Hummar og kanari – på høgt plan

Reflekterande greier skrivne på nynorsk.

Converse-sko på topp igjen

Posted by kanarifanari den februar 8, 2007

Hurra! Endeleg har dei blitt verdsett igjen, desse skoa som eg alltid har likt kjempegodt. Etter ein skikkeleg høgde på åttitallet er dei no tilbake for fullt, både på store og små. Eg går på vidaregåande, og aldri har eg sett så mange fine sko samla på ein stad. Det er sjølvsagt sjarm med desse skoa, og sjølv om dei er ordentleg simple og enkelt designa har dei ein prislapp på fra 500 til 1000 kroner. Dette gjer at det nok ikkje passar å kjøpe fleire par om gongen, slik eg gjerne ville gjort dersom ikkje lommeboka mi var like tom som eit badebasseng på vinteren.

Javisst er dei flotte, og dyre som få. Dei har såler så tynne som papir, og skosnorene dett frå kvarandre etter ei veke. Men dette er sjarmerande, er det ikkje? Sko som går oppover leggane og er dekka med vatn etter å ha blitt uvetta brukt i snø, og skosnorer som ser ut som dei kjem til å la skoa dette frå kvarandre når som helst. Spesielt sjarmerande er det med skinntuppen som vanlegvis brukar være fylt med drit. Sjølv om ein går vidaregåande, er det ikkje mogleg å unngå søle ein gong ibland. Og det blir ikkje lettare dersom ein traskar med det same paret over eit halvt år. Noko som er fullt mogleg og veldig vanlig, ifølge ungdomsforeskriftene eg sjølv har skrive, ut frå eigne erfaringar (in stores NOW.).

Men likevel elskar eg dei. Eg, og ein haug andre ungdommar som traskar rundt i desse lavmåls-skoa som om dei var eit par Ecco Receptor. Eg har no gitt frå meg mine til hylla, då eg her om dagen kom til å traske i ein mega-snøpytt. Det var siste gongen eg lot vere å høyre på mamma angåande sko, i alle fall! Eg får ta dei fram att når bakken ikkje er full av halvlagt snø og klumpar med drit og møk som samlar seg i dei bittesmå hola skosnorene liksom skal vere festa i.

converse-shose.jpg

Advertisements

2 kommentarar to “Converse-sko på topp igjen”

  1. Mathilde said

    Eg ser. Dette kan ikkje vera lett for deg.

  2. Neimen om det er lett! Eg skal forøvrig snart kjøpe nye. Håpar ikkje mor mi tar heilt av då.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

 
%d bloggarar likar dette: