måndag kom eg heim frå skulen. Hadde mykje å fortelle frå skuledagen min. Eg såg mor sitte på kjøkenstolen. Ho såg alvorleg ut, men eg oppfatta det ikkje.
– Me har hatt eitt slag til i familien.
Eg såg på ho. Såg på far. Det var bestemor. Ho låg på sjukehuset, og dei hadde nettopp fått vete det.

Kanskje eg ikkje hadde snakka nok om det, kanskje eg enno hadde dødsangst, men no var han i alle fall tilbake igjen. Eg var redd. Redd for mamma, redd for pappa, redd for heile familien. Eg har aldri hatt noko spesiell kontakt med bestemor, men det var så nær familie. Det kunne skjedd kven som helst, men no hadde eg fått det rett i trynet. Igjen. Så urettferdig det kjendest.
Dagen etter var eg på plass på skulen igjen. Det var den verste skuledagen eg hadde hatt – Eg var stille og tenkte berre på alt som hadde skjedd. Eg måtte seie til lerarane kvifor eg ikkje hadde gjort leksene, og samtidig konsentrere meg om ikkje å gråte. For eg ville ikkje det, gråte kunne eg gjere når eg kom heim. Det var rom for det der.

Det har gått to dagar sidan no, og me skal besøkje henne snart. Eg slit framleis med litt dødsangst, men eg har tru på at den vil gå vekk. Eg veit at livet må gå vidare, at alt eg kan gjere er å støtte meg sjølv og familien min igjennom enno eit slag. At eg alltid kan snakke med mamma, pappa eller søstrene mine om det. Og at når det er over, når bestemor og har det bra igjen, kan eg la meg sjølv sleppe taket på sorga, og tanken på at livet eingong kan ta slutt.

Posted in Unyttig | 7 Comments »

Staff har verkeleg gjort det igjen

Posted by kanarifanari den januar 13, 2008

Etter sin heilt på trynet-uttaling om krisesenter for kvinner, har Staff no gått ut med predikantkjeften igjen. Eg likar han ikkje. Det har eg aldri gjort. Men dette, dette tek verkeleg kaka.
Saken: Lommemannen er tatt, og Tor Erling Staff, selverklært motstandar av det som er politisk korrekt, seier at «om unge gutter tukler litt i en voksens lomme er da ikke skadelig.».

Dei studerer tydelegvis ikkje psykologi i advokatstudiet, og har dei gjort det, har ikkje denne mannen fulgt med. Han er riv ruskande gal, eit levande eksempel på dumhet og ein som tydelegvis får ein glede av å kaste bibelen på bålet.

– Man må se proporsjonen i forhold til politiets reaksjonsmåte. Det er skapt et hysteri i forhold til slike saker. Jeg er klar over at det er straffbart og at det er «gæernt», men reelt sett er ikke dette alvorlige forhold, mener Staff.
Dette er alvorleg. I aller høgste grad. Berre fordi han som tolvåring likte å grafse på eldre menn (les: I biografien til Staff, som kom ut for to år siden, omtaler advokaten hvordan han som 12-åring hadde sex med eldre menn.), gjer ikkje normale ungar det. Eit barn vil føle dette som ein krenkelse, og som eit brudd på sine grenser. Han måtte jo lokke dei for ein grunn!

74-åringen hevder barna umulig kan ha tatt skade av de seksuelle overgrepene de er utsatt for.
At ein høgt utdanna mann med så mykje livserfaring kan seie slikt og framleis behalde yrket sitt med stolthet, forstår eg ikkje. Alle veit at dersom noko skjer med eit barn, og barnet opplever dette som ubehageleg, ekkelt eller overtramp, vil barnet ta skade av det og mest sannsynleg i eit slikt tilfelle oppleve å få traumer.

Lommemannen har begått over 150 overgrep. Han har vore over heile landet. Han har lokka småbarn til å ta hånda i lommen sin, kor han har laga hol, og dei har endt opp med å gi han seksuell glede. Han er syk, syk, syk. Det er såvidt eg vil ha han i bloggen min. Og langt mindre herr Staff. Han har ikkje eit normalt forhold til nokonting, og når han kjem med slike uttalelsar som angår både sinte og opprørte foreldre, usikre barn og i det heile tatt heile Noregs befolkning – Ja, då har han ingenting å gjere i yrket sitt. Han er respektlaus som kan kome med slikt så tett oppi mange foreldres mareritt.

Eg hadde vore ein flau, flau arbeidsgivar, og eg hadde sunke i bakken om eg hadde vore i familie med han. Langt mindre ville eg blitt sett på samme butikk, eller stått bak han i kø på kino. Eg eier ikkje respekt, aksept eller noko anna enn sinne når det gjeld den mannen.

Posted in Dagens samfunn | 1 Comment »

Lisa på ball

Posted by kanarifanari den januar 13, 2008

Eg har vorte fleirkulturell. Eg har fått gleden av å henge med ein masse fulle ungdommar som hoiar, danser og klengar på kvarandre. Eg har sett håndjern i aksjon og sinte vaktar, eg har spist snacks frå bar og sett neonlys i funksjon med røykskyer. Eg har vore på ball.

Det var forrige torsdag det braka laust. Eg hadde kjøpt kjole. Han var ganske fin, og. Svart med glitterbrosje framme, sånn heilt enkel. Eg hadde på meg hot-chick-støvlettar som mamma, pappa og eg hadde leita to dager og betalt nærmare 2000 for. I håret hadde eg eit tonn med spray, og det låg ein halvtimes føning bak frisyren. I andletet hadde eg prinsipielt ingen brunkrem, men rouge og ein god dæsj eyeliner i harmoni med to øyeskuggar. Øyenbryna var greidde og såg filmstjerne-aktige ut. Synst eg sjølv. (Treng eg å nemne at då eg kom heim ligna dei på ein stormfull sjø?)

Då eg kom fram, stod eg i kø. Lang kø. Masse folk som snakka om at «nå måtte dei skjerpe seg, for hvis vakten såg pupillane deira var det over og ut med ballet i år». Det var kaldt. Eg stod på brostein som var glatt av regn, med støvlettar med hælar så høge som skyskraparar.
– Få sjå veska di.
Åh, eg var framme. Eg såg på vakten.
– Eg har ikkje drukke, og du kan rote så mykje du vil i veska.
– Du får opne han sjøl.
Usikker på om det var alkotest på lik linje med «Gå i ei rett linje på fortauet» tumla eg meg til å lirke opp glidelåsen. Nervøs. Eg skalv under skjørtet. Eg hadde faktisk ikkje drukke. Med røyken i kjeften stakk han ei lita lommelykt nedi.
– Greit.
Var det så lett? Å herregud, var eg så nervøs for så lite?

Inn. Inn blant alkoholstanken, og musikken som ein kunne høyre heilt inn til den innerste kroken på dass. Inn til alle dei som stod i kvar sin gjeng og lo. Var kule og sånt. Sånn som ein ofte er i første klasse på vidaregåande. Det er sånn som går over når ein kjem i andre. Av alle inntrykk eg kunne tatt over meg her, var det aller første inntrykket mitt: «Shit. Strømpebuksa. Eg må dra han opp. Toalettet neste!»
Eg kunne sjølvsagt ha vald å prøve å få han til å sitje uten å lage skraper i han, men det var ikkje så lett.
– Jævla falske negler.

Så ut igjen. Måtte røyke. Venta på venninnegjengen. Dei sat på bussen. Hadde ingen pappa som kunne køyre. Eg var heldig. Så kaldt, så kaldt. Avventande. Eg stod der med røyken i kjeften, såg på dei søte gutane i dress og håpte dette kom til å bli fint.

– Mareeen! Hey!
Der var dei. Ein etter ein kom dei stavrande ned bytrappa med høghelte sko. Eg lurte på om dei gjorde like vondt som mine eigne. Og om det var slik et ball var for femti år sidan.

Inn. Og opp. Opp til musikken, baren og dei svette folka som dansa tett uansett om dei kjende kvarandre eller ikkje. Me blei sjølvsagt med. Det hadde ikkje tatt seg ut å setje seg ned der, var berre rom for å danse. Og det var kjekt. Kjempekjekt.

Riiing, riiing. Uu bæibi it’s allrait… Mobilen min! Eg rakk han ikkje. Såg kven som ringde, så gjekk eg ut for å kome dei i møte. Der stod dei, i dress og med burgerking-krone. Ekte andreklasse-stil. Eg lo. Dei lo. Og så blei det delt ut klemmar. Eg lurte på om eg utnytta dei, sidan eg var den einaste edru. Så gjekk me inn.

Me dansa, slappa av i baren, hilste på venners venner og spiste chips. Eg såg på klokka.
– Eg må stikke, klokka er halv ett! Far skulle hente meg då. Me snakkast.
Så klemmar igjen. Tenåringar heilt svette av dansing som held rundt kvarandre etter ein finfin kveld.

Ut i regnet. Pappas bil køyrde heilt til døra. Inn i bilen.
– Faen, så vondt beina gjer!
– Ho, ho. Har du hatt det kjekt?
– Supert! Eg vil ut på byen igjen i morgon.

Posted in Unyttig | Leave a Comment »

Å vere nokon

Posted by kanarifanari den januar 7, 2008

Dette veit eg eg har skrive om før, men det blir som is på ein sommardag eller Kvikk Lunsj og kakao om vinteren – Eg blir aldri lei.
Fordi det betyr så mykje for meg, dette. Det er jo normalt, eg er jo tenåring og alt.

Kva vil det seie å vere nokon? Er dette avhengig av språk, religion, fødestad, kva arm du kvilar på når du søv eller korleis du likar maten? Har det noko med sosial eller økonomisk status å gjere?
Er det å «vere nokon» å vere kul, hipp og trendy – Ha dei siste kleda og dei siste smykkene, den flottaste sminken og dei lengste beina?

For meg handlar det om det som er inni deg. Og ja, eg veit dette er så klisjè at det kan lesast saman med Miss World-talane, men det er viktig. Det er viktig å setje pris på dei som er rundt deg, dersom dei gjer noko bra for deg og tar imot når du gjer det samme. Kan du ikkje det, så er du ikkje nokon.

Posted in Unyttig | Leave a Comment »