Hummar og kanari – på høgt plan

Reflekterande greier skrivne på nynorsk.

Hei, verda!

Posted by kanarifanari den februar 26, 2009

No skjemst eg. Verkeleg. Eg har forsømt bloggen min i tide og utide, men dette må vere jubileum. No skal eg snart leggje meg, men ikveld dukka tankar opp som eg ikkje har hatt på lenge og eg kjente behovet for å skrive dei ned. Skrivesperra gav seg. Ops, no må eg vel ha kasta ei forbanning over det?

Dykk ser det at snart skal eg reise. Reise langt bort, vekk frå trygge heimen min med gode foreldre og eit godt nettverk. Vekk frå det fine kjøkkenet mor mi alltid har laga så god mat og stemning i. Vekk frå Stresslessane med rynker i læret. Vekk frå spisebordet med ferske blomar på og terrassen me plar å spise sommarfrukost på. Vekk frå alt det trygge og gode eg har kjent i alle desse åra. Eg skal til Oslo.

Oslo er for mange kjent som hovudstaden i Noreg. Dei har kongehus, storting, Friday’s-restaurantar, eit godt utval skobutikkar og Freiafabrikk. Dei har slottsparken, garden, høgskule og universitet, utestader, tiggarar, Karl Johans gate og eit godt utval menneske. Men fokuset mitt står no mest på høgskulen, som ligg på fyrsteplass i søkelista mi til neste år. Eg har søkt barnevernspedagog, håpar på å kome inn, og håpar pittelitt på å ikkje kome inn.

Det har seg slik at for ei jente som er oppvokst på landet med mjølk, brød, dyr, ein heim overstrømt av kjærleik og eit samfunn der alle kjennar alle, er ikkje Oslo berre ein storby. Det er ein STORBY. Og eg kjenner at eg er eit skjebnemenneske, eit sånt som trur håplaust på skjebnen. Så dersom eg skulle kome inn på høgskulen i Oslo, så er nok det skjebnebestemt. Og dersom eg kjem inn her, på trauste og trygge UiS, så er nok det skjebnen, og. Alt avhengar av skjebnen, eg har alltid satt min lit til den og han har skjelden feila før. Så det er det eg gjer no. Og så ber eg litt. Ikkje til Gud, Jehova, Allah eller nokon sånn fast bestemt Gud. Men til høgre makter om at ting må gå meg slik eg vil i livet. Eg er ikkje kristen, eg heller nok meir mot det agnostiske. Men tru på mennesket, og tru på krafta mennesket brukar for å styre ting med, det har eg. Det er kanskje dumt å påverke skjebnen, tenkjer du. Men neida, det tenkjer ikkje eg – Eg ser på det som å gi han eit lite dytt på vegen, hjelpe han dersom beslutninga mi er frykteleg vanskeleg. Faktisk har han nok ikkje så god tid heller, så eg fungerer berre som ei tidsbesparing her. Og det er jo vel og bra, er det ikkje?

Men dersom eg no skulle kome inn i Oslo, og dersom eg skulle flytte til Oslo til hausten – Så har eg eit par personar eg må takke. Dette er kanskje nytt for nokre av dykk, men eg veit at mange ikkje har forutsetningar for å kome seg vidare etter vgs. Eller grunnskulen, kanskje. Det hadde eg. Eg hadde ei mor som bestandig laga kos når eg kom heim fra skolen. Græt eg, stilde ho spørsmål og gav meg ein god klem. Var eg sulten hadde ho alltid god mat på lager. Var eg stressa, hjalp ho meg å kanalisere alle tankane mine. Og eg er glad i ho for det. Ho laga forutsetningar for at eg skal klare meg vidare i verda, for at eg skal kunne jobbe meg oppover i dette materialistiske og litt kapitalistiske samfunnet og seie at «HEY! Her er eg, eg har komen for å bli, eg har utdanning og dykk KAN berre ikkje nekte meg jobb. Elsk meg, for det gjer mamma!». Ho har gitt meg sjølvtillit, sjølvinnsikt og viljekraft, og det er tre egenskapar ein ikkje klarar seg uten men som veldig mange manglar. Ho skal sjølvsagt ikkje ha kreditt heilt åleine, for pappa har vore ein god pappa i alle desse åra. Han har teke meg med ut på fisketur, sett på Discovery med meg, lekt med Legoklossar med meg og trøsta meg når eg har vore nedfor. Han har gjort alle desse tinga han og, i beste vilje. Og det er det som ledar meg til dette: Tusen takk, far og mor! For at dykk alltid har skapt ein hyggeleg atmostfære rundt det å utdanne seg, rundt det å jobbe hardt, både med skole og arbeid og gjort det til ein kjekk ting å spise middag saman kvar dag, fortelje om dagen sin og slikt. Takk for at dykk har elska meg betingelseslaust i alle desse åra – Gudane skal vite at eg ikkje alltid har gjort det så lett! Og takk for at dykk aksepterer når ein fugl må forlate redet og utforske treet istaden. Eller ein annan smart metafor. Eg les bøker, altså.

Når det er sagt, så gruar eg meg. Herregud, så skummelt det skal bli! Men det blir ein god skummelhet, trur eg, nett fordi eg veit at pappa og mamma er ein telefonsamtale unna. Og eg har syster mi der. Eg har nettverket mitt sjølv om eg bur langt borte frå dei, og semestera er veldig greie, eg kan kome på besøk. Eg er ikkje bekymra, så det treng ikkje dykk heller å vere. Eg kjem til å klare meg fint, nett fordi eg alltid har fått slik rådgivning heime. Sjølvinnsikten dykk har gitt meg, har gjort at dersom eg ikkje klarar det, så kjem eg tilbake, startar på nytt og kjem på fote igjen. Sjølvtilliten har gjort at eg no er sikker på å klare det og viljekrafta mi gjer at eg veit at eg _skal_ klare dette, og at eg _kjem til_ å klare det. No skal dykk få løn for over 18 år med hardt arbeid!

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

 
%d bloggarar likar dette: