Hummar og kanari – på høgt plan

Reflekterande greier skrivne på nynorsk.

Keisaren vil ikkje berre ha nye klær

Posted by kanarifanari den februar 21, 2007

Eg henvisar til det vg.no har skrive i dag, som gjeld Kong Haralds (gratulerer med dagen!) ønskjeliste til bursdagen. Dei skriv blant anna dette, for dykk som ikkje liker linkar så godt:

Øverst på ønskelisten av gaveforslag står et «forgylt empirespeil» til 22.000 kroner og «et par svenske speillampetter, rokokko, forgylt» til den stive prisen av 26.000 kroner.

NRK Hordland skriver at flere ordførere skal ha reagert på listen, som det nå viser seg hadde havnet i feil hender.

Stakkars, stakkars Kongen. Ja, no synst eg verkeleg synd på han. Først skal me harsellere litt rundt dette med at han er så nobel og ønskjer seg noko som kan kome til nytte for alle saman, men straks det er noko som antyder noko anna, er det på pletten igjen med utsagn som ikkje liknar grisen. For det fyste så har han allereie fått dronninga og HEILE kongeriket, så det kan han ikkje ønskje seg. For det andre, så er dette ingenting i forhold til Hollywood-kjendisanes ønskjeliste. Og for det tredje så har Kongen jobba hardt i mange år no, han har tjent landet sitt trofast og vore ein god konge. Kvifor skal ikkje han få ønskje seg ting av høgare prisklasse, når heile familien er styrtrik? Det er, trass alt, ME som er egoistiske som reagerer på denne ønskjelista. Eg veit ikkje kor mange av dykk som gjorde det, men det einaste eg reagerte på var «Var dette noko å skrive om?». Eg meiner han må få lov å ha si eiga ønskjeliste, berre ta ein titt på småungar (eller min) sine ønskjelister til jul eller bursdag. Ønskjelister varierer etter tre ting: Miljø, status (kor rik ein er, om ein er gift osv) og kva ein har fra før.

Med andre ord, hvis eg, 16 år som eg er og ikkje særskild rik, ønskjer meg det nyaste spelet til Playstation, sminke til fleire hundre kroner og alle skrekkfilmane eg ikkje har på DVD – Kvifor skal ikkje kongen, som både er gammal, rik og har tjent landet vårt trofast i mangfoldige år ønskje seg ting i sin eigen prisklasse?

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

 
%d bloggarar likar dette: