Hummar og kanari – på høgt plan

Reflekterande greier skrivne på nynorsk.

Litt om gode vener

Posted by kanarifanari den februar 11, 2007

Eg har no, i løpet av mine 16 år, vore innom omtrent alt av vener. Vener som trur dei er min besteven etter ei veke, vener som snakkar om meg bak ryggen min, vener som er egoistiske som få og gir meg lyst til å hoppe utfor terrassen og vener som dei eg har no; eit godt utval vener som alle har dei viktigaste eigenskapane ein ven kan ha: Dei er flinke til å lytte, flinke til å fortelje, dei er ærlege og støttande.

Alle har hatt dårlege vener. Vener som gir blanke i korleis ein har det, og eigentleg berre kallar seg venen din så dei har enno ein å fortelje om fantastiske ting frå sitt eige liv. Eg har framleis eit par igjen av desse, men eg er ferdig med å vere bitch. Det er så mykje viktigare ting i livet, eg vil ikkje konsentrere meg om det negative lenger. Men vener er faktisk viktige å ha, og det er viktig å ha forskjellige vener.

Og sjølv om ein kanskje ser tilbake på eit par vener og tenkjer «Kvifor i helvete blei eg vener med denne personen?», så er eg av den trua at alle som kjem inn i livet vårt på ein eller annan måte er der for ein grunn. Eg er svært enig med meg sjølv om at vener eg hadde då eg var lita jente og gjekk i barnehagen har vore med på å forme meg til den eg er no. Og me held jo fram med å forme oss meir og meir, så på ein måte så er det viktig at ein har slike folk gjennom heile livet sitt.

Eg har hvertfall lært mykje av mine vener og eks-vener. Eg lærer framleis, òg. At det er like viktig å lytte som å fortelje om seg sjølve, at ein ikkje nødvendigvis treng å fortelje så mykje om sexlivet sitt (dersom ein har eitt), at det er toppen av idioti å prøve narkotika og at det moglegens ikkje er lurt å treffe fyrar fra nettet. For meg er livet ein slags «Watch and learn». Eg lærer av andres feil, såvel som mine eigne. Ikkje minst har eg lært viktigare ting, som at det er viktig å vise omsorg, eg har lært «10 ting man ikkje seier til vener med hjartesorg», og eg har lært at det er like viktig å ta som å gi.

Alt dette lærer ein av å vere ute på livet, skaffe seg vener og miste nokon av dei. Det same gjeld forresten og eksar, men det går eg ikkje inn på.

olebrumm1.jpg

Advertisements

Ei tilbakemelding to “Litt om gode vener”

  1. Mathilde said

    Ja, hva er vel livet uten venner.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

 
%d bloggarar likar dette: