Hummar og kanari – på høgt plan

Reflekterande greier skrivne på nynorsk.

«Kannibalen» skal ut – VG Nett

Posted by kanarifanari den desember 17, 2007

Berre for å vise at eg kan vere samfunnsengasjert og ikkje berre smigrande og poetisk, har eg idag teke for meg ein sak vg.no skreiv på nettsida si i dag morges.
For dykk som ikkje liker linkar, så skal eg sitere det viktigaste ved denne saken (ikkje i same rekkjefølge som vg.no skreiv det):
I dag soner 28-åringen som en av Norges farligste fanger på Ila fengsel-, forvaring- og sikringsanstalt, som har vurdert ham skikket for prøveløslatelse.

Sist gang han var ute på prøve, i 2004, gikk det alvorlig galt. Han ble pågrepet etter fire måneder i frihet, siktet for sexterror mot 12 jenter og kvinner.

28-åringen hadde flyttet til Kristiansand etter å ha blitt prøveløslatt fra i alt syv års forvaring og fengsel for vold og voldtekt av barn.

Kannibalen truet med å voldta, drepe og spise de fleste av sine ofre. Han tilbød dem også penger for å partere, grille og spise kvinnene etter de var naturlig døde eller drept av ham.

Retten la til grunn at han ble seksuelt opphisset av dette. Politiet beslagla bilder og filmer av nakne kvinner som ble spiddet, drept og sexmisbrukt.

Dette er altså saken. No sit han inne, med ti månedar igjen. Etter det vil han sleppast ut i samfunnet, noko som ifølge vg.no vil koste Staten 2,5 millionar i året. Då spør eg: Skal verkeleg vår skatt gå med til at ein som har gjort så mange menneske så vondt gjennom mange år kan gå fritt?
Kvifor skal me støtte denne mannen, som har øydelagt liva til hundrevis av foreldre, søsken, tantar, onklar eller søskenbarn?

Eg, som sjølv er tante, forstår ikkje korleis dette kunne bli tatt opp til vurdering eingong. Slik eg ser det er han ikkje verd noko anna enn livstid i fengsel. Eg er ingen psykolog, men eg har ei kjensle av at han ikkje kjem til å kunne leve ute i samfunnet enno uten å begå bestialske gjerningar.

Og skal ikkje dei etterlatte av ofra hans få sjå rettferdighet når det gjeld ein såpass stor sak?

Slike menneske gjer meg kvalm. Heldigvis finst det ikkje så mange av dei, sjølv om ein er ein for mykje.

Advertisements

2 kommentarar to “«Kannibalen» skal ut – VG Nett”

  1. Avil said

    Merkeleg at dette ikkje er ei forvaringssak.

  2. Kanarifanari said

    Jau, det hadde vore lurt. Eg synst det blir altfor tidlig å sende noko slikt ut i samfunnet igjen.

    Psykologane har heller ikkje tru på det, og sidan dei antakeleg har hatt veldig mykje med denne mannen å gjere er det vel ingen andre enn dei som skal ha talerett i ein slik sak.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

 
%d bloggarar likar dette: