Hummar og kanari – på høgt plan

Reflekterande greier skrivne på nynorsk.

Cola på laurdagar my ass

Posted by kanarifanari den februar 9, 2007

Som vanleg legg eg innlegget i kategorien «unyttig». Eg kunne likevel tenkje meg å bytte til ein meir passande tittel, som «Unyttig, men sant» eller «Unyttig om kvardagens under». Men det er for langt, og eg er for lat. Det får bli ein annan gong.

Innlegget her handlar om Cola, og foreldres forhald til denne koffeinbomba. Eg skriv av eigne, nokså nylege erfaringar når eg seier at eg blir møkka irritert når eg blir forboden eit glas iskald Coca Cola på fredagskvelden. Det er som om ein del av meg forsvinn, og eg kjennar at mørket sig etter meg idet eg med eit sukk forlet rommet. Ein fredagskveld utan Cola er som ein sommardag utan sol (som er nokså vanleg dersom ein er født og oppvokst på Vestlandet), ein PC uten The Sims 2 (igjen ganske sannsynleg, med tanke på at datamaskinar kan få eit farleg og lumskt virus), ja, ein kaffiskvett utan koffein (dei har visst det og, no.). Og no er eg så heldig at eg altså både bur på vestlandet og har hatt virus på datamaskinen som har ødelagt min tilgang til The Sims 2 for alltid. Kaffi likar eg ikkje uansett, det var eigentleg berre fordi eg meiner alle gode ting er tre.

Men for all del, Cola er ikkje sunt, og det anbefalast berre ein gong i veka eller mindre. Eg prøvar så å argumentere med at «Jammen, hvis eg drikk litt idag drikk eg kanskje mindre i morgon?». Det der trur eg ikkje på sjølv, eingong. Deretter prøvar eg eit mektig oppbrukt triks, om ikkje litt unyttig i slengen: Å vere pottesur, sjølv om dei prøvar å føre ein normal samtale. Dette resulterer som regel i at eg ikkje klarar halde kjeft, og byrjar å snakke om kva eg har gjort tidlegare på dagen eller andre ting som kanskje kan sjekke kor eg sit hen i båten som nett haldt på å kveltre.

Eg vonar at Cola bør bli innfridd også på fredagar. Uansett kor usunt det er, er det ei utruleg oppmuntring på kvelden etter alt stress og mas og gymtimar. Det gjer meg ei helgekjensle, og det er synd og skam å utsettje ei så god kjensle til laurdagen. Då er det berre søndagen att. Det er jo verkeleg yndlingsdagen min. Det brukte kanskje å vere det før, for då var det den offisielle dagen som blei brukt til å spise opp godteriet frå laurdagen. Det får eg forresten heller ikkje lenger.

coca-cola.jpg

Advertisements

Sorry, the comment form is closed at this time.

 
%d bloggarar likar dette: