Hummar og kanari – på høgt plan

Reflekterande greier skrivne på nynorsk.

Oi. Bommert!

Posted by kanarifanari den mars 26, 2007

Eg trur eg må byrje med å gje meg sjølv eit offentleg spark midt bak, eg må skjemst. Og det gjer eg og, eg har sakna å skrive i bloggen min, men eg har berre ikkje funne noko eg ville skrive om. No tek eg mot til meg, og tek for meg eit par av dei siste sakane i eit lige blogginnlegg. Eg skal forsøkje å kome sterkare tilbake i morgon, for då har eg vore på BurgerKing. Kanskje eg endar opp med å skrive eit samandrag om smattinga til han på bordet bak? Det gjenstår å sjå i bloggen «Hummar og Kanari – på høgt plan».

For det fyste, metal-konsertanes miljø har gått vidare og tatt over fotballstadion. Denne gongen på Ullevaal. Og eg har aldri sett maken, det er rystande å sjå at vaksne menneske kan oppføre seg slik. Det visar ikkje berre kor stort nokon engasjerer seg i fotball, men og kvifor ikkje eg har fått lov å gå på lokal rockekonsert eingong (Sjølv om eg kunne ha hata deg, mamma, så gjer eg ikkje det. Berre vent til neste konsert, då kan du få sjå hat!). Ifølge Dagbladet eller VG heime frå stua mi igår, så var det heile faktisk ein reaksjon på det bosniske fotballforbundet. Snakk om å reagere! Omkring 200 vaksne menneske møtte opp igår berre for å lage eit levande helvete for dei som skulle spele kampen. Og så trur dei dei kjem nokon veg med dette?

Det som overraskar meg mest, er at det ikkje foregjekk kroppsvisitering. Det var trass alt ein stor kamp, og alle veit jo kor mykje engasjement nokon har for denne sporten. Men likevel kunne eg lese igår at fyrverkeri gøymd i trusene kom forbi sikkerhetsvaktane. Då kan ein spørre seg kor nøye dei er på vanlege fotballkampar. Fnys.

Ellers har eg fleire ting å ta opp på ein kveld som eg lagar eigne innlegg til.
fotball.png

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

 
%d bloggarar likar dette: