Hummar og kanari – på høgt plan

Reflekterande greier skrivne på nynorsk.

Monroe og meg

Posted by kanarifanari den september 13, 2007

For eit halvt år sidan fekk eg meg ein piercing. Den har eit namn så gjevt som «monroe-piercing», og sit til venstre på overleppa. Har ein den på høgre side, heiter den ein «madonna-piercing». Eg skulle sove over hos ei i klassen, og om kvelden byrja me å diskutere piercingar:
Ho: Åh, eg har så lyst på piercing. Mor har sagt det er greit, og, men eg kan ikkje på grunn av hestane!
Meg: Skjønar. Du har i det minste lov.
Ho: Ja, har ikkje du? Mora di er jo grei på omtrent alt?
Meg: Jau, men der seier det stopp, gitt.
Ho: Kva trur du ho hadde sagt om du hadde kome heim frå meg med piercing?
Meg: Eg veit ikkje. Ho hadde sikkert blitt sint, men det hadde nok gitt seg etter ei stund.
Ho: Ta ein, då vel.
Meg: Jau, eg veit jo kvar eg vil ha han. *Peker*
Ho: Det hadde du kledd! I morgon går me og tar han.

Og slik blei det til at me to dagen etter reiste til byen for å ta piercing. Eg hadde vore og lokalisert piercingstudioet før, og hadde på forhånd sjekka om det hadde nettsider og korleis dei dreiv bedrifta slik at mor mi i det minste ikkje kunne ta meg på det.
Mannen tok imot legitimasjonen min, eg skreiv under og satte meg i stolen. Eg var livredd, tenkte på kva mor mi skulle seie idet han stakk inn nåla. Og eg kan med heile mitt hjarte seie at det var det vondaste eg hadde vore med på. Likevel blødde det omtrent ingenting, og det gjorde ikkje vondt etterpå. Eg gjekk rundt og kjende på korleis det var å ha ei plate mot tannkjøtet etterpå, og fann fram til at det var kjekt å ta piercing.

Eit par timar seinare blei eg henta, og satte meg i bilen. Det var mørkt, og godt var det, for eg rødma med ein gong eg satte meg inn. «Hei» kom det frå mor. «Hhhei» kom det frå meg. Ho fekk nok mistanke allereie då. Eg hadde håpa å sleppe å ta diskusjonen med henne i ein butikk, men faen heller – Dei skulle innom Helgø før me reiste heim att. Og eg kunne ikkje kome på ein grunn til å bli i bilen i farta, så eg måtte vere med. Det var då ho såg han. Ei stor sølvkule som var plassert rett over venstreleppa til dotter hennar. Ho såg på meg med sint mine og spurde kva det var for noko, eg forklarte at det var ei kule. Gud, så smart.

Det tok berre eit par timar og ein sånn monolog med henne frå mi side om at det ikkje var derfor eg sov over hos henne og sånt, så var mor blid igjen. Etterkvart syntest ho faktisk den var kul. Eg lærte meg å leve med han, å like han, og kjøpte masse ulike kuler. Kuler med rød diamant, blå diamant, lilla diamant og multicolor-diamant. Så glad, så glad for at eg og endeleg hadde vorte vaksen og teke piercing i trynet.

Her ein fin sommardag skulle eg klippe meg, og då eg kom tilbake og fekk masse skryt av både mamma og pappa såg eg meg sjølve i speilet med det nye håret. Var det usymmetrisk? Herregud, hadde eg noko i trynet som gjorde meg skeiv å sjå på? Merkeleg nok kommenterte mamma det, og. Det var då eg bestemte meg for å ta han ut, berre sånn på impuls tok eg han ut for å sjå korleis eg såg ut utan. Faen heller, det var eigentleg betre det, sa eg til meg sjølve.

Eg valde å behalde det slik, og først då turde pappa å seie at det såg ut som om eg hadde ein flott midt i trynet. Han visste vel kva som hadde venta han dersom han hadde sagt det mens eg hadde han.
Det tok ei veke, så byrja eg savne han og prøvde å setje han i igjen. Det gjekk ikkje. Så no går eg med eit inkjevetta hol i trynet, og eg får ikkje lov å ta han på nytt heller. Det hadde sikkert vore like vondt, så eg veit ikkje om eg hadde hatt lyst uansett.

For nokre veker sidan satte eg meg i piercingstolen igjen, denne gongen for ein tragus-piercing. Den ser slik ut:
tragus2.jpg
Han har grodd og ser bra ut, eg likar han.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

 
%d bloggarar likar dette: