Hummar og kanari – på høgt plan

Reflekterande greier skrivne på nynorsk.

Å finne ro i storbyen

Posted by kanarifanari den august 18, 2007

Hurra! No er eg endeleg heime etter ein ferie eg nok aldri kjem til å gløyme. Her skal eg fortelje han i relativt korte trekk, sidan eg kom heim for nokre timar sidan og har brukt dagen på å sløve. Det går nok ikkje vekk med det fyste, dei storby-prega augo med posar under og kvisene etter feil kosthald. Men eg har klart meg! Og eg er enig med meg sjølve at dersom eg greiar meg ei veke med bilkøyring, storby og hotellfrukost (som veks i kjeften) så kan eg klare ALT.

Dag 1:
Me køyrde heimefrå med godt mot og bagasjerommet fullt med matpakke-ingrediensar eg visste med meg sjølve at me aldri kom til å få bruk for. Og eg veit mamma hadde det i baktankane der ho pakka Jarlsberg i skiver, skinke og nokre brødskiver at me like så greit kunne donert dei til naboen.

Eg høyrde på iPoden min, og testa grenser i forhald til volum og dei som sat i forsetet. Dei var ganske tolerante, og eg fortsatte å lese «Englar i L.A», ei bok av Marian Keyes. Den anbefalast. Dog var det ikkje enkelt med during fra iPoden å få med seg handlinga, men det var greit for eg kjenner meg sjølve og hadde berekna fem minutt på kvar side likevel. Me stoppa litt her og der for å få med oss vakkert landskap me har heime og kan utanat. Dette for å røyke eller innta bensinstasjon-mat (les: antakeleg kasta på gulvet, trødd på og så lagt oppi disken). Eller, for all del, begge delar.

Me kom fram på hotellet relativt tidleg, men så har eg ikkje-eksisterande hukommelse så eg kan ikkje fortelje noko klokkeslett. Kristiansand var byen, hotellet låg midt i sentrum med butikkar, klubbar og barar. Eg fekk utforske lobbyen. Den var fin.

No lagar eg heller eit samansurium. Det er mykje kjekkare. De får holde orden sjølv:

Eg har lært mykje etter ei veke i storbyar. Kristiansand, blant anna, har ein McDonalds som etter størrelsen å dømme planlegg å ta over verda. Dessutan er det vanleg å sykle til barane i Kristiansand, det visste eg ikkje. Eg måtte le då eg såg syklane parkert utanfor ein klubb. Men sykkelstativet var nedprioritert, stakkars. Kristiansand har og ein lekker klesbutikk, den heiter Urban og ligg midt mellom han optikaren som trur tusen kroner er billig for solbriller (dei heita ikkje eingong Gucci) og nokre ubetydelege butikkar som verken innehaldt klede, sko eller noko anna. I Kristiansand står det sånne tiggarar utanfor hotellet og ser på røyken din heilt til dei trur dei har gitt deg dårleg samvit. «KORLEIS KAN DU BRUKE MASSE PENGAR PÅ RØYK NÅR DU VEIT OM BARNA I AFRIKA?! …OG MEG?!». Etter ei stund kjem dei bort, raslar med koppen sin og trur faktisk du står med pengar i lomma rett utanfor eit hotell som tar visa-kort. Jo, også slengar dei innpå nokre klagar om sin blinde sønn og si støvdumme dotter. Eg trur dei ikkje.

Ellers har Kristiansand eit mangfold av ekle typar, blonde jenter og den beste biffsnadderen eg har smakt. Dei snakkar søtt, og. Men det er kanskje ikkje vesentleg her.

Oslo er stort. Og ganske vanskeleg å forstå. Mamma undra seg over menneska som ferda seg ute i veien der bilane køyrde. Det gjorde igrunnen eg og, men eg valgte å halde kjeft då eg såg reaksjonen frå dei andre då ho stod fram med sitt synspunkt på saken. Det er masse bygningar der, og omtrent to prosent av desse er parkeringshus. Og nei, parkering langs veikanten er stortsett tabu. Friday’s på Aker Brygge har verdas beste burger med bacon og barbeque-saus. Dei har god sørvis og ein får gratis påfyll av brus, så ein slepp å spare 0,01 liter cola til den siste burgerbiten. Ein smilar heller litt ekstra til ei svensk servitrise med store øyreringar, så kjem ho og spør om du treng påfyll. Snakk om sosiale antennar.

Maten på Fjordhotellet oppi der med Holmenkollen er ikkje til å hoppe i taket av. Derimot kan du rekne med slibrige helsingar frå menn i førtiårsalderen når du kjem i baren for å hente vatn til mor di som sit kaffilysten på hotellrommet. Alt eg må gjennom for å vere snill, altså. Det kan og hende du treff på ein førti år gammal gris i bassenget, men då kan du trøste deg med at det er ei dame der, og hvis det skjer noko må du forklare det på engelsk for ho forstår visst ikkje stavanger-dialekta. I treningsrommet er det ein hått personleg trenar, og fem svette kvinnfolk du må kjempe deg gjennom berre for å spørre stakkaren eit enkelt spørsmål. Der finst det og ei hyggeleg dame som sit og gir råd om frukt eller noko sånt, og eit solarium som eg sjølvsagt testa mens eg var der. Jo, og ein automat der du kan bruke tjue kroner berre for å fylle på væske etter treningsøkta.

Jo, og hvis du er heldig og kjem til Holmenkollen restaurant eller noko i den duren til rett tid; kan du få gleda av å sjå Jon Gelius i fyr og flamme over ei dum blondine han står og kjeftar på. Men det er sjølvsagt liten moglegheit for dette. Uansett mora eg meg kosteleg,og blei litt sur då eg kom på at hadde eg teke eit bilete av han hadde eg kanskje vore eit par tusen rikare. SeogHør, veit dykk.

I Drammen var det keisamt, igrunn. Maten var god, og hovmesteren var proff. Det var og det heile, eg trur ikkje eg opplevde nokonting nevneverdeg i denne byen.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

 
%d bloggarar likar dette: