Hummar og kanari – på høgt plan

Reflekterande greier skrivne på nynorsk.

Kanarifletta av/bekrefter Oslo-mytane

Posted by kanarifanari den februar 16, 2007

No har eg vore på kortvisitt i Oslo. Eller; eg veit ikkje kva som definerer kortvisitt. Den var i alle fall ikkje særleg lang.
På den tida har eg lært følgjande (og nei, eg kjem ikkje til å ramse opp kva eg åt, kva eg fann på eller noko slikt. Dette er eit platonisk innlegg):
– Trikkar er svært valdelege. Ein kan ikkje stå oppreist utan å ha noko å halde seg i, og ein skal helst passe på at det ikkje er noko ein kan dunke trynet i innanfor minst fem meter rekkjevidde. Fyste gongen ende eg opp i fanget til ein engelskmann. Han tok det pent, og smilte berre. Det var eg evig takknemlig for, der eg reiste meg opp igjen og spelte kul med femten kilo tyngde på den eine skuldra.
– Karl Johan er like fint i mørket. Nesten koselegare. Ein får ein slags Jul i Skomakergata-feeling, som jo er bra, sjølv om det ikkje er jul. Og det er til og med antydning til snø. Det forsterkar berre kjensla.
– Dei som plasserte butikkane rundt omkring, hadde nok kost seg litt med schnaps først. «7eleven då?» «Tja, litt her og litt der? Kan me ikkje berre ha ein på kvart hjørne?» «Nei, det held med Narvesen.» «Ok, litt her og litt der var betre.» Eg gir meg ende over.
– Det er hyggelegare å ete ute i Oslo. Det finst fleire kafèar å velje mellom, og dei er meir tilrettelagde for ein kulinarisk opplevelse.
– Det er ikkje berre ei myte, dette med uteliggjarar i Oslo. Men dei gjer mykje mindre av seg enn eg har fått inntrykk av.
– Butikkane er fleire, kjøpesentra kjem i fleng og det er mykje fleire bra butikkar der. Butikkar som Bikbok og H&M er greie, men i moderate dosar. Her er det mykje fleire kosemerker, slike som Converse (gud skal vite eg trossa alle fotspesialistar og kjøpte meg eit par) og merker som til og med normalt feite folk kan kome seg inn i. Det er ei skam å kunne gå på eit kjøpesenter her heime og heilt ærleg vedkjenne seg at ein ikkje fant noko ein likte.

Det var vel det. Eg kunne ha lagt ut om diverse museer og slikt, men akkurat no freister det like mykje som vaffel med makrell i tomat.
os04max.jpg

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

 
%d bloggarar likar dette: