Hummar og kanari – på høgt plan

Reflekterande greier skrivne på nynorsk.

Ny oppdagelse: St. Hans-feiring på bondelandet

Posted by kanarifanari den juni 23, 2007

Hei og hopp, eg har no vore lite eller ikkje aktiv her på bloggen min. Men det har si naturlege forklaring at eg ville ha gode karakterer, enno bedre vener og kanskje ein kjereste. Slik gjekk det ikkje, sånn cirka, ihvertfall ikkje med punkt ein og tre.

No tenkte eg eg skulle skrive litt personleg, faktisk. Om St.Hans-feiringa eg aldri har vore med på før i kveld. Me blei bedt om å møte opp i seks-tida ute på bondelandet. Der skulle me sjølvsagt fyre opp ein grill med halvlunka pølser og tenne bål. Fystnemnte smakte ikkje berre godt, men var verkeleg ei markering på sommaren. Eg trur eg har sakna det, berre å vere til utan å ha lekser, ei prøve å lese til eller berre avtalar eg ikkje er i humør til å halde. Sistnemnte kjem i punkt to i lista under, som eg ikkje har funne noko namn på enno men som ligg der som totalt uinteressant lesning for alle som gidd å sjå.

Eg har enno ikkje funne betydninga av ordet «ekstravagant», men sidan eg syns det er eit likandes ord så trur eg eg kallar lista mi for «St. Hans på ekstravagant vis». Og så håpar eg det stemmer overeins med det eg har skrive, sånn nokonlunde:

1: Det viktigaste er å ta med seg ein pose og stolar nok til dei som sit i bilen. Inni posen skal du ha grillpølser, som vi alle er så glad i, og matchande tilbehør (ketchup, sennep, sprøløk, halvmoste pølsebrød til dei som vil ha det og ein åttepakning lomper til mannen i huset). Ein må sjølvsagt tillate seg å vere harry, og tar derfor med seg ein stabel plastglas og Cola/Pepsi/Annat surklevatn etter behov.

2: Ein skal kaste alt på bålet. Alt kan brennast, har vore dagens lekse. Bålet skal sjølvsagt ikkje tennast på før folk er gode og mette og lette i kjeften. Dessutan skapar det litt ekstra fart og spenning å la folk bedømme sjølv om dei skal flytte jakken eller sekken som ligg i nærleiken av bålet før det blir tent på. Det er eit morosamt syn å sjå mannfolka løpe til og redde det dei sjølv meiner er viktigast, ting som Colaflaska, plastbegra og mobiltelefon. Kvinnfolka står sjølvsagt langt ifra og heier som best dei kan, mens dei held på ungane og helst har lyst til å ta på dei tvangstrøyer, alle saman.

3: Sjå på St.Hans som eit loppemarked utan nokon pengefangst. Ta med deg ting du har hatt liggjande på loftet, så kan du vere sikker på at bøndene hoiar og ler når du hiv dei på bålet. Det gjekk blant anna eit par ski, ein hjelm og nokre sommarmøbler eg helst hadde lyst til å redde fra flammane.

Eg er tom i hovudet, og helst har eg lyst på ein kveldsrøyk og natta no. Men eg må skrive enno eit innlegg her fyst, når eg finn ut kva eg skal skrive om.

st_hans.jpg

Advertisements

2 kommentarar to “Ny oppdagelse: St. Hans-feiring på bondelandet”

  1. henriksinn said

    Hehe. Dette var artig lesning? Er alt du skriv like vittig? Har sjølv feira jonsok på landet i 16 år

  2. Takk skal du ha. Det er vel ikkje opp til meg sjølv å døme, trur eg! Hurra for land-jonsok!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

 
%d bloggarar likar dette: