Hummar og kanari – på høgt plan

Reflekterande greier skrivne på nynorsk.

Den Kinesiske Mur – Nytt realityshow!

Posted by kanarifanari den mars 28, 2007

Her på laurdagen sat eg meg ned og var klar for helg. Snacks av alle slag på bordet (Kjære Gud, eg gløymde anananananasen), Cola med isbitar og fjernkontrollen plassert strategisk i kvar si hand. Det var tid for «Gretne, Gamle Gubbar» og «Birkebeinarane». Sjølv er eg veldig stor tilhengar, spesielt av sistnemnte. Det er til å pisse på seg av! Våre nye landsmenn tek på seg ski, eit stort glis og er klar til å setje utfor bakkar og berg utmed havet for tilslutt å gå Birkebeinaren. Eg legg til, for dei som er litt paranoide av oss og feiltolkar alt slikt, at eg overhodet ikkje er rasist. Det skal nemnast at eg ikkje hadde ledd like godt dersom ein haug nordmenn skulle reist ned til f.eks Kina og forbereda seg mot finale der dei skulle gå Den Kinesiske Mur. Kanskje ikkje HEILT same konseptet, men eg trur eg fekk fram poenget mitt.

«Gretne, Gamle Gubbar» er rett og slett ein gjeng på åtte middelaldrande mannfolk som skal prøve ut ting me unge gjer til dagleg. Eller noko sånt, eg har ikkje fulgt med på det sjølv om eg såg den eine episoden på laurdag. Det var i alle fall ganske morosamt.
Poenget mitt er, at i Noreg i dag holder det tydelegvis å lage eit realityshow der folk skal vere noko anna enn det dei er i eit par veker. Det er ein skikkeleg hit!
skimann.gif

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

 
%d bloggarar likar dette: