Hummar og kanari – på høgt plan

Reflekterande greier skrivne på nynorsk.

Å mestre seg sjølv

Posted by kanarifanari den desember 10, 2007

Idag har eg kjøpt julegåver og truser til meg sjølv. Eg har nesten rydda av bordet, og eg har skrive eit blogginnlegg eg er nøgd med. No skal eg sjå på TV og knaske julekaker med hunden på fanget og foreldra mine strategisk plassert i kvar sin stol. Eg gler meg. Eg har mestra meg sjølv.

Igår kjøpte eg ikkje julegåver, eg røyka sikkert ti sigarettar i ein pakke det var elleve igjen i, eg var sur, gretten og gjorde ikkje ein drit. Men eg gjekk tur med hunden mange gonger, ein lang og mange korte. Eg gav ho mat, kosa med ho og leika dersom det var behov for det. Eg gav noko til andre. Eg mestra meg sjølv.

På laurdag hadde eg menskramper, sov lenge og lot far min ta hunden klokka sju. Då eg stod opp, laga eg meg ikkje frokost. Eg var lat. Det var ein god dag då eg hadde dusja, fått på meg klær, pussa tennene og gått tur med hunden. Eg såg på den fine naturen, og sola som kasta ei stråle over huset mitt. Kom inn, tok meg ein titt i speilet og såg ei fin jente. Eg kom meg opp til dagen etterkvart, og tok imot han med opne armar. Eg mestra meg sjølv.

Då eg var fjorten, spiste eg godteri nesten kvar dag. Eg oppfatta meg sjølv som feit og stygg, derfor gjorde andre også det. Eg såg på meg sjølv som nytteslaus, og det gjorde andre og. Eg trudde aldri eg kunne få type, og derfor fekk eg ikkje oppmerksomhet av gutane. Eg lurte på kven eg var, og kvifor eg hadde havna her. Eg satte spørsmål ved lekser, familie, vener, mote, sminke og ikkje minst meg sjølve. Det einaste eg hadde gode karakterar i, var norsk og engelsk. Eg hadde lav sjølvtillit, og kunne ikkje kritisere meg sjølv nok. Eg mestra ikkje meg sjølv.

Det er lov med dårlege dagar, men ikkje gi deg sjølv lov til å ikkje mestre deg.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

 
%d bloggarar likar dette: