Hummar og kanari – på høgt plan

Reflekterande greier skrivne på nynorsk.

Sint på samfunnet.

Posted by kanarifanari den april 14, 2008

Idag har eg funne ut noko nytt, grunna reflektering gjennom eit halvt år. Eigentleg er Noreg fylt av folk som set seg sjølv høgt opp på ein påle. Eigentleg er me nokre sjølvhøgtidelege tullingar. I alle fall er eg det, det fann eg ut idag, ved middagsbordet. Over stekt sei og poteter diskuterte mor, far og eg folk som er sinte på samfunnet.

Eg er sint på samfunnet. Eg syns for eksempel det er kjempetullete at me har val i Noreg, når tjue prosent som stemte på det totalt motsette, sit og ikkje kan bestemme ein drit i fire år fordi det var fleirtal av dei blå. Eg syns me skal få orden på bussane snart, for bussjåførane er kranglete og slitsomme, og kjørar som svin.
Verst av alt; eg syns det er reinspikka idioti at eg, som jobbar kjempehardt med skulen, skal lide fordi ei i klassen ikkje greier halde seg unna facebook og youtube i timane. Eg treng dei fem minutta med youtube-filmar i timen, og blir irritert når eg får kjeft for dei fem minutta når ho sit der ein heil dag og knotar.
Eg syns det er superkjipt at folk måtte betale masse i skatt for at nokre operaentusiastar skulle byggje eit dritstort bygg som dei kan synge mongosangar i, og eg blir irritert av å sjå på folk som endar på sosialen fordi dei aldri jobba det lille ekstra og ga faen i skulen.

«Meld deg inn i eit politisk parti», seier mor. «Dei har masse bra for ungdommane, og eg trur du hadde passa inn.».
«Pft, mor», seier eg. Det hadde jo krevd arbeid. Eg har festar, eg har vener, eg har hund, TV, datamaskin, søsken, barnepassing – Eg har rett og slett ikkje tid. Og der skjedde det. Der tenkte eg tankane som gjer meg uberettiga til å klage på noko som helst. Eg har alle verdas moglegheiter til å gjere noko med dette samfunnet eg synest er så korrupt, men eg prioriterer det ikkje. Og eg er sjølvhøgtideleg, når eg ikkje klarar å sjå at dei som ikkje klarar seg så godt i samfunnet, må ha hjelp, og at eg faktisk må hjelpe til.

Så eg kan skrive alt eg vil om narkomane, alkoholikarar, uteliggarar eller andre som slit – Men for å kunne klage, må eg i det minste gjere ein innsats. For eg blir kvalm av meg sjølv når eg ser alt det eg er irritert på kontra det eg har gjort for å ordne litt på det. Det er null, zero, eg kunne like greit berre gitt faen.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

 
%d bloggarar likar dette: