Hummar og kanari – på høgt plan

Reflekterande greier skrivne på nynorsk.

Gammal musikk – Like god som ny?

Posted by kanarifanari den februar 10, 2007

Når eg no sit og høyrer på ein av mine favorittsangar (Crash Test Dummies – Mmm Mmm Mmm), kjem eg til å bla igjennom lista med musikk på datamaskinen min. Og til mi store overrasking kan eg sjå at veldig mykje er gammal musikk! Men kvifor det, eigentleg? La musikarane meir arbeide inn i sangane før i tida, eller er det rett og slett litt nostalgiske kjensler ute og går?

Her er eit par av dei gamle sangane eg har liggjande innpå iPoden (dei ulike sangane med same artist er skilt med skråstrek):
Alice Cooper – Black Widow/Poison/Bed of Nails
Freak Nasty – Da Dip
MC Mario – King of my castle (ahhh, gammal, god techno)
Smashin Pumpkins – Landslide
Jock Jams – Pump up the jam
Papa Roach – Getting away with murder/Take me

Eg kunne fortsett med å liste opp slik til i morgon, men eg vel å avslutte mens leiken er god. Og så spør eg igjen: Kvifor er gammal musikk like god som ny?

Det må jo vere ein slags trend å gå tilbake til gammal musikk, i alle fall er det slik eg ser på det. Når eg sit på bussen og nokon har musikken så høgt at alle som sit i bussen kan høyre det, legg eg ofte merke til at artistar som Pink Floyd, Iron Maiden, Papa Roach og annan gammal techno er kjempepopulært. Det er hipt å vere gammaldags i musikksmaken, også i klasserommet. Der går det no for tida i Michael Jackson og andre kjempedyktige artistar. Det er merkeleg at me no, som det produserast musikk som aldri før, lenar oss tilbake med musikk som og kom ut på venyl og var kjempepopulært for mangfoldige år sidan.

Eg må berre innrømme at eg synst gammal musikk er like bra som noko av det nye, men min musikksmak er svært variert. Eg kan høyre på Britney Spears, òg, hvis ho nokongong kjem ut med ein bra sang. Artisten betyr ikkje mykje for meg, i alle fall ikkje inntil eg ein dag finn ut at eg liker mesteparten av sangane. Og hvis tekstane i tillegg er djupe, kan eg kome på å søkje meg rundt på google etter informasjon. Det er, trass alt, litt morosamt å kunne fortelje litt om bandet/artisten ein høyrer på. Slik som Marilyn Manson. Eg har hatt to framføringar der eg fortelde om alt frå hans religiøse overbevisning til korleis barndomen hans var, det er fordi hans liv interesserer meg litt. Han er ein spanande artist, og no har eg lest ferdig ei bok som berre er fylt opp med sitater av han. Der er det mykje interessant, blant anna kan han fortelje at han ein gong sniffa Sea-Monkeys fordi han ville sjå om dei vokste til oppi hjernen. Boka er forresten ganske bra laga om ein ganske misforstått mann, og den heiter «Marilyn Manson (Talking)». No er ikkje dette «Bokbadet», men eg vil ta meg friheita å anbefale han, likevel.

mnja.jpg

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

 
%d bloggarar likar dette: