Hummar og kanari – på høgt plan

Reflekterande greier skrivne på nynorsk.

Fyste dag på ny jobb

Posted by kanarifanari den juni 26, 2007

Då det er in å skrive om sitt eige liv og på slike bloggar, fann eg nettopp ut at idag ville vere ein fin dag å skrive om. Idag var nemlig min fyste dag på jobb. Eg har fått meg jobb på ein stad der lunsj (ostebriks med ost og skinke, så mykje drikke, frukt og grønt du kan ønskje deg) kostar tre kroner. Og eg er overlukkeleg, at eg endeleg kom i mål med jobbsøkinga mi. Også på ein så flott plass, då.

Uansett, så ga eg opp mitt mål om å sove lenge då eg blei bedt om å møte på kurs i dag fra ni til tre. Eg hadde sett fram til dette, ja, eg hadde faktisk skrytt litt til vener og bekjende. I dag var fyste dagen min på jobb.
Så eg tok fatt vekkjarklokka på den inkjefungerande mobiltelefonen min og håpte han ville ringe. Det gjorde han, problemet var berre at eg ikkje vakna noko særleg, og eg endte opp med tjue minutter å dusje, sminke meg og pakke veska på. Dette har eg jo gjort før, syvsovar som eg er, så det gjekk relativt greit og eg satte meg i bilen med friskt mot og minst like frisk parfyme.

Då pappa køyrde sin kos og eg gjekk inn på kontoret for å melde min ankomst, fekk eg beskjed om at kurset var i morgon. I MORGON, folkens! Og eg var stranda to mil hjemmefrå med eit busskort og to bein til hjelp. Og sidan ikkje alt var opp til meg og min vilje, blei faktisk sistnemnte brukt mest. Etter ein busstur på rundt ein mil, stoppa bussen min der eg skulle av. Siste haldeplass, og ingen bussar. Eg sjekka bussrutene, i desperat søken etter klokkeslettet som kunne make my day. Slik blei det jo ikkje. EIN JÆVLA MIL måtte eg tråkke til fots, kikke på glisande menneske i bilane sine mens eg sjølv helst hadde lyst til å hyle høgt. Eg var så sint, så sint, og det berre etter halve gåturen. Det hjalp ikkje at eg ikkje rakk frukost, rask som eg var og jentete som eg er brukte eg opp all tida mi på badet. Eg var svolten der eg gjekk, med usle ti kroner i lomma og ingen butikkar i nærleiken.

Mobiltelefonen min er på rep, noko som har gitt meg gleda ved å gå med ein utdatert NOKIA i lommane. Den bestemde seg, merkeleg nok, for å skru seg av når eg hadde tenkt å ringe mamma for å klage mi nød og kanskje få litt sympati som kunne bære meg vidare på livets landevei. Eg blei ikkje gladare for det.

Sjølvsagt kom også ein i slekta køyrande, vinka til meg og køyrde forbi. Han kunne like greitt ha køyrd på meg, tenkte eg, der eg pessimistisk fortsatte mi ferd mot heimen og gode stolar. Så kom det som kunne ha vore dagens dersom eg var i godt humor. Forbi meg såg eg noko grønt flagre forbi, og eg var berre eit par meter fra nærmaste busshaldeplass… Det var bussen min. Nummeret hans skinte imot meg, og eg forstod at her måtte eg vandre med freidig mot. Med iPoden på full styrke satte eg igang igjen, enno så sliten eg var i beina og så vondt eg hadde i fingen som nærmast blei forstua igår og så forkjøla som eg var med feber og alt (greit, så hadde eg ikkje feber. Men det ga litt meir sympati, eller?).

Og eg kom fram. Stod på døra ein og ein halv time seinare, med mascara under augo, hår som var tatt av vinden og svette over heile meg. No sit eg her og har vondt i beina, og forventar gangsperr imorgon når eg faktisk skal på kurset.

Men det som er det beste med alt dette, er at eg faktisk er glad. Eg fikk gråte fra meg då eg kom heim, hyle litt over kor teite bussane er og sympatisere for meg sjølv så mykje eg orka. No er eg glad, glad for at eg har fått trim for resten av dagen og berre kan ta det med ro. Og fordi eg har funne ut at idag skal vere MIN dag. Ein sånn fin dag der eg har maske i andletet og berre skriv, teiknar, speler Playstation og ser film. Eg ser fram til den.

aut_0006.jpg

Advertisements

Ei tilbakemelding to “Fyste dag på ny jobb”

  1. Mathilde said

    Søta.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

 
%d bloggarar likar dette: