Hummar og kanari – på høgt plan

Reflekterande greier skrivne på nynorsk.

Ananas og andre bananer

Posted by kanarifanari den februar 8, 2007

Eg sit foran PCen med favorittmusikken på øyra og konstante pipelydar frå MSN mens eg les ein populær diskusjon på ei side eg er innom minst ein gong i veka. Den handla rett og slett om menneskes relasjonar til ein svært så god og sunn frukt, ananasen. Og sjølv om det er eit skikkeleg teit ord det er lett å putte for mange an-ar på, så er det faktisk noko av det beste eg har lese på lenge.

Medlemma legg ut om både det eine og det andre settet dei har fortært denne gulsure frukta på, og dette gjer dei med ei innleving herfra til månen. At det går an, spør eg berre.

På den annan side, er det faktisk akkurat slikt eg likar å lese. Fordi slikt kan vere så inni granskauen teit, men samtidig verdt å lese, og morosamt som få. Det er undervurdert humor, dette, og eg les og les til gliset står av seg sjølv og tårene sprutar ut augo.
Det høyrer sjølvsagt med til historia at eg har, heilt sidan eg var stor nok til å ete anna enn morsmelk, vore steikje glad i ananas. Ananas i boks, ananas på pizza og ananas rått på laurdagskvelden. Eg kan innrømme at eg set meir pris på ein god ananas enn eit eple. Eple står på sett og vis for kortvarig glede, mens ananasen gjerne kan vare lenge, og i tillegg har ein skikkeleg svie i kjeften lenge etter å ha spist det. Gleda er ikkje lenger kortvarig, folkens – Og vi prisar anananananasen!

ananaaaas.jpg

Advertisements

2 kommentarar to “Ananas og andre bananer”

  1. Mathilde said

    Hurra for en god ananas og svie i kjeften. Det er virkelig en høydare på en ellers sur og kald vinterdag.

  2. Du tok poenget mitt, kjære deg.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

 
%d bloggarar likar dette: