Hummar og kanari – på høgt plan

Reflekterande greier skrivne på nynorsk.

Archive for the ‘Dagens samfunn’ Category

No er det sommar!

Posted by kanarifanari den juni 23, 2008

Med tanke på travle tider (eksamen, bikkjetrening, skole, venner, jobb og sånn) har eg ikkje fått skrive nokonting i bloggen. Det, og så kan eg leggje til at eg har vore lat. Men dette er et sånn sterkare-tilbake-innlegg. Litt personleg, litt mimring og litt sommaridyll.

Eksamenane er bestått, fekk 4 på begge to. Norsk skriftleg og media muntleg. Eg følte sjølv at eg gjorde det dårleg på medieeksamenen, mobilen byrja ringe midt i framføringa og eg har kje vore så nervøs på lenge. Det var med eit lettelsens sukk at eg kunne svare «4» når den obligatoriske «Ka fekk duuu?» byrja. Norsk skriftlig følte eg verkeleg at eg fekk til, så det var med litt skuffelse og samtidig glede at eg leste ein karakter som var litt meir enn middelmådig. Det får vere godt nok. Eg har forsaka mykje den siste tida. Dykk veit, den tida alle dei late (les: meg og mange andre ungdommar) har, rundt to månader før sommarferie. Her er poenget å verkeleg prøve å få retta opp for alle leksestundene som blei brukt til å se film eller henge på Rimien med venner.

Men, nok om det. Eg er ferdig, har fått meg ein super jobb som eg gler meg til å gå til og eg har faktisk fått det til med oppdragelse av bikkja.

No skal me få litt sommaridyll. Mest fordi det er koseleg å lese mens ein sit på vestlandet eller andre stader med laptop, ein kopp kaffi og regn som plaskar mot vindauget. Det er skuffande, men me har hatt våre to uker med sommar her borte. Eg og ei venninne innvia den med å gå på brygga i Stavanger og drikke pils med alle dei andre femti år gamle damene som hadde alt for trange singletar og gule fingrar. Dei hadde solbriller, og. Eg undrar meg om dei trur pilotbriller framleis er på moten?

Uansett: Der sat me, med ein pils i eine handa, ein røyk i andre og nøyt sola som faktisk var på sitt sterkaste. Det var øl, berusande ord, det var sommar, det var sol. Og der sat me, to attenåringar og følte at der, akkurat der og da, var me blitt vaksne. Tåpeleg tanke, tenkjer dykk som les her og er førti år – Har levd dykkar liv med øl, sommar, sang og sol lenge. Men for meg, ihvertfall meg, var det stort. Eg hadde kjøpt min første pils. Eg likte han ikkje, eingong. Så eg rødma litt når eg gjekk frå halve glasset. Men det var verdt det. Eg gjekk inn på ein PUB, mine damar og herrer; kjøpte meg «ein pils, takk», viste legitimasjon, gliste då dama sa «Endeleg!» og lo, og eg gjekk ut og satte meg i solsteiken. Me diskuterte livet. Venner, gutar, stress og ferie. Hvis ikkje det er vaksent, veit ikkje eg. Men på den andre sida følte eg meg vaksen som drakk kaffi på termos saman med ei venninne i mars, og. Eg liker å kjenne meg vaksen. Men når regningane kjem, får eg eit alvorsdrag over andletet og kjenner at eg forstår kvifor vaksne stressar. Eg kan gange den eine regninga mi med ti, og så har eg økonomiske problem. Og eg har ganske høg inntekt, faktisk.

Eg er vaksen. Eg går på jobb, eg har nettopp fylt atten, og eg drikk øl på brygga med vener. Få ingredienser, men det er som mange seier at ein lærer så lenge ein lever. Lista mi over vaksne ting har nok vekse betrakteleg neste år. Berre vent.

Dette blei eit blogginnlegg om å vere vaksen. Men det er faktisk godt å vere det. Neste år er eg russ, då går eg tilbake til ungdomsskulen igjen i sytten dagar; skøyarstrekar, drikkeleiker og barnsleg glede over å vere ansvarslaus berre litt. Kanskje kjem eg til å trenge det. Kanskje kjem eg til å vere dritt lei av å vere vaksen etter eit år med regningar, masse ansvar, husarbeid og gutar i tjueåra. Men akkurat no er det kjekt, og eg har tenkt å nyte det. No er innlegget ferdig. Eg har putta stekt ris med karrisaus i mikroovnen. Eg har ikkje betalt han sjølv.

Posted in Dagens samfunn, Unyttig | 1 Comment »

Sint på samfunnet.

Posted by kanarifanari den april 14, 2008

Idag har eg funne ut noko nytt, grunna reflektering gjennom eit halvt år. Eigentleg er Noreg fylt av folk som set seg sjølv høgt opp på ein påle. Eigentleg er me nokre sjølvhøgtidelege tullingar. I alle fall er eg det, det fann eg ut idag, ved middagsbordet. Over stekt sei og poteter diskuterte mor, far og eg folk som er sinte på samfunnet.

Eg er sint på samfunnet. Eg syns for eksempel det er kjempetullete at me har val i Noreg, når tjue prosent som stemte på det totalt motsette, sit og ikkje kan bestemme ein drit i fire år fordi det var fleirtal av dei blå. Eg syns me skal få orden på bussane snart, for bussjåførane er kranglete og slitsomme, og kjørar som svin.
Verst av alt; eg syns det er reinspikka idioti at eg, som jobbar kjempehardt med skulen, skal lide fordi ei i klassen ikkje greier halde seg unna facebook og youtube i timane. Eg treng dei fem minutta med youtube-filmar i timen, og blir irritert når eg får kjeft for dei fem minutta når ho sit der ein heil dag og knotar.
Eg syns det er superkjipt at folk måtte betale masse i skatt for at nokre operaentusiastar skulle byggje eit dritstort bygg som dei kan synge mongosangar i, og eg blir irritert av å sjå på folk som endar på sosialen fordi dei aldri jobba det lille ekstra og ga faen i skulen.

«Meld deg inn i eit politisk parti», seier mor. «Dei har masse bra for ungdommane, og eg trur du hadde passa inn.».
«Pft, mor», seier eg. Det hadde jo krevd arbeid. Eg har festar, eg har vener, eg har hund, TV, datamaskin, søsken, barnepassing – Eg har rett og slett ikkje tid. Og der skjedde det. Der tenkte eg tankane som gjer meg uberettiga til å klage på noko som helst. Eg har alle verdas moglegheiter til å gjere noko med dette samfunnet eg synest er så korrupt, men eg prioriterer det ikkje. Og eg er sjølvhøgtideleg, når eg ikkje klarar å sjå at dei som ikkje klarar seg så godt i samfunnet, må ha hjelp, og at eg faktisk må hjelpe til.

Så eg kan skrive alt eg vil om narkomane, alkoholikarar, uteliggarar eller andre som slit – Men for å kunne klage, må eg i det minste gjere ein innsats. For eg blir kvalm av meg sjølv når eg ser alt det eg er irritert på kontra det eg har gjort for å ordne litt på det. Det er null, zero, eg kunne like greit berre gitt faen.

Posted in Dagens samfunn | Merkt: , , | Leave a Comment »

Staff har verkeleg gjort det igjen

Posted by kanarifanari den januar 13, 2008

Etter sin heilt på trynet-uttaling om krisesenter for kvinner, har Staff no gått ut med predikantkjeften igjen. Eg likar han ikkje. Det har eg aldri gjort. Men dette, dette tek verkeleg kaka.
Saken: Lommemannen er tatt, og Tor Erling Staff, selverklært motstandar av det som er politisk korrekt, seier at «om unge gutter tukler litt i en voksens lomme er da ikke skadelig.».

Dei studerer tydelegvis ikkje psykologi i advokatstudiet, og har dei gjort det, har ikkje denne mannen fulgt med. Han er riv ruskande gal, eit levande eksempel på dumhet og ein som tydelegvis får ein glede av å kaste bibelen på bålet.

– Man må se proporsjonen i forhold til politiets reaksjonsmåte. Det er skapt et hysteri i forhold til slike saker. Jeg er klar over at det er straffbart og at det er «gæernt», men reelt sett er ikke dette alvorlige forhold, mener Staff.
Dette er alvorleg. I aller høgste grad. Berre fordi han som tolvåring likte å grafse på eldre menn (les: I biografien til Staff, som kom ut for to år siden, omtaler advokaten hvordan han som 12-åring hadde sex med eldre menn.), gjer ikkje normale ungar det. Eit barn vil føle dette som ein krenkelse, og som eit brudd på sine grenser. Han måtte jo lokke dei for ein grunn!

74-åringen hevder barna umulig kan ha tatt skade av de seksuelle overgrepene de er utsatt for.
At ein høgt utdanna mann med så mykje livserfaring kan seie slikt og framleis behalde yrket sitt med stolthet, forstår eg ikkje. Alle veit at dersom noko skjer med eit barn, og barnet opplever dette som ubehageleg, ekkelt eller overtramp, vil barnet ta skade av det og mest sannsynleg i eit slikt tilfelle oppleve å få traumer.

Lommemannen har begått over 150 overgrep. Han har vore over heile landet. Han har lokka småbarn til å ta hånda i lommen sin, kor han har laga hol, og dei har endt opp med å gi han seksuell glede. Han er syk, syk, syk. Det er såvidt eg vil ha han i bloggen min. Og langt mindre herr Staff. Han har ikkje eit normalt forhold til nokonting, og når han kjem med slike uttalelsar som angår både sinte og opprørte foreldre, usikre barn og i det heile tatt heile Noregs befolkning – Ja, då har han ingenting å gjere i yrket sitt. Han er respektlaus som kan kome med slikt så tett oppi mange foreldres mareritt.

Eg hadde vore ein flau, flau arbeidsgivar, og eg hadde sunke i bakken om eg hadde vore i familie med han. Langt mindre ville eg blitt sett på samme butikk, eller stått bak han i kø på kino. Eg eier ikkje respekt, aksept eller noko anna enn sinne når det gjeld den mannen.

Posted in Dagens samfunn | 1 Comment »

Velferds-Noreg og narkomane

Posted by kanarifanari den desember 28, 2007

Det har alltid vore heftig diskutert kva me skal gjere med dei narkomane. Nokon vil ha sprøyterom, eigne bygningar, eigne rom på sjukehuset osv, mens andre er meir avmålte på akkurat det punktet. Dei vil gjerne ha dei vekk frå gatene, men ikkje dersom det kostar pengar. Eg seier ikkje at alle er slik, for det er langt frå tilfellet. Det er berre det at det einaste eg har sett som har fått meg til å danne grunnlag for kva eg meiner, har vore polariserte* debattar.

Eg vil gjerne sei kva eg sjølv meiner er viktig i det landet me lever i idag: At me, som alt i alt har det bra, tek vare på dei som slit.
Me, som lever i eit samfunn fylt av debattar, politikk, velferd og så mykje informasjon om kva me kan gjere, bør kunne ta oss tid til å tenkje litt over dette. Kvifor? Fordi det omfangar mange. Alle, faktisk.

Me var på klassetur i Oslo for ei stund tilbake. Her såg mi venninne og eg ein som sat utanfor ein butikk på Karl Johan. Han smilte og vinka, uavhengig av om han fekk noko i plastkoppen. Han frøys. Det var minusgrader ute, og han hadde berre ein gul allværsjakke frå åttitalet å varme seg med. Eg, som på denne tida var enno fattigare student enn no, spleisa med venninna mi på ein Ola-pakke* til han. Det var ikkje mykje, men det var ein liten gave av omtanke. Det var med ekte glede me såg på smilet han ga oss, og deretter kom ei dame frå ein klesbutikk og ga han eit teppe.
Deretter gjekk me på shopping, vel vitande om at dette var det finaste me hadde gjort så lenge me kunne hugse.

Poenget med denne lille historia var å få fram at ikkje alle narkomane er valdsmenn som ranar, slår og valdtek. Dei er menneske, slik som oss, og eg vil tru dei fleste av oss er oppdratt til å behandle menneske som har godt i seg med respekt. Dei har gjort ein feil i livet, kanskje har dei ikkje fått ein god start, kanskje var dei tvungne til dette livet og omtrent oppvekse på gata. Det har ikkje noko å seie, for eg meiner at for deira del og litt vår eigen, skal det vere mogleg å skape eit betre samfunn for alle.

For eksempel er eg for sprøyterom. Eg er for at dei som har havna utpå, skal få sette dosen sin reint utan fare for infeksjonar eller verre ting. På eit sprøyterom vil dei og få hjelp av ei sjukesøster.
Uheldigvis innebærer dette store risikoar for dei som jobbar med det, og derfor har dei ikkje så altfor mange søkarar på desse jobbane. Synd, men sant.

I tillegg vil eg ha eigne bygg, omtrent som boligblokker. Desse ville eg plassert sentralt slik at dei etterkvart kunne kome seg enkelt ut i dagliglivet igjen. Her skulle dei som ikkje hadde det så bra fått bodd i små hyblar, utan å betale leie. Dei kunne hatt ein stor matsal der dei møttes til faste måltid, og dei kunne i tillegg hatt små grupperom der det var moglegheit for enkelt-terapi, gruppeterapi eller berre nokon å snakke med. Metadonbehandling kunne og gis her.
På matsalen skulle dei sjølvsagt fått god mat, og når jula kom kunne dei ha dekorert heile bygget og hatt julemat. Kanskje det og ville vore rom for at nokre av dei som budde der, fekk tilbod om jobb på f.eks kjøkkenet dersom dei hadde «forbetra» seg. Som Martin Luther King ein gong sa, «I have a dream.».

Problemet er, i likhet med sprøyteromma, personalet. Men det er kanskje lettare å skaffe personale dersom dei er mange som skal jobbe der? Ikkje veit eg, eg veit berre at eg trur dette hadde vore løysninga for mange.

Kvar kommune skulle hatt eit slikt bygg. Og har ein problem med å skaffe pengar til dette, så ta litt av oljemilliardane, eller det me betalar av skatt. På denne måten hadde mange av Noregs befolkning fått følelsen av at dei har utretta noko med pengane som mange av dei ellers føler dei kastar ut vindauget til udugelige kontorfolk (unnskyld, men det er jo ikkje akkurat som om vi får så mykje informasjon om kvar pengane våre havnar).

Eg tenkjer ikkje berre på dei narkomane inni dette, men antakeleg hadde me redusert kriminalitet, det hadde blitt tryggare for barn og unge å gå i byane og det hadde vore mindre sprøytespissar rundt på gatene. Det hadde kanskje ikkje vore like mykje tigging, og det hadde kanskje blitt større kapasitet på sjukehusa.

Dette er berre tankar, sjølvsagt. Men eg vil det skal skje noko med denne saken, og sidan eg har høyrd at politikarar les bloggar har eg kanskje gjort noko for saken min likevel.
Hei, Kristin Halvorsen! Eg simpelthen elskar politikken din!

* Polarisering = Når ein i debatt set veldig mykje fokus på motpolane og deira totale uenigheit. Me har lært det på skolen. :stålt:
* Ola-pakke: Matpakke frå Narvesen f.eks, som inneheld tre skiver med husmannspålegg.

Posted in Dagens samfunn | Leave a Comment »

«Kannibalen» skal ut – VG Nett

Posted by kanarifanari den desember 17, 2007

Berre for å vise at eg kan vere samfunnsengasjert og ikkje berre smigrande og poetisk, har eg idag teke for meg ein sak vg.no skreiv på nettsida si i dag morges.
For dykk som ikkje liker linkar, så skal eg sitere det viktigaste ved denne saken (ikkje i same rekkjefølge som vg.no skreiv det):
I dag soner 28-åringen som en av Norges farligste fanger på Ila fengsel-, forvaring- og sikringsanstalt, som har vurdert ham skikket for prøveløslatelse.

Sist gang han var ute på prøve, i 2004, gikk det alvorlig galt. Han ble pågrepet etter fire måneder i frihet, siktet for sexterror mot 12 jenter og kvinner.

28-åringen hadde flyttet til Kristiansand etter å ha blitt prøveløslatt fra i alt syv års forvaring og fengsel for vold og voldtekt av barn.

Kannibalen truet med å voldta, drepe og spise de fleste av sine ofre. Han tilbød dem også penger for å partere, grille og spise kvinnene etter de var naturlig døde eller drept av ham.

Retten la til grunn at han ble seksuelt opphisset av dette. Politiet beslagla bilder og filmer av nakne kvinner som ble spiddet, drept og sexmisbrukt.

Dette er altså saken. No sit han inne, med ti månedar igjen. Etter det vil han sleppast ut i samfunnet, noko som ifølge vg.no vil koste Staten 2,5 millionar i året. Då spør eg: Skal verkeleg vår skatt gå med til at ein som har gjort så mange menneske så vondt gjennom mange år kan gå fritt?
Kvifor skal me støtte denne mannen, som har øydelagt liva til hundrevis av foreldre, søsken, tantar, onklar eller søskenbarn?

Eg, som sjølv er tante, forstår ikkje korleis dette kunne bli tatt opp til vurdering eingong. Slik eg ser det er han ikkje verd noko anna enn livstid i fengsel. Eg er ingen psykolog, men eg har ei kjensle av at han ikkje kjem til å kunne leve ute i samfunnet enno uten å begå bestialske gjerningar.

Og skal ikkje dei etterlatte av ofra hans få sjå rettferdighet når det gjeld ein såpass stor sak?

Slike menneske gjer meg kvalm. Heldigvis finst det ikkje så mange av dei, sjølv om ein er ein for mykje.

Posted in Dagens samfunn | 2 Comments »

Slemme menn og kvinner som ikkje veit betre

Posted by kanarifanari den desember 16, 2007

Du har den fine, norske husstanden som mange kvinner har/vil ha: Flott, behjelpeleg mann, to barn, ein dalmatiner eller retriever, stakittgjerde og stor plen. Her lev dei i sus og dus, elskar kvarandre og ungane sine, deler på å gå tur med hunden, deler på husarbeid og tankar om oppussing. Deler på alt, i gode og onde dagar.

Og så kjem den motsette, som framleis er ganske vanleg no i dag: Mann som jobbar for mykje og ikkje gjer noko når han kjem heim, to barn som berre har mor si sånn teknisk sett, ein sliten mamma som jobbar dag ut og dag inn for å få endene til å møtast og eit ustelt stakittgjerde som ventar i spenning på ein dunk kvit Lady maling til utandørsbruk.

Sistnemnte gjer meg bekymra. For dersom ikkje kvinna forstår kor vondt det gjer ho å vere i eit slikt ekteskap, dersom ho ikkje forstår kva det gjer med ungane og deira valg seinare i livet, så føler eg ein trang til å seie det her gjennom dette blogginnlegget.

All forskning visar at jenter vel menn som liknar på far sin. Eg har blant anna vald vekk gutar eg har vore saman med, nettopp fordi dei ikkje var like nok på pappa. Han er snill, omtenksom og hjelpsom, og gir mykje av seg sjølv. Han er ikkje typen som sit stille dag ut og dag inn. Eg har vore borti mykje rart av gutar. Ein som viste seg å vere litt for glad i dop, ein som slo opp med meg fordi eg ikkje ville låne han GameBoy’en min (Åh, gode, gamle dagar), ein som ville ha eit «fritt forhold», og flørta med jenter i klassen min medan eg var samen med han og ein som rett og slett var barndomskjæresten min som eg og venninna mi delte på. Når eg tenkjer meg om, veit eg aldri om eg kjem til å finne ein som er lik pappa. For det første har eg alltid trudd at pappa visste alt, og at det ikkje finst nokon snillare enn han. Dessutan tok syster mi den siste som var omtrent heilt lik på desse punkta, og då er det faenmeg ikkje fleire igjen til meg.

Dette innlegget skulle ikkje handle om meg. Eg berre gløymde meg bort, altfor opptatt av å fortelje om mine eigne kjærestar opp igjennom åra. Det eg eigentleg skulle få fram med dette innlegget er ganske enkelt, fremmar kvinnesaken og får meg til å virke som om eg ikkje trur det går an at kvinner er slemme med mennene sine.

Hovedsaken er eigentleg berre at du ikkje skal vere i eit forhold du merkar at er feil, usunt eller berre trist. Det er hovudsaken her. Me kvinner har like mykje rett til å trivast i samlivet som menn, og det er feil å tru noko anna! Har du allerede gjort den feilen å gifte deg med ein drittsekk, så separer deg. Det er faktisk mykje betre å gå gjennom ein tung skilsmisseprosess enn å leve eit heilt liv med ein du kunne vore foruten.

Hoho, eg høyrest ut som ein middelaldrande feminist med domineringsbehov, men eg er berre søt og sytten, altså. Hurra!

Posted in Dagens samfunn | Merkt: , , , , , , , , , , | 14 Comments »

Fordommar og fordømte fordømmande

Posted by kanarifanari den desember 11, 2007

Sjølvsagt har eg fordommar. Anten eg vil innrømme det eller ikkje har eg alltid hatt det – Det er enkelt og greit ein del av meg som menneske. Og det trur eg gjeld alle andre, og. Me ser, me gjer oss opp eit inntrykk, og me dømmar. Mediene hjelper oss å dømme, via nyhetssendinga kan dei fortelje oss at mannen som begjekk mord på kona si var av utenlandsk opprinnelse. Det er ikkje lett å høyre på all denne propagandaen utan å la seg påvirke det minste.

Derfor skriv eg her og no, i bloggen min, at eg er stappfull av fordommer. Det er ikkje noko eg er stolt av, men eg lar meg sjølv ha dei og held kjeft når det ikkje passar seg sånn. Eg er ikkje rasist, eg er ikkje antivegetarianar – Eg berre har visse meiningar som det kanskje ikkje passar seg å ha liggjande på bloggen.

Det å ha fordommer er heilt naturleg for oss som menneske. Me har behov for å gjere oss opp ei meining om inntrykk me gjer oss, menneske me ser eller kjennar, politikk osv. Derfor tør eg å skrive i bloggen min at eg påstår ved middagsbordet heime at alle våre nye landsmenn går på salg og service-linja på skulen min, at vegetarianarar og veganar* er teite fordi dei ikkje klarar redde verda likevel, eller at gotarar* er superdeprimerte og bør bli lagt inn.

Dette er mine meiningar, dette er mine fordommer som eg ikkje snakkar høgt om sånn eigentleg. Fordi det er tabu i norsk samfunn. Men eg har dei, eg kunne laga ei evig lang liste. Og det trur eg du og har, sjølv om du ikkje praktiserer dei eller snakkar høgt om dei når vennegjengen er på besøk. Det går an å ha fordommar OG folkeskikk/personlege antennar.

* Vegetarianar = Person som ikkje spis dyrekjøt, Veganar = Person som ikkje spis noko som har kome frå dyr (t.d. melk, ost osv)

* Gotar = Person som kler seg i svart med naglebelter, svart, gjerne fett hår som er langt og ustelt, mykje sminke, høyrer ofte på musikk som Satyricon, Dimmu Borgir og Marilyn Manson. Sjølv var eg fjortisgotar.

Posted in Dagens samfunn | Leave a Comment »

«Min framtid som et Abrahams barn»

Posted by kanarifanari den september 14, 2007

Oppgåveteksten:
Tenk deg at du er ein ungdom på din eigen alder som er fødd og oppvaksen i flyktningleiren Shatila. Kva tankar gjer du deg om livet ditt og framtida di? Skriv ein tekst, for eksempel forma som eit dikt, ei novelle eller eit dagboknotat. Dersom du skriv eit dikt, kan du gjerne presentera det på ein plakat saman med ein illustrasjon.

Jeg vet det så godt.
Jeg vet det er tilfelle
at jeg ikke har mange muligheter
at jeg mangler det grunnleggende
og at utsiktene for at jeg noensinne kommer meg videre,
Kommer meg opp og fram
får det livet jeg ønsker meg
Er små.

Egentlig er jeg sint.
Egentlig er jeg opprørt, skuffet og lei meg
for at jeg blir sett på som en
som ikke kan bli tannlege, advokat eller ingeniør.
For at det ikke var slik det skulle vært,
det var ikke slik Gud skapte verden.
Jeg takker Ham hver dag for at vi er mange.
Jeg er aldri alene.

Jeg kan ikke bli rik
– Men jeg kan leve rikt likevel.
Det er det jeg, og jeg alene
som har bestemt.

– Skriven av KanariFanari

Posted in Dagens samfunn | 2 Comments »

Å finne ro i storbyen

Posted by kanarifanari den august 18, 2007

Hurra! No er eg endeleg heime etter ein ferie eg nok aldri kjem til å gløyme. Her skal eg fortelje han i relativt korte trekk, sidan eg kom heim for nokre timar sidan og har brukt dagen på å sløve. Det går nok ikkje vekk med det fyste, dei storby-prega augo med posar under og kvisene etter feil kosthald. Men eg har klart meg! Og eg er enig med meg sjølve at dersom eg greiar meg ei veke med bilkøyring, storby og hotellfrukost (som veks i kjeften) så kan eg klare ALT.

Dag 1:
Me køyrde heimefrå med godt mot og bagasjerommet fullt med matpakke-ingrediensar eg visste med meg sjølve at me aldri kom til å få bruk for. Og eg veit mamma hadde det i baktankane der ho pakka Jarlsberg i skiver, skinke og nokre brødskiver at me like så greit kunne donert dei til naboen.

Eg høyrde på iPoden min, og testa grenser i forhald til volum og dei som sat i forsetet. Dei var ganske tolerante, og eg fortsatte å lese «Englar i L.A», ei bok av Marian Keyes. Den anbefalast. Dog var det ikkje enkelt med during fra iPoden å få med seg handlinga, men det var greit for eg kjenner meg sjølve og hadde berekna fem minutt på kvar side likevel. Me stoppa litt her og der for å få med oss vakkert landskap me har heime og kan utanat. Dette for å røyke eller innta bensinstasjon-mat (les: antakeleg kasta på gulvet, trødd på og så lagt oppi disken). Eller, for all del, begge delar.

Me kom fram på hotellet relativt tidleg, men så har eg ikkje-eksisterande hukommelse så eg kan ikkje fortelje noko klokkeslett. Kristiansand var byen, hotellet låg midt i sentrum med butikkar, klubbar og barar. Eg fekk utforske lobbyen. Den var fin.

No lagar eg heller eit samansurium. Det er mykje kjekkare. De får holde orden sjølv:

Eg har lært mykje etter ei veke i storbyar. Kristiansand, blant anna, har ein McDonalds som etter størrelsen å dømme planlegg å ta over verda. Dessutan er det vanleg å sykle til barane i Kristiansand, det visste eg ikkje. Eg måtte le då eg såg syklane parkert utanfor ein klubb. Men sykkelstativet var nedprioritert, stakkars. Kristiansand har og ein lekker klesbutikk, den heiter Urban og ligg midt mellom han optikaren som trur tusen kroner er billig for solbriller (dei heita ikkje eingong Gucci) og nokre ubetydelege butikkar som verken innehaldt klede, sko eller noko anna. I Kristiansand står det sånne tiggarar utanfor hotellet og ser på røyken din heilt til dei trur dei har gitt deg dårleg samvit. «KORLEIS KAN DU BRUKE MASSE PENGAR PÅ RØYK NÅR DU VEIT OM BARNA I AFRIKA?! …OG MEG?!». Etter ei stund kjem dei bort, raslar med koppen sin og trur faktisk du står med pengar i lomma rett utanfor eit hotell som tar visa-kort. Jo, også slengar dei innpå nokre klagar om sin blinde sønn og si støvdumme dotter. Eg trur dei ikkje.

Ellers har Kristiansand eit mangfold av ekle typar, blonde jenter og den beste biffsnadderen eg har smakt. Dei snakkar søtt, og. Men det er kanskje ikkje vesentleg her.

Oslo er stort. Og ganske vanskeleg å forstå. Mamma undra seg over menneska som ferda seg ute i veien der bilane køyrde. Det gjorde igrunnen eg og, men eg valgte å halde kjeft då eg såg reaksjonen frå dei andre då ho stod fram med sitt synspunkt på saken. Det er masse bygningar der, og omtrent to prosent av desse er parkeringshus. Og nei, parkering langs veikanten er stortsett tabu. Friday’s på Aker Brygge har verdas beste burger med bacon og barbeque-saus. Dei har god sørvis og ein får gratis påfyll av brus, så ein slepp å spare 0,01 liter cola til den siste burgerbiten. Ein smilar heller litt ekstra til ei svensk servitrise med store øyreringar, så kjem ho og spør om du treng påfyll. Snakk om sosiale antennar.

Maten på Fjordhotellet oppi der med Holmenkollen er ikkje til å hoppe i taket av. Derimot kan du rekne med slibrige helsingar frå menn i førtiårsalderen når du kjem i baren for å hente vatn til mor di som sit kaffilysten på hotellrommet. Alt eg må gjennom for å vere snill, altså. Det kan og hende du treff på ein førti år gammal gris i bassenget, men då kan du trøste deg med at det er ei dame der, og hvis det skjer noko må du forklare det på engelsk for ho forstår visst ikkje stavanger-dialekta. I treningsrommet er det ein hått personleg trenar, og fem svette kvinnfolk du må kjempe deg gjennom berre for å spørre stakkaren eit enkelt spørsmål. Der finst det og ei hyggeleg dame som sit og gir råd om frukt eller noko sånt, og eit solarium som eg sjølvsagt testa mens eg var der. Jo, og ein automat der du kan bruke tjue kroner berre for å fylle på væske etter treningsøkta.

Jo, og hvis du er heldig og kjem til Holmenkollen restaurant eller noko i den duren til rett tid; kan du få gleda av å sjå Jon Gelius i fyr og flamme over ei dum blondine han står og kjeftar på. Men det er sjølvsagt liten moglegheit for dette. Uansett mora eg meg kosteleg,og blei litt sur då eg kom på at hadde eg teke eit bilete av han hadde eg kanskje vore eit par tusen rikare. SeogHør, veit dykk.

I Drammen var det keisamt, igrunn. Maten var god, og hovmesteren var proff. Det var og det heile, eg trur ikkje eg opplevde nokonting nevneverdeg i denne byen.

Posted in Dagens samfunn | Leave a Comment »

Gladmat 07 – Eg har sjekka livet og røra. Og maten, sjølvsagt.

Posted by kanarifanari den juli 31, 2007

…Og eg har teke meg ein tur dit for å sjekke livet og røra. Sjølvsagt, slik eg gjorde i fjor.
Ikkje så mykje er ulikt, bortsett fra ei ukjend mengd fulle og dopa menneske som vandrar rundt i offentlegheita og tygger på grillspyd (desse var forresten ganske gode). Jau, dei var jo der i fjor og. Det kan hende eg ikkje merka dei fordi eg då var naiv og sulten-på-livet fjortis. At eg rett og slett ikkje merka dei fordi eg aldri hadde sett nokon dopa før, eller fordi eg var for opphengd i kvar eg skulle finne dei einaste tinga som passa mi lommebok (altså free-of-charge lavkvalitets-greier). Ikkje veit eg, eg veit berre at Gladmaten 07 var staden for dei fjerne.

Gladmaten er ikke berre staden for dei som har teke seg piller til frukost, altså. Det er rom for dei som vil snike i køar og gjere alle irriterte, dei som vil prate med gud og kvarmann og lommetjuvar. Ja, lommetjuvar. Det har til og med stått i avisa. Heldigvis gjekk eg konstant rundt og haldt panisk på lommebok, mobiltelefon og sånt sjølv. I tillegg passa eg på å gå før den ordentlege fyllefesten byrja, sånn i kveldinga ein gong nede ved bryggene samlar alle seg og ølsalget når toppen.

Men alt i alt var det ganske kjekt, altså.

Posted in Dagens samfunn | Leave a Comment »