Hummar og kanari – på høgt plan

Reflekterande greier skrivne på nynorsk.

FRP-politikar treng ballar og mindre øl

Posted by kanarifanari den juli 13, 2007

«-Mange menn savner den gode, gamle kjerringa som visste hvordan hun skulle holde familien sammen. Og da mener jeg «kjerring» i en positiv betydning av ordet, sier Per Bjørnar Rødde, som er politiker i Hitra som til høsten kan bli Frp-styrt.»– VG nett
OK, for det fyste: INGEN, og eg meiner INGEN, av mennene eg kjenner saknar ei sånn dame på nokon som helst måte. Såvidt eg veit, i alle fall. Og for det andre: Per Bjørnar må sjølvsagt kome over seg sjølv og vakne opp på nytt, i 2007. Ordet «kjerring» finst det ingenting positivt ved, ein kan leite så lenge ein vil. Det er og blir eit uttrykk som blir brukt på underdanige kvinner frå sekstitallet.

«Rødde mener asiatiske husmødre kan redde kjernefamilien, øke fødselstallene, gjøre barna tryggere – og sørge for et bedre kosthold.» Igjen VG nett, for dei som lurde på det…
Det Rødde her påstår er jo heilt bak mål. Seier han at ein må vere asiatar for å vere underdanig, tar han grundig feil og må begynne å sjekke opp litt fleire jenter. Eller i det minste bli kjend med nokre oppegåande jenter som faktisk har vett i hovudet. Og… Sørgje for eit betre kosthald? Hoho, dette måtte eg le litt av. Det han påstår her er jo faktisk at han sjølv ikkje hadde klart å finne bruken på ein Broccoli utan ei kone? Newsflash; herr Rødde: Dette er Noreg 2007, du må sørgje for eiga helse. Treng du nokon til å koke grønsakene for deg, får du leie hushjelp.
Når det gjeld å øke fødselstalla, måtte eg faktisk og ty til litt latter. Herregud mann, me er ikkje fødemaskinar. Og i Kina er det faktisk maks lov å lage eitt born, trur du ei kvinne som har vakse opp med dette har lyst på fleire born i det heile? Og det med å gjere barna tryggare… Jau, forsåvidt er sikkert asiatiske mødre fantastiske støtteapparat og sånn – Men det finst nok nokon i Noreg og som har klart å oppdra på ein mindre ubegredeleg måte enn dine foreldre.

«Han er selv gift med Dias (38) fra Indonesia. « Altså, berre fordi han har funne seg ei kvinne som han trivst godt med og får all den kjærleik og luft han kunne ønske seg av – Så skal han anbefale andre menn å gjere det samme? Det er faktisk forskjell på kvinna her, i motsetning til asiatiske kvinner kor eg føler alle er like høflege, snille og underdanige. Det finst ikkje den mann som ikkje kunne funne seg ei brukande kone her i Noreg. Kvifor skal ein importere? Eg ville heller ikkje hatt ein som berre serverte meg mat, rydda kjøkken og støvsugde sofaen så eg kunne sitje der resten av kvelden.

«Samfunnet vårt trenger reserverte og høflige kvinner som ser en verdi i å ta seg av hjemmet og holde familien samlet.»
Hoho. Norske kvinner ser og ein verdi i dette, det er faktisk veldig viktig for dei av oss som er oppegåande – Men samliv skal ikkje vere ein toveis-monolog og enno mindre ein institusjon kor berre den eine skal ta ansvar. Norske kvinner kan vere høflege, dei og, det gjeld berre å finne dei rette. Og dei finst det, utruleg nok, mange av.

Eg siterer igjen frå VG nett:
«Han mener at:

– Likestillingen har gått så langt at vi snart ender som intetkjønn.

– Mødre er best egnet til å oppdra barn fra naturens side.

– Selvopptatte karrierekvinner gjør Norge til et kaldt land fullt av frossenpizza og overvektige unger med dårlig nettverk.

Rødde mener at dette er en utbredt oppfatning – men for politisk ukorrekt til at folk vil si det.»

Punkt ein: Ta det med ro du, kjære Rødden vår. For ingen her skal ende opp som intetkjønn dersom dei ikkje vil det, det er berre kome så langt her i Noreg at me kan behandlast uavhengig av kjønn. Det er jo ein bra ting. Hvis du ville jobba på H&M i damenes undertøysavdeling skulle du gladeleg fått lov til det, sjølv om eg tvilar på dei ville hatt deg som ansatt. Du egnar deg nok best i FRP, sorry mac.

Punkt to: Feil igjen, søtnos. Kvinner er best egna til å føde borna, så er det mennenes oppgave å kutte navlestrengen. I meste tilfeller, i det minste. Ein kan dele på oppgavane, det er jo trass alt ganske kjekt å oppdra born og ein kan lære mykje av det. Noko du kanskje kunne hatt bruk for. Prøv å tilbringe litt tid med eigne ungar, så skal du sjå at det kan vere givande å fjerne drittlukta utan å vente på at kona skal bytte bleie, at leggetida blir meir verdsatt og at ein tur på lekeplassen kan vere vel så kjekt for vaksne.

Punkt tre: Det er forskjell på å vere sjølvopptatt karrierekvinne og å vere ei kvinne som vil nokon veg. Det må sjølvsagt gå an å møtast på midten, for la oss innse det – Ein kan ikkje ha ein PANGkarriere og tre ungar som venter heime. Eg har og sett tilfeller der mannen faktisk (!) er heime med borna mens kona er på jobb. Dessutan må du innrømme at damer i feminint sydd dress, briller med svart innfatning og oppsatt hår er dritsexy. Spesielt asiatiske, tsk tsk. Overvektige ungar og frossenpizza, ja. Då er det jo mennene ein kan skulde på, som antakeleg av dei fleste kvinner ville bli bedt om å lage ein ordentleg middag til ungane mens ho var på jobben. Så er det jo opp til mannen om han skal velje den enkle utveien.

Poenget mitt her er at norske kvinner kan vere like gode som asiatiske. Me berre finn oss ikkje i dritt, i alle fall ikkje dei fleste av oss. Eg tippar halve Noreg las, lo og gråt om kvarandre når dei las det han hadde skrive. Kanskje det var meininga? Eg veit ikkje, men eg veit at eg sjølv vil ha ein mann som lar meg vere meg, kvinne anno 2000-tallet som ikkje har tenkt å servere frokost på senga og smile til han om han behandlar meg som drit. Det må finst grenser.

1184304887924_220.jpg

Advertisements

Ei tilbakemelding to “FRP-politikar treng ballar og mindre øl”

  1. Oi, så sint.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

 
%d bloggarar likar dette: