Hummar og kanari – på høgt plan

Reflekterande greier skrivne på nynorsk.

Slemme menn og kvinner som ikkje veit betre

Posted by kanarifanari den desember 16, 2007

Du har den fine, norske husstanden som mange kvinner har/vil ha: Flott, behjelpeleg mann, to barn, ein dalmatiner eller retriever, stakittgjerde og stor plen. Her lev dei i sus og dus, elskar kvarandre og ungane sine, deler på å gå tur med hunden, deler på husarbeid og tankar om oppussing. Deler på alt, i gode og onde dagar.

Og så kjem den motsette, som framleis er ganske vanleg no i dag: Mann som jobbar for mykje og ikkje gjer noko når han kjem heim, to barn som berre har mor si sånn teknisk sett, ein sliten mamma som jobbar dag ut og dag inn for å få endene til å møtast og eit ustelt stakittgjerde som ventar i spenning på ein dunk kvit Lady maling til utandørsbruk.

Sistnemnte gjer meg bekymra. For dersom ikkje kvinna forstår kor vondt det gjer ho å vere i eit slikt ekteskap, dersom ho ikkje forstår kva det gjer med ungane og deira valg seinare i livet, så føler eg ein trang til å seie det her gjennom dette blogginnlegget.

All forskning visar at jenter vel menn som liknar på far sin. Eg har blant anna vald vekk gutar eg har vore saman med, nettopp fordi dei ikkje var like nok på pappa. Han er snill, omtenksom og hjelpsom, og gir mykje av seg sjølv. Han er ikkje typen som sit stille dag ut og dag inn. Eg har vore borti mykje rart av gutar. Ein som viste seg å vere litt for glad i dop, ein som slo opp med meg fordi eg ikkje ville låne han GameBoy’en min (Åh, gode, gamle dagar), ein som ville ha eit «fritt forhold», og flørta med jenter i klassen min medan eg var samen med han og ein som rett og slett var barndomskjæresten min som eg og venninna mi delte på. Når eg tenkjer meg om, veit eg aldri om eg kjem til å finne ein som er lik pappa. For det første har eg alltid trudd at pappa visste alt, og at det ikkje finst nokon snillare enn han. Dessutan tok syster mi den siste som var omtrent heilt lik på desse punkta, og då er det faenmeg ikkje fleire igjen til meg.

Dette innlegget skulle ikkje handle om meg. Eg berre gløymde meg bort, altfor opptatt av å fortelje om mine eigne kjærestar opp igjennom åra. Det eg eigentleg skulle få fram med dette innlegget er ganske enkelt, fremmar kvinnesaken og får meg til å virke som om eg ikkje trur det går an at kvinner er slemme med mennene sine.

Hovedsaken er eigentleg berre at du ikkje skal vere i eit forhold du merkar at er feil, usunt eller berre trist. Det er hovudsaken her. Me kvinner har like mykje rett til å trivast i samlivet som menn, og det er feil å tru noko anna! Har du allerede gjort den feilen å gifte deg med ein drittsekk, så separer deg. Det er faktisk mykje betre å gå gjennom ein tung skilsmisseprosess enn å leve eit heilt liv med ein du kunne vore foruten.

Hoho, eg høyrest ut som ein middelaldrande feminist med domineringsbehov, men eg er berre søt og sytten, altså. Hurra!

Advertisements

14 kommentarar to “Slemme menn og kvinner som ikkje veit betre”

  1. Avil said

    No blir eg heilt på grinen av lukke over optimisme og tru på den oppvaksande slekt.
    Du forstår meir enn mange førtiåringar!

  2. Tusen takk, Avil!

  3. Eg må sjølvsagt leggje til at eg er rørt over å få ein kommentar. Spesielt ein sånn fin ein.

  4. serendipitycat said

    Supert!!! 😀

  5. Avil said

    Jammen, det er då heilt fantastisk at ein kan gjennomskue faenskapet så tidleg i livet.

  6. Kanarifanari said

    Jau, eg er glad for det. No har eg jo lært min del, så då er det ikkje spanande å vere naiv lenger.

  7. Avil said

    Ein har alltid sånn omlag ein miljon områder ein ikkje veit nok om igjen.

  8. Ja, men dette med kjærleik lærer ein fort.

  9. Avil said

    Tjah. Eg føler meg ikkje utlært enno. Når ein har funne den beste mannen for seg sjølv i heile verda, skal ein jo vedlikehalde resten av livet også.

  10. Ja, det er sant.

  11. Eg er jo berre i startgropa.

  12. Avil said

    Heldigvis går det an å ha det kjekt heile tida. Å vere utlært er jo keisamt.

  13. Det er sant. I tillegg kan det bli keisamt å diskutere.

  14. Kanarifanari said

    Serendipitycat, du må gi meg link til blåggen din! Og takk!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

 
%d bloggarar likar dette: