Hummar og kanari – på høgt plan

Reflekterande greier skrivne på nynorsk.

Kolumbus – Ofte det treigaste

Posted by kanarifanari den februar 9, 2007

Det er morgon, og eg står som vanleg på busstoppet og ventar. Eg er forberedt der eg står, med hendene godt lunkne i eit par slitne hanskar, heimestrikka lue og ein tre-lags fleecejakke som skal toppe heile driten. Eg veit at bussen kjem for seint, men det er aldri godt å vite kor sein han blir. Og kvifor han alltid er så sein, kjem eg nok aldri til å få vite. Dei bussjåførane er jo så løyndomsfulle om alt, veit du.

Der kjem han. Han tek seg god tid, kjem gjerne ti meter bak dei andre bilane, og når han endeleg er framme, glisar han bredt. Akkurat som om han er stolt. «Eg brukte berre tre minutt ekstra denne gongen, beat that!», liksom. Og eg set meg på bussen saman med masse andre bygdeungdommar med Koss-høyretelefonar og vindjakkar. Eg set iPoden på fullt og held eit fast blikk på klokka som allereie er blitt 07:20. Om åtte minutt skal han vere framme.

Tida går, og bussen slepp ut og inn nye personar på sin tydelegvis lange ferd inn mot neste faste stopp. Han glisar og er i godt humør, og eg undrar inni meg om han i det heile ser litt på klokka iblant. Dersom han hadde gjort det, hadde han kanskje rødma litt framme i setet sitt – Det burde han i alle fall gjort.

Så er me framme dit eg skal, og eg mysar ut skitne bussvindauge for å sjå om dei faste som skal på bussen min står der. Det gjer dei sjølvsagt ikkje. Det er tomt, det blæs og det er iskaldt ute. Eg, i samarbeid med nokre andre på bussen, blir sitjande til neste stopp. Så er det berre å håpe at den glisande, naive bussjåføren kjem fram i tide. Eg tenkjer masse onde tankar inni meg mens iPoden ljomar i øyrene, men eg seier ingenting høgt. Eg trur ikkje han køyrer fortare av kommentarar som «Helvetes dumme bussjåfør, han kan henge seg på ei kvit stong i januar!», men dersom dette held fram utover året vil eg kanskje vurdere å prøve likevel.

Me glor iherdig ut av lekre, uvaska vindauge på jakt etter ein stor, grønn skapning med mange lys og ein teikna mann med raudt hår utanpå. Det ser mørkt ut, men me helg utkikk. Nei, vent! Er det ikkje bussen vår som bestemte seg for å ta seg ein tur likevel? Kjem han til å vente, kanskje? Kan me klare morgonmaraton idag?

Bussen stoppar, og me stormar ut. Bussdøra er berre eit par meter vekke frå oss, og me kan formeleg kjenne lukta av svette, gamle menn og parfymerte, unge jenter. Motoren dundrar baki der, og me kjenner ein stor trang til å kome oss inn idet me kjenner temperaturen. «Eg trur eg døyr hvis eg må bli sitjande å vente på neste buss», rekk såvidt eg å tenke før eg hastar meg iveg på glatta. Det er om å gjere å ta han igjen før bussjåføren er ferdig å sleppe inn folk. Det ser ganske lyst ut likevel, så me tek det med ro dei siste metrane. Akkurat idet lysar bussen ut mot veien, og svingar. Alle blir ståande på busstoppet med eit lettare irritert sukk. Samtidig kan eg ikkje la vere å merke at alle tar opp mobiltelefonen og tastar i vildens sky. Eg tippar meldingane ser noko liknandes ut som dette: » Jævla hore buss sjåfør, han er så jævlig teit i huet sitt og kan brenne på svak varme! Nådde du din buss? Koz å klemz».

Tre kvarter seinare kjem neste buss, og eg kan setje meg på i håp om å kome maks ein halv time for seint til skulen. Hadde det berre vore så vel.

bussen.png

Advertisements

Ei tilbakemelding to “Kolumbus – Ofte det treigaste”

  1. Elin said

    Alle busser skulle blitt brent på svak varme 😉

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

 
%d bloggarar likar dette: