Hummar og kanari – på høgt plan

Reflekterande greier skrivne på nynorsk.

Ein ode til ei mor – Betingelseslaus kjærleik

Posted by kanarifanari den desember 10, 2007

Nokre gonger hatar eg mamma. Då synst eg ho er trangsynt, blandar seg for mykje, er treig og teit.
Nokre gonger er dette gjensidig. Då synst mamma at eg og er teit, og at eg er lat, ufølsom, uhøfleg og at eg ikkje set nok pris på det ho gjer.

Mor-dotter-forhold er ofte ein toveis monolog. Ein må kanskje hyle for å bli forstått, fordi to kvinner som er sta som beist blir plassert i same hushaldninga, og meininga faktisk er at dei begge to skal vere fordomsfri, effektive, snille, arbeidssomme, høflege og takknemlege. Det skjer ikkje. Både med tanke på aldersforskjell, forskjellege periodar i livet og ulike syn på ting. Då ryk dei saman, og helvete bryt laus gjennom skriking, gråting og stygge ord.

For det er ofte slik at eg tror mamma høyrer meir på meg dersom eg kallar ho ei gammal hore istadenfor å setje meg ned og forklare henne ting. Ho kallar aldri meg sånt – Men eg ser ho vil. Og det er forståeleg, med tanke på at eg er sytten år og slenger drit herfra og til månen.

Men mor, dersom du leser dette innlegget. Eg er glad i deg. Eg hadde elska deg like høgt om du aldri lot meg gå ut etter skolen, tvang meg til å rydde rommet og gjere leksene mine, eller var alkoholikar og slo meg. Betingelseslaus kjærleik kallast det. Eg er så glad i deg at eg ville gått gjennom eld for å redde livet ditt, sjølv om eg nokre gonger synst du er dum og ikkje likar det du lagar til middag.

Livet er så mykje meir enn bagateller som teite reglar, mas og kjefting. Eg vil basere livet mitt på nettopp å gi like mykje kjærleik og omsorg som eg har fått av mor mi sidan eg var liten og gulpa over heile genseren hennar. Ho har elska meg sidan eg låg i magen hennar, sjølv om ho måtte spy av meg og eg gjorde henne hekta på sylteagurk. Ho har alltid vore der for meg, like mykje då eg alltid trengte henne og puppen hennar som no, når eg eigentleg berre treng ho av og til. Ho gir meg privatliv, støttar meg om utdanninga og gir meg det eg treng av utstyr, mat og kjærleik.

Mamma, du skal vite at hadde me vore lut fattige, så hadde du vore grunnen til at luft og kjærleik var leveleg.

Advertisements

Ei tilbakemelding to “Ein ode til ei mor – Betingelseslaus kjærleik”

  1. mathilde said

    :snufs: Jeg er kjempestolt av deg!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

 
%d bloggarar likar dette: