Hummar og kanari – på høgt plan

Reflekterande greier skrivne på nynorsk.

Gulasjsuppe

Posted by kanarifanari den juni 30, 2008

Etter forespørsel frå Hanna, har eg (endeleg) funne eit smutthol imellom jobb og sånn til å legge ut oppskrift på den absolutt beste suppa eg veit om. Eg skal sjå om eg hugsar an, just roll with it:
Ingredienser
Eit par poteter (så glad som eg er i terningpotet brukar eg rundt tre stykk)
Ein tomatpurè
To små vanlege kvite, naive løkar (eller ein diger faen)
Tre pølser (ikkje wiener!)
Vatn. Sjølvsagt. Rundt 2 dl.
Smak til med grønsaker. Fnis. Eit godt tips er purre, gulrot og ellers alt du likar i grønsakssuppa.

Slik gjer du
Ta rundt 150 gr. smør (Melange eller sånn, ja) og surr saman med løken i ei mellomstor gryte. Løken skal bli gyllenbrun, i alle fall sa læraren min i heimkunnskap det, men trassig som eg var «likte eg han ikkje slik». Uansett… Så tar du oppi tomatpurèen og vatnet, og lar dette koke. Rør av og til, og imens kan du kutte opp pølser, poteter og alt det der. Hiv det oppi når røra kokar, og la koke rundt ti minutt. Vanlegvis treng den ikkje lenger, fordi grønsakene og det som treng tid til å kokast igjennom er hakka i terningar.

Vips, så har du suppe. Og den kan du setje i kjøleskapet etter du har spist deg mett, så har du middag i morgon og! Det er forresten ein fordel å varme han, og, då.

Eg har klart å svi Mr. Lee, gløyme både hveteboller, skuleboller og anna og latt dei steike for lenge og å fucke totalt opp ein Grandis, men dette klarte eg. Så kos dykk.
Åh, forresten! Så matprat som eg er idag, legg eg ut eit bilete. Sidan eg ikkje torde ta bilete av mi eiga suppe.
Kos dykk!

Advertisements

2 kommentarar to “Gulasjsuppe”

  1. Hanna said

    Kva var forespørselen min? Er lenge sidan eg har vore i aktivitet på bloggen. Men gulasj, dette var interessant. Dette skal eg prøve. Men utan pølse, for det syns eg ikkje noko om.

    Forresten, så gjekk mattefaget så dårleg at eg meldte meg av leeenge før eksamen. Hehe.

  2. Du ville ha oppskriftar sjølv om eg ikkje ville skrive dei, fordi du var fantasilaus. Eg synst ikkje du verker fantasilaus, men oppskriftar er kjekke å skrive uansett! Takk for kommentar, eg trur blåggen min tørkar ut snart.

    Haha! Eg kunne ikkje melde meg av, men eg har eit fint to-tal på vitnemålet, ja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

 
%d bloggarar likar dette: