Hummar og kanari – på høgt plan

Reflekterande greier skrivne på nynorsk.

Eg – Ein sunnhetsguru

Posted by kanarifanari den september 13, 2007

No har eg forandra logoen til bloggen min, eg er ganske nøgd. Det er rett og slett masse frukt på han fordi eg synst det ser så fint ut, og folk kan trenge noko som ser fint ut no når vinteren og høsten kjem luskande. Dessuten har eg gleda av å presentere mitt nye kosthold. Det består av å spise kvar tredje time, trimme ein liten gong kvar dag og å halde seg vekke fra godis, Cola og andre masseproduserte sukkerbomber. Eg vil rett og slett halde meg sunn, og så langt har det gått… Rett i dass.

Eg byrja så smått i sommarferien, men det dabba av då me reiste på ferie, og sidan har eg berre aldri klart å overse sukkersuget som alltid kjem rundt ellevetida på formiddagen og rundt sju-åtte på kvelden. Det er ingen slankekur, dette, berre ei livsstilsendring. Og eg håpar verkeleg å kome inn i same mønsteret igjen.

Det er ikkje så lett å halde seg når ein har ein saleg miks av mensen og influensa, heller, aller helst vil ein berre skaffe skiheis frå seg til butikken slik at ein alltid kan ha tilgang på Troika, Snack Chips og Cola. Men realitetane er ikkje slik, det er berre ein fantasi som aldri vil komme i oppfyllelse. Eg får halde meg til laurdagsturen ned på lokalkolonialen.

Eg har byrja å jobbe med skulen, og. Det kjenst ganske uvanleg til meg å vere, så eg likar det. Alt som er uvanleg er bra, og alt som er bra er godt for meg. Så dermed har eg konkludert med at dette er noko eg vil halde fram med. Eg skreiv nyleg fem siders svar på ei kort oppgave om webdesign.

Eg håpar å bli barnevernspedagog. Det hadde vore toppen av lukke, då har eg klart meg. Og det skal eg, og. Eg skal bli ein sånn slank, veltrimma barneverspedagog med sexy sveis og briller med svart, tjukk innfatning. Eg skal ha dress-skjørt og dressjakke og sånn hotte bein som alle vil ha, inkludert sjefen min slik at eg kan be om lønnspålegg eller feriepengar før tida. Også skal eg finne meg ein hot mann på universitetet, ein sånn som alle vil ha. Han kan gjerne spele ishockey, for ishockeygutar er så sexy. Sjølv utan tenner. Eg legg ved to bilete idag, eit av draumemannen på Oilers og eit av ein fruktkorg.

Jo, også legg eg ved ei helsing til alle Oilers-spelarar/fans som heilt sikkert ikkje les bloggen min: Me tør å håpe på sølv, og fy faen så sexy Kaunismäki er!
fruitbasket230.jpg
Han er så pen! :dån:

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

 
%d bloggarar likar dette: