Hummar og kanari – på høgt plan

Reflekterande greier skrivne på nynorsk.

Hannibal Lecter på kino igjen

Posted by kanarifanari den februar 21, 2007

Etter tre suksessfilmar er no psykopaten Hannibal Lecter tilbake. No får vi sjå han på eit anna stadium enn dei andre filmane, faktisk drar filmen oss heilt tilbake til byrjinga. Og på trass av filmens elendige kritikkar, skal eg sjølvsagt sjå han. Det er jo Hannibal Lecter, mannen vi alle er fascinert av, men som samstundes får oss fysisk kvalm, og eg berre må få med meg den siste(?) filmen om han.

Sjølv såg eg min første Hannibal-film som… Vel, eg kan ha vore så ung som fjorten år. Då såg eg «Hannibal». Eg forstod ikkje så mykje, men eg hugsar eg likte filmen. Eg såg den same filmen for andre gong då eg var godt over 15 år, og då forstod eg han på ordentleg. Plutseleg var det ein av yndlingsfilmane mine. «Silence of the Lambs» og «Red Dragon» såg eg omtrent samstundes med andre gongen eg såg «Hannibal». Favoritten min av desse tre filmane er «Silence of the Lambs», og det er vel fordi eg er glad i psykologisk skrekk. Blod og gørr har aldri vore noko for meg, eg vil bli skremt, og det blir eg ikkje med mindre det er mykje psykologiske fakter i filmen. Deretter kan dei kanskje legge på litt blod, dersom det er så nødvendig.

Poenget mitt her er at Hannibal Lecter er ein av dei største filmkarakterane, og har vært det lenge. Anthony Hopkins skuffar ikkje akkurat i rolla si som psykotisk kannibal, heller. Sjølv har eg både «Hannibal» og «Red Dragon» ståande i hylla, eg har enno ikkje kjøpt «Silence of the Lambs». Men det kjem, for desse filmane er verkeleg bra.

silence640×1024.jpg

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

 
%d bloggarar likar dette: