Hummar og kanari – på høgt plan

Reflekterande greier skrivne på nynorsk.

Skrekk o» gru!

Posted by kanarifanari den februar 18, 2007

Nett no hadde eg nokre vener på besøk, og som vanleg stod eg for underhandling. Då det ikkje er heilt min ting verken å løpe naken rundt huset, skrike «HEIA VIKING» mens eg hoier og ler eller å danse på bordet for utadæsjælopplevelse, valde eg det vanlege og kanskje litt keisamme: Å leige film.

Og alle som kjenner meg veit at skrekkfilmar er eit stort faktum og særdeles foretrukke av meg når eg går på jakt etter noko å leie. Slik var det også denne gongen, og eg ende opp med to filmar som var heilt motsette av kvarandre når det kom til kritikk. «Silent Hill», ein skrekkfilm laga etter eit spel, har fått dårlege kritikkar i media. Og «The Hills Have Eyes» appellerte sjølvsagt til meg ikkje berre for god kritikk, men også for store, raude bokstavar som fortalde meg at det var ein UNRATED VERSION!!!. Det hjalp ikkje at denne versjonen ikkje hadde fått lov til å bli vist på amerikanske kinoar, då den var såpass skremmande og fæl som den var.

Som alltid har eg eit spørsmål, ei problemstilling… Og dagens problemstilling kom til meg i form av «Kvifor er det nødvendig å provosere for å lage skrekkfilm?». Mens eg stiller dette spørsmålet, tar eg eit dykk i mitt eige skrekkfilmarkiv. Det er sjølvsagt eit arkiv som er ganske velfylt med tanke på kor mange skrekkfilmar eg har sett å årets løp. Og no byrjar dei faktisk å bli verre og verre. Dei trykkar på knappar eg aldri hadde trengt at dei trykka på, og dei gjer det berre verre og verre. Wes Craven, regissøren bak både «Hostel» og «Hills Have Eyes», har gjort ein strålande jobb med filmane. Men eg kunne faktisk klart meg utan heftige sex-scenar (kanskje annleis for vaksne, dette?), kidnapping av born under eitt år og avkutta fingre. Det siste er kanskje greit nok, alt det andre tatt i betraktning. Og der er eg på eit anna poeng… Den einaste grunnen til at «avkutta fingre» er kome så langt at det er greit nok, er fordi det er blitt brukt i mange filmar opp gjennom åra no etterkvart.

Kanskje det dermed vil bli slik i framtida, at kidnapping og andre ting vil bli verre og verre framstilt, og at ein til slutt får ein kynisk folkerase som ikkje reagerer om dei får ein babyarm slengt i andletet?

hills-have-eyes.jpg

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

 
%d bloggarar likar dette: