Hummar og kanari – på høgt plan

Reflekterande greier skrivne på nynorsk.

No er det sommar!

Posted by kanarifanari den juni 23, 2008

Med tanke på travle tider (eksamen, bikkjetrening, skole, venner, jobb og sånn) har eg ikkje fått skrive nokonting i bloggen. Det, og så kan eg leggje til at eg har vore lat. Men dette er et sånn sterkare-tilbake-innlegg. Litt personleg, litt mimring og litt sommaridyll.

Eksamenane er bestått, fekk 4 på begge to. Norsk skriftleg og media muntleg. Eg følte sjølv at eg gjorde det dårleg på medieeksamenen, mobilen byrja ringe midt i framføringa og eg har kje vore så nervøs på lenge. Det var med eit lettelsens sukk at eg kunne svare «4» når den obligatoriske «Ka fekk duuu?» byrja. Norsk skriftlig følte eg verkeleg at eg fekk til, så det var med litt skuffelse og samtidig glede at eg leste ein karakter som var litt meir enn middelmådig. Det får vere godt nok. Eg har forsaka mykje den siste tida. Dykk veit, den tida alle dei late (les: meg og mange andre ungdommar) har, rundt to månader før sommarferie. Her er poenget å verkeleg prøve å få retta opp for alle leksestundene som blei brukt til å se film eller henge på Rimien med venner.

Men, nok om det. Eg er ferdig, har fått meg ein super jobb som eg gler meg til å gå til og eg har faktisk fått det til med oppdragelse av bikkja.

No skal me få litt sommaridyll. Mest fordi det er koseleg å lese mens ein sit på vestlandet eller andre stader med laptop, ein kopp kaffi og regn som plaskar mot vindauget. Det er skuffande, men me har hatt våre to uker med sommar her borte. Eg og ei venninne innvia den med å gå på brygga i Stavanger og drikke pils med alle dei andre femti år gamle damene som hadde alt for trange singletar og gule fingrar. Dei hadde solbriller, og. Eg undrar meg om dei trur pilotbriller framleis er på moten?

Uansett: Der sat me, med ein pils i eine handa, ein røyk i andre og nøyt sola som faktisk var på sitt sterkaste. Det var øl, berusande ord, det var sommar, det var sol. Og der sat me, to attenåringar og følte at der, akkurat der og da, var me blitt vaksne. Tåpeleg tanke, tenkjer dykk som les her og er førti år – Har levd dykkar liv med øl, sommar, sang og sol lenge. Men for meg, ihvertfall meg, var det stort. Eg hadde kjøpt min første pils. Eg likte han ikkje, eingong. Så eg rødma litt når eg gjekk frå halve glasset. Men det var verdt det. Eg gjekk inn på ein PUB, mine damar og herrer; kjøpte meg «ein pils, takk», viste legitimasjon, gliste då dama sa «Endeleg!» og lo, og eg gjekk ut og satte meg i solsteiken. Me diskuterte livet. Venner, gutar, stress og ferie. Hvis ikkje det er vaksent, veit ikkje eg. Men på den andre sida følte eg meg vaksen som drakk kaffi på termos saman med ei venninne i mars, og. Eg liker å kjenne meg vaksen. Men når regningane kjem, får eg eit alvorsdrag over andletet og kjenner at eg forstår kvifor vaksne stressar. Eg kan gange den eine regninga mi med ti, og så har eg økonomiske problem. Og eg har ganske høg inntekt, faktisk.

Eg er vaksen. Eg går på jobb, eg har nettopp fylt atten, og eg drikk øl på brygga med vener. Få ingredienser, men det er som mange seier at ein lærer så lenge ein lever. Lista mi over vaksne ting har nok vekse betrakteleg neste år. Berre vent.

Dette blei eit blogginnlegg om å vere vaksen. Men det er faktisk godt å vere det. Neste år er eg russ, då går eg tilbake til ungdomsskulen igjen i sytten dagar; skøyarstrekar, drikkeleiker og barnsleg glede over å vere ansvarslaus berre litt. Kanskje kjem eg til å trenge det. Kanskje kjem eg til å vere dritt lei av å vere vaksen etter eit år med regningar, masse ansvar, husarbeid og gutar i tjueåra. Men akkurat no er det kjekt, og eg har tenkt å nyte det. No er innlegget ferdig. Eg har putta stekt ris med karrisaus i mikroovnen. Eg har ikkje betalt han sjølv.

Advertisements

Ei tilbakemelding to “No er det sommar!”

  1. mathilde said

    Der var du også voksen ja. Jammen er jeg stolt av deg!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

 
%d bloggarar likar dette: