Hummar og kanari – på høgt plan

Reflekterande greier skrivne på nynorsk.

Eg – Ein natteranglar

Posted by kanarifanari den august 4, 2007

No sit eg her og høyrer på Rihannas desperate forsøk om å få ein fyr til å skaffe ly under paraplyen sin, mens eg sjølv gaular med når det kjem til den lettaste delen av teksten (Umberella-ella-ella-eh-eh-eh). Den er faktisk ganske dårleg, men den fengar meg lell og eg kan ikkje la den gå meg hus forbi når eg allereie kan han utanat.

Det er så varmt her at eg kunne døydd om eg ikkje visste kvar eg hadde lagt t-skjorta hen, og eg kan ikkje åpne vindauget i fare for å få ei tomflaske inn vindauget. Heile kvelden har eg høyrt på fyllepratet til to-tre ungdommar som tok seg ein pause fra festen for å snakke dritt om ein av dei som er inne framleis. Det kan vere ganske spanande, om eg berre høyrde kva dei sa.

Dette er sjølvsagt berre bullshit, men eg tenkte det ikkje var noko anna å forvente klokka to ei laurdagsnatt. Eg skal syngje litt vidare på paraplydamesangen mens eg har ein MSN-samtale gåande med bestekameraten. Han er i det minste ikkje full, så eg greier få med meg kva han seier. Så skal eg leggje meg i ei god og varm seng og draume absurde draumar.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

 
%d bloggarar likar dette: