Hummar og kanari – på høgt plan

Reflekterande greier skrivne på nynorsk.

Sorg

Posted by kanarifanari den januar 16, 2008

For nokre år sidan døydde katten min. Ei vakker blanding av rakkar og kosepus, grå og kvit over heile og tjukk, lang pels. Han var min, og kvar gong eg var lei meg forstod han det. Då eg fekk vite at han var død, raste verda mi saman. Ei lita stund. Så gjekk det over.
Eg trur det gjekk opp for meg då. At ein kan myste nokon ein er glad i, utan å vite det kan det skje – Og det har skjedd. Det hadde ikkje skjedd naboen min, eller nokon på skulen, men meg. Døden var kome nærmare meg.

Likevel var eg ikkje forberedt då eg i desember fekk vete at tanten min var havna på sjukehus med slag. Fem slag hadde ho hatt, og ting såg stygge ut. Då gjekk det opp for meg. Dette kunne hende menneske og – Og ikkje berre i andres familiar, men i min. Eg sørga. Græt, og lot meg sjølv få lov til det. Det føltes naturleg då, og det føltes godt når eg fekk spørsmål om korleis eg hadde det. Og etterkvart var eg klar for å reise på besøk.

Me sat i bilen. Eg gleda meg, tenkte at no når tante var på heimebesøk var ho nok oppegåande igjen. Me ringte på, og døra opna seg. Det eg såg då kjem eg ikkje til å gløyme. Ho måtte støtte seg til onkel, og såg me eitt auge på oss. Hilste med eit smil. Dette var eg ikkje forberedt på. Dama som alltid i mine auge har vore spretten, systera til pappa, oppegåande, smilande og serverte oss krumkaker i juletida – Var plutseleg så redusert.
Det var vondt å sjå på. Og det gjekk opp for meg at ein ikkje blir den same etter eit slag. Eg var sint, sint for at noko slikt kunne skje med ei som var så snill. Tanten min. Kjære, snille tanten min.

Sorga over tante var ikkje borte, men forsvant litt etter litt, dag etter dag. Ho har det betre no, bor på sjukeheim og får jevnleg besøk av mange. Ho har kome seg betrakteleg, og tjuvtrenar på å gå.

På måndag kom eg heim frå skulen. Hadde mykje å fortelle frå skuledagen min. Eg såg mor sitte på kjøkenstolen. Ho såg alvorleg ut, men eg oppfatta det ikkje.
– Me har hatt eitt slag til i familien.
Eg såg på ho. Såg på far. Det var bestemor. Ho låg på sjukehuset, og dei hadde nettopp fått vete det.

Kanskje eg ikkje hadde snakka nok om det, kanskje eg enno hadde dødsangst, men no var han i alle fall tilbake igjen. Eg var redd. Redd for mamma, redd for pappa, redd for heile familien. Eg har aldri hatt noko spesiell kontakt med bestemor, men det var så nær familie. Det kunne skjedd kven som helst, men no hadde eg fått det rett i trynet. Igjen. Så urettferdig det kjendest.
Dagen etter var eg på plass på skulen igjen. Det var den verste skuledagen eg hadde hatt – Eg var stille og tenkte berre på alt som hadde skjedd. Eg måtte seie til lerarane kvifor eg ikkje hadde gjort leksene, og samtidig konsentrere meg om ikkje å gråte. For eg ville ikkje det, gråte kunne eg gjere når eg kom heim. Det var rom for det der.

Det har gått to dagar sidan no, og me skal besøkje henne snart. Eg slit framleis med litt dødsangst, men eg har tru på at den vil gå vekk. Eg veit at livet må gå vidare, at alt eg kan gjere er å støtte meg sjølv og familien min igjennom enno eit slag. At eg alltid kan snakke med mamma, pappa eller søstrene mine om det. Og at når det er over, når bestemor og har det bra igjen, kan eg la meg sjølv sleppe taket på sorga, og tanken på at livet eingong kan ta slutt.

Advertisements

7 kommentarar to “Sorg”

  1. Hanna said

    Hei igjen. Og jah! eg lenka visst til bloggen din, det var mest fordi eg ikkje ville rote den vekk, eg vart litt fascinert av bloggen din 🙂 Bra skrive og mykje kjekt å lese. Og ja, eg har vore her ei stund, men har ikkje vore særleg aktiv i det siste og i tillegg var eg på blogger før, eg berre overførte heile bloggen min til wordpress etter sterkt, eh, press for eit års tid sidan, så då veit du det.

    Og eg las dette innlegget etter at eg hadde begynt å kommentere alt det andre, så no må eg berre kondolere alt eg klarer. Det blir betre etter kvart, sjølv om slike ting er veldig vonde og vanskelige.

  2. kanari said

    Ingen har døydd enno, altså. Var nok eg som formulerte meg feil. Takk allikevel!

    Og tusen takk for kompliment på bloggen. Eg kunne nok også vore flinkare til å skrive, men eg trur eigentleg mor mi er glad for at eg ikkje berre sit foran dataen. :fnis:
    Eg skal sjølvsagt legge til din blogg på mine lenkar, fordi eg likte det eg las hos deg!

  3. Kanarifanari said

    Slik går det når ein ikkje er logga inn. Trist, det der. Eg er sjølvsagt Kanarifanari.

  4. Hanna said

    Har du ein hund som heiter Ronja?

  5. Kanarifanari said

    Det har eg!

  6. Hanna said

    Eg bur med ein hund som heiter Ronja!

  7. Åj. :rørt: Er ho fin?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

 
%d bloggarar likar dette: