Hummar og kanari – på høgt plan

Reflekterande greier skrivne på nynorsk.

Lisa på ball

Posted by kanarifanari den januar 13, 2008

Eg har vorte fleirkulturell. Eg har fått gleden av å henge med ein masse fulle ungdommar som hoiar, danser og klengar på kvarandre. Eg har sett håndjern i aksjon og sinte vaktar, eg har spist snacks frå bar og sett neonlys i funksjon med røykskyer. Eg har vore på ball.

Det var forrige torsdag det braka laust. Eg hadde kjøpt kjole. Han var ganske fin, og. Svart med glitterbrosje framme, sånn heilt enkel. Eg hadde på meg hot-chick-støvlettar som mamma, pappa og eg hadde leita to dager og betalt nærmare 2000 for. I håret hadde eg eit tonn med spray, og det låg ein halvtimes føning bak frisyren. I andletet hadde eg prinsipielt ingen brunkrem, men rouge og ein god dæsj eyeliner i harmoni med to øyeskuggar. Øyenbryna var greidde og såg filmstjerne-aktige ut. Synst eg sjølv. (Treng eg å nemne at då eg kom heim ligna dei på ein stormfull sjø?)

Då eg kom fram, stod eg i kø. Lang kø. Masse folk som snakka om at «nå måtte dei skjerpe seg, for hvis vakten såg pupillane deira var det over og ut med ballet i år». Det var kaldt. Eg stod på brostein som var glatt av regn, med støvlettar med hælar så høge som skyskraparar.
– Få sjå veska di.
Åh, eg var framme. Eg såg på vakten.
– Eg har ikkje drukke, og du kan rote så mykje du vil i veska.
– Du får opne han sjøl.
Usikker på om det var alkotest på lik linje med «Gå i ei rett linje på fortauet» tumla eg meg til å lirke opp glidelåsen. Nervøs. Eg skalv under skjørtet. Eg hadde faktisk ikkje drukke. Med røyken i kjeften stakk han ei lita lommelykt nedi.
– Greit.
Var det så lett? Å herregud, var eg så nervøs for så lite?

Inn. Inn blant alkoholstanken, og musikken som ein kunne høyre heilt inn til den innerste kroken på dass. Inn til alle dei som stod i kvar sin gjeng og lo. Var kule og sånt. Sånn som ein ofte er i første klasse på vidaregåande. Det er sånn som går over når ein kjem i andre. Av alle inntrykk eg kunne tatt over meg her, var det aller første inntrykket mitt: «Shit. Strømpebuksa. Eg må dra han opp. Toalettet neste!»
Eg kunne sjølvsagt ha vald å prøve å få han til å sitje uten å lage skraper i han, men det var ikkje så lett.
– Jævla falske negler.

Så ut igjen. Måtte røyke. Venta på venninnegjengen. Dei sat på bussen. Hadde ingen pappa som kunne køyre. Eg var heldig. Så kaldt, så kaldt. Avventande. Eg stod der med røyken i kjeften, såg på dei søte gutane i dress og håpte dette kom til å bli fint.

– Mareeen! Hey!
Der var dei. Ein etter ein kom dei stavrande ned bytrappa med høghelte sko. Eg lurte på om dei gjorde like vondt som mine eigne. Og om det var slik et ball var for femti år sidan.

Inn. Og opp. Opp til musikken, baren og dei svette folka som dansa tett uansett om dei kjende kvarandre eller ikkje. Me blei sjølvsagt med. Det hadde ikkje tatt seg ut å setje seg ned der, var berre rom for å danse. Og det var kjekt. Kjempekjekt.

Riiing, riiing. Uu bæibi it’s allrait… Mobilen min! Eg rakk han ikkje. Såg kven som ringde, så gjekk eg ut for å kome dei i møte. Der stod dei, i dress og med burgerking-krone. Ekte andreklasse-stil. Eg lo. Dei lo. Og så blei det delt ut klemmar. Eg lurte på om eg utnytta dei, sidan eg var den einaste edru. Så gjekk me inn.

Me dansa, slappa av i baren, hilste på venners venner og spiste chips. Eg såg på klokka.
– Eg må stikke, klokka er halv ett! Far skulle hente meg då. Me snakkast.
Så klemmar igjen. Tenåringar heilt svette av dansing som held rundt kvarandre etter ein finfin kveld.

Ut i regnet. Pappas bil køyrde heilt til døra. Inn i bilen.
– Faen, så vondt beina gjer!
– Ho, ho. Har du hatt det kjekt?
– Supert! Eg vil ut på byen igjen i morgon.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

 
%d bloggarar likar dette: