Hummar og kanari – på høgt plan

Reflekterande greier skrivne på nynorsk.

Kanarifletta blar i høgtidstradisjonar

Posted by kanarifanari den mars 28, 2007

Snart påske! Og kvart eit hjarte gler seg. Dei som skal opp i fjellet/trekket/på hytta nemner ikkje noko anna og har heller ikkje gjort det den siste veka. Dei elskar å ta på seg eit par blankpussa pinnar og sjå kva dei kan gjere med dei i bratt nedoverbakke. Eg, for min del, er i full protest den siste veka før påsken. Eg er verken god å stå på ski eller sitje på akebrett (sist gong eg skulle gjere det, klarte eg sjølvsagt å slå salto og lande nederst i bakken med hovudet fyst), og eg er eigentleg ingen tilhengar av korleis det er blitt. Kvifor er det nokon som var smarte nok til å gå frå påskekyllingar til skitur? Og kvifor er hovudingrediensene i matpakka på fjellet Kvikk Lunsj og appelsiner?

Eg må meddele folket at dette er noko eg slit med å forstå. Og så kom eg til å tenkje på alle dei andre tradisjonane me har, slik som «dei sju sortar kaker» i juletida og stikke hol på egg og male dei med alle regnbuens fargar. Sjølv om eg ikkje veit kor dei kjem frå, så er dei jo faktisk vesentlege i høgtidene våre no for tida.

Men uansett kor negativ eg har virka i dette innlegget, så er eg faktisk glad i tradisjonane og eg kunne ikkje vore dei foruten. Utenom skigreiene i påska, sjølvsagt.

God påske!
paskeharen.jpg

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

 
%d bloggarar likar dette: