Hummar og kanari – på høgt plan

Reflekterande greier skrivne på nynorsk.

Meg og ein valp – Del II (med bokanbefalingar)

Posted by kanarifanari den november 27, 2007

På fredag kjem ho!
Me har handla til henne – Kjøpt inn sove/bilbur, halsband, leiker og tyggeting. Eg gler meg. Faktisk så mykje at eg har blitt sjuk. Ja, eg trur faktisk på at reisefeber kan slå inn som få-feber og sånn. For eg skal få noko som eg bryr meg utruleg mykje om, og som kjem til å ta opp veldig mykje tid. Igår, då det gjekk opp for meg at ho kjem på fredag, fekk eg feber. Idag er eg heime frå skulen med vondt i halsen, feber og kvalme.

Meg og far besøkte Ronja igår kveld. Då eg kom inn, såg eg ho med ein gong. Ho satte seg til å sjå på meg, og då eg tok ho opp var ho varm, mjuk og god. Ho la seg inntil nakken min og vaska meg på kjaken, halsen og øyra. Eg ga ho ein nuss på nasen, og ho svarte med å vaske meg på haka. Eg la ho på ryggen, ho lente seg bakover med heile seg og nøyt.
«Ho er min hund, pappa – Det er ho eg vil ha.» Sa eg då. Eg haldt nokre andre, men dei beit og nappa i meg, og var urolege. Dei ville ikkje ligge på ryggen, heller.

Eg satte ho oppi med dei andre igjen, og hundeoppdrettaren ville teste om eg klarte å finne ho igjen. Det gjorde eg, og når eg hadde holdt ho ei stund ville ho til pappa. Ho lente heile seg over mot han, og peip. Blei roleg igjen då han tok henne på fanget sitt. Me satte henne nedi igjen, ein skal visst ikkje halde valpar for lenge av gangen – Men då peip ho og ga meg blikk som ville fått ein gretten, gammal gubbe til å smelte.
Så gjekk eg ut, og tende meg ein røyk. Då sprang ho ut etter meg. Eg har aldri sett eller høyrd maken.
Ja, visst har dyra sjel! Det trur eg. Og det trur Margit Sandemo, ho har skrive to bøker med den tittelen. Eg har dei, begge to – Og dei er fine. Kjøp dei!

På veg heim høyrde me på radioen. Dei hadde spurd nokre seksåringar kvifor mamma gifta seg med pappa. Her er tre av svara:
«Mormor seier at ho ikkje hadde tenkjehetta på seg.»
«Pappa lagar god spaghetti og mamma spis masse!»
«Ho var for gammal til å gjere noko anna med han.»
Eg elskar når barn får uttale seg. For dykk andre som og gjer det, sjekk ut boka til Unni Lindell, «Krokodiller snakker ikke norsk».

Advertisements

Ei tilbakemelding to “Meg og ein valp – Del II (med bokanbefalingar)”

  1. mathilde33 said

    Hoho.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

 
%d bloggarar likar dette: