Hummar og kanari – på høgt plan

Reflekterande greier skrivne på nynorsk.

Forfengelege mobilar

Posted by kanarifanari den februar 21, 2007

Me er på 1980-talet, og det berre stinkar geni av fars nye mobiltelefon. Han har fått han på jobben, den veiger sikker 20 kilo og er like kompakt som ein høyballe på traktor uten hengar. Men det er ein av dei fyste, og far er stolt. Han er svart, med digre knappar og pitteliten skjerm. For på denne tida går samtalane på åpent radiosamband, det er manuell oppsetjing av mobiltelefonane. Far er lege, og det er anten legar, tjenestemenn, drosjesjåførar og journalistar som har ein ny og hipp mobiltelefon. Mobiltelefonen er til å ringje og sende tekstmeldingar med, og den har ikkje fleire funksjonar enn nettopp dette. No er mobiltelefonen eit symbol på ein person som er oppdatert og har behov for å vere tilgjengelig.

Året er 2007, og eg sit her og tastar på den nye mobiltelefonen min. Eg er ikkje rektig nøgd med han. Kameraet har ikkje så mange fargar og det er vanskeleg å ta bra bilder, han støttar heller ikkje MP3-sangar og han har ikkje så bra spel. Ikkje er eg særleg stolt heller, venninna mi har ein finare ein. Ein sånn Dolce-og-Gabbana-mobiltelefon. I gull. Han er fin, og av merket Motorola. Den støttar MP3-sangar. Det er urettferdeg at alle andre skal ha ein sånn mobiltelefon og eg ein sånn drittmobil. Mobiltelefonen er ikkje lenger noko symbol på ein person som er oppdatert, men ein er utdatert dersom ein ikkje har nokon mobiltelefon…

prada.jpg

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

 
%d bloggarar likar dette: