Hummar og kanari – på høgt plan

Reflekterande greier skrivne på nynorsk.

Eg er så søt med min minstemåls jobbuniform

Posted by kanarifanari den juni 30, 2007

…Mnja, så har eg vel kanskje litt større jobbuniform enn som så, men han passar i det minste og bukselivet er så høgt at eg ikkje trur eg kunne kome nærmare puppane med ein kjole, eingong.
Fyste og andre jobbdag er over, og eg sit no her, framleis levande. I alle fall var eg det sist eg sjekka. Og huttemegtu så kjekt det er. Verkeleg kjekt. Folka eg jobbar med er på min alder og opp, og alle snakkar med kvarandre på fornamn.
Men… Eg lyg litt, for det er ikkje berre kjekt. Jobben min er fyst og fremst å sørgje for at alt bestikk, tallerkenar og ellers alt anna tilbehør folk brukar å ete med er oppfylt. Og så er det sjølvsagt eit mål å smile mens eg gjer dette, etterfulgt av ein hyggeleg kommentar til kundane.

Sjefen har ferie, og eg håpar ikkje han forventer at alt er uknust når han kjem tilbake. Slik det ser ut no, etter berre seksten timar, har eg knust nok til å fylle opp eit heilt skap heime. Kunne like greit putta dei i veska, hvis det ikkje var veskesjekk på vei ut av bygget. Det kunne eg gjerne gjort på slutten av dagen og (me får alt maten som er til overs av kokkane med godlukt rett oppi trynet), men då bryt eg policyen og det er ikkje greit før eg har jobba der minst ein månad.

Eg har satt meg som mål å:
– Klare å smile etter sju timar på jobb, noko som har gått strålande hittil
– Halde meg under eit visst maksimumtal når det gjeld å knuse ting, noko som foreløpeg har gått rett i dass
– Føle meg lugubersexy i den deiligaste jobbuniformen ever seen
– Prøve å IKKJE gni meg i trynet med hendene fullt av masse deilige matrestar
– Tørre å spørje sjefen etter forkle, slik at eg slepp å setje meg enno eit mål (å lære meg vaskemaskinen heime)
– Ellers berre følgje kardemommeloven, og ikkje køyre på småbarn med trallene

Såvidt eg veit sjølv har eg klart det meste av dei tinga. Jau, eg brukar ganske lang tid på alt enno. Igår gjekk det i eit jævleg tempo, men det var då eg ikkje hadde jobba åtte timar i forveien og følte eg skulle døy dersom eg berre bevega ein finger til. Idag var tempoet lite tilstadesværande, men eg lot meg sjølv få lov til det. Det gjorde forresten dei andre og.

På røykerommet blei eg møtt av ei hyggeleg dame, som fortalde ein vits eg ikkje heilt skjønte. Eg måtte sympati-le litt, sånn type «He-he… Mnja.». Eg trur ho skjønte det. Faen og, eg skulle prøvd ein slager-kommentar i staden. Hadde sikkert gjort det, òg, men eg var tanketom og hadde ingen på lager. Dei gjekk med til fystedagen der eg skulle imponere alle med mine slåande kommentarar og min fulltreffande humor. Eller noko i den duren.

No er det ein dag å sove, sole meg og henge med vener på før eg tar fatt på ein ny dag på jobb med skinnande moglegheiter. Åjada, eg ser stort på det å jobbe som oppvask-hjelp. Det har ein finare tittel på papira, slik at kommande arbeidsgjevarar skal tenkje at «Gud, så mykje flott denne jenta har gjort». Og så kan eg sitje der og glise og tenkje for meg sjølv at «Mjo, det er jo ganske flott å gå frå elevrådsleiar og redaktør i skuleavisa til oppvaskhjelp», og mens eg tenkjer dette nikkar og smilar eg, som om eg har tatt oppvasken for Amnesty. Det hadde i det minste vore til eit godt formål.

Eg er nøgd. Hurra.

bilde_32_oppvask.jpg

Advertisements

5 kommentarar to “Eg er så søt med min minstemåls jobbuniform”

  1. Elin said

    Lol! Jeg lo høyt når jeg leste målet ditt om å ikke kjøre på små barn XD

  2. Mnja. Den dagen du sluttar å skrive Lol må eg kanskje køyre på ein berre av glede. XD

  3. Avil said

    Du må faktisk legge ut eit bilde av deg i den uniformen.

  4. Det må eg faktisk unngå, men takk for oppfordring.

  5. Avil said

    Eg føler for å legge eit visst press.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

 
%d bloggarar likar dette: