Hummar og kanari – på høgt plan

Reflekterande greier skrivne på nynorsk.

Litterære kvinner med gode senger

Posted by kanarifanari den september 22, 2007

Igår kom ho altså, senga som må vere produsert i Himmelen og sendt ned for at normale dødelege skal kunne vakne med den kjensla eg vakna med idag morges. Ho er kjempesvær, passe mjuk og høg. Det hjelper derfor godt at eg synk nedi ho, slik at eg slepp å falle ut. Det hadde nok gjort ganske vondt. Ja. Foreldra mine fekk og ei slik seng, og då meg og mor tok nattarøyken igår kveld gleda me oss som småungar på juleaften til å legge oss. Eg trur eg har blitt vaksen.

Etter å ha kome heim frå skulen, sett og testa seng, tok eg og mor far min og kortet hans med oss ut på shopping. Pengane hadde og kome fint glidande inn på kontoen min, og til mi store overrasking har eg enno over halvparten igjen.
Notabene var tydeleg staden for meg, der eg fann tre prima bøker til 100 kr. For pensum og lærarsmisk tok eg og med meg «En helt vanlig dag på jobben», ei bok der ein tidlegare SeogHør-ansatt har skrive om sine erfaringar på godt og vondt. Eg gler meg til å lese ho, og kjennar litt at eg er glad eg brukte 339,- på ei fornuftig bok, i det minste. Dei tre andre var sånn lett-litteratur. Ei bok skriven på engelsk, som heitte «Every boy’s got one», gler eg meg og til å lese. Det kan være greit med hensyn til at me faktisk ikkje berre har amerikansk og engelsk historie på pensum lenger. Dei to andre heitta «Import, eksport» og «Dukken i taket». Sistnemnte er nok passe morbid for mitt behov. Og det andre dekkar behovet mitt for å setje meg inn i andres situasjon, kome litt inn i innvandringspolitikken og sånt. For det er visst bra, no som høgre vant vårt kommuneval.

Eg fekk handla eit par klesplagg, eit nydeleg armband, belte og eit par andre småting for rundt tusenlappen. Så litt svei det, uansett kor mykje eg hadde igjen etter utageringa mi. Men eg fann ut at så lenge eg trang det, så kunne det vere det same. Alle bør ha eit sexy klesplagg i skapet, sjølv om dei berre er sytten og ikkje eingong har kjerast.

Hurra, hurra. Igår var ein kjempefin dag. Og no skal eg ta fatt på laurdagen saman med familien min, me skal ete grøt og hamburger og sjå «Med hjartet på rette staden» på NRK ikveld. Eg hatar det programmet, men har ein TV-kveld med middelaldra foreldre trur eg ikkje ein kan forvente anna enn NRK1 og eplemost. For det er visst slik det er, å slå seg til ro i takt med alderen. Eg er berre glad eg veit å nyte det, at eg ikkje alltid må ut og feste. For til veka er det nok ein gong skule, og den slit meg ut, så eg må gjere noko eg veit er bra for meg i helgene. Deriblant å tilbringe tid med foreldra mine, som har gitt meg så mykje fint i sytten år no. Det skulle berre mangle om eg ikkje kunne sjå på drittprogramma dei vil sjå.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

 
%d bloggarar likar dette: