Hummar og kanari – på høgt plan

Reflekterande greier skrivne på nynorsk.

Oppskrytt å vere brun, slank og kåt.

Posted by kanarifanari den desember 28, 2007

Ja, faktisk vil eg heller vere kvit som snø, feit og aldri kåt, enn å ta sånn melanotan-drit.
– Vi hørte at man blir både brun, slank og kåt og det er jo de tre tingene vi har lyst til å være, sier de 17 år gamle Elise og venninnene til NRK.
Feil. Det er det dei vil vere. Eg er og sytten, men eg har andre ting å tenkje på enn å vere dei tre tinga. Ein blir brun av sola, slank av godt kosthald og trening og kåt av hotte gutar. Det er dei tre tinga eg nemnte no som er det kjekkaste, jo!
Eg har sprøyteskrekk, og.

Posted in Unyttig | Leave a Comment »

Velferds-Noreg og narkomane

Posted by kanarifanari den desember 28, 2007

Det har alltid vore heftig diskutert kva me skal gjere med dei narkomane. Nokon vil ha sprøyterom, eigne bygningar, eigne rom på sjukehuset osv, mens andre er meir avmålte på akkurat det punktet. Dei vil gjerne ha dei vekk frå gatene, men ikkje dersom det kostar pengar. Eg seier ikkje at alle er slik, for det er langt frå tilfellet. Det er berre det at det einaste eg har sett som har fått meg til å danne grunnlag for kva eg meiner, har vore polariserte* debattar.

Eg vil gjerne sei kva eg sjølv meiner er viktig i det landet me lever i idag: At me, som alt i alt har det bra, tek vare på dei som slit.
Me, som lever i eit samfunn fylt av debattar, politikk, velferd og så mykje informasjon om kva me kan gjere, bør kunne ta oss tid til å tenkje litt over dette. Kvifor? Fordi det omfangar mange. Alle, faktisk.

Me var på klassetur i Oslo for ei stund tilbake. Her såg mi venninne og eg ein som sat utanfor ein butikk på Karl Johan. Han smilte og vinka, uavhengig av om han fekk noko i plastkoppen. Han frøys. Det var minusgrader ute, og han hadde berre ein gul allværsjakke frå åttitalet å varme seg med. Eg, som på denne tida var enno fattigare student enn no, spleisa med venninna mi på ein Ola-pakke* til han. Det var ikkje mykje, men det var ein liten gave av omtanke. Det var med ekte glede me såg på smilet han ga oss, og deretter kom ei dame frå ein klesbutikk og ga han eit teppe.
Deretter gjekk me på shopping, vel vitande om at dette var det finaste me hadde gjort så lenge me kunne hugse.

Poenget med denne lille historia var å få fram at ikkje alle narkomane er valdsmenn som ranar, slår og valdtek. Dei er menneske, slik som oss, og eg vil tru dei fleste av oss er oppdratt til å behandle menneske som har godt i seg med respekt. Dei har gjort ein feil i livet, kanskje har dei ikkje fått ein god start, kanskje var dei tvungne til dette livet og omtrent oppvekse på gata. Det har ikkje noko å seie, for eg meiner at for deira del og litt vår eigen, skal det vere mogleg å skape eit betre samfunn for alle.

For eksempel er eg for sprøyterom. Eg er for at dei som har havna utpå, skal få sette dosen sin reint utan fare for infeksjonar eller verre ting. På eit sprøyterom vil dei og få hjelp av ei sjukesøster.
Uheldigvis innebærer dette store risikoar for dei som jobbar med det, og derfor har dei ikkje så altfor mange søkarar på desse jobbane. Synd, men sant.

I tillegg vil eg ha eigne bygg, omtrent som boligblokker. Desse ville eg plassert sentralt slik at dei etterkvart kunne kome seg enkelt ut i dagliglivet igjen. Her skulle dei som ikkje hadde det så bra fått bodd i små hyblar, utan å betale leie. Dei kunne hatt ein stor matsal der dei møttes til faste måltid, og dei kunne i tillegg hatt små grupperom der det var moglegheit for enkelt-terapi, gruppeterapi eller berre nokon å snakke med. Metadonbehandling kunne og gis her.
På matsalen skulle dei sjølvsagt fått god mat, og når jula kom kunne dei ha dekorert heile bygget og hatt julemat. Kanskje det og ville vore rom for at nokre av dei som budde der, fekk tilbod om jobb på f.eks kjøkkenet dersom dei hadde «forbetra» seg. Som Martin Luther King ein gong sa, «I have a dream.».

Problemet er, i likhet med sprøyteromma, personalet. Men det er kanskje lettare å skaffe personale dersom dei er mange som skal jobbe der? Ikkje veit eg, eg veit berre at eg trur dette hadde vore løysninga for mange.

Kvar kommune skulle hatt eit slikt bygg. Og har ein problem med å skaffe pengar til dette, så ta litt av oljemilliardane, eller det me betalar av skatt. På denne måten hadde mange av Noregs befolkning fått følelsen av at dei har utretta noko med pengane som mange av dei ellers føler dei kastar ut vindauget til udugelige kontorfolk (unnskyld, men det er jo ikkje akkurat som om vi får så mykje informasjon om kvar pengane våre havnar).

Eg tenkjer ikkje berre på dei narkomane inni dette, men antakeleg hadde me redusert kriminalitet, det hadde blitt tryggare for barn og unge å gå i byane og det hadde vore mindre sprøytespissar rundt på gatene. Det hadde kanskje ikkje vore like mykje tigging, og det hadde kanskje blitt større kapasitet på sjukehusa.

Dette er berre tankar, sjølvsagt. Men eg vil det skal skje noko med denne saken, og sidan eg har høyrd at politikarar les bloggar har eg kanskje gjort noko for saken min likevel.
Hei, Kristin Halvorsen! Eg simpelthen elskar politikken din!

* Polarisering = Når ein i debatt set veldig mykje fokus på motpolane og deira totale uenigheit. Me har lært det på skolen. :stålt:
* Ola-pakke: Matpakke frå Narvesen f.eks, som inneheld tre skiver med husmannspålegg.

Posted in Dagens samfunn | Leave a Comment »

Denne jula skal eg ta imot.

Posted by kanarifanari den desember 18, 2007

Og glise. Og levere pakkane mine til folk, som eg har kjøpt for maks hundre kroner til kvar på utvalde butikkar.
Eg har eit problem i år. Mine tusen kroner held ikkje til både røyk og presangar til alle folka eg skal kjøpe til, og nett idag fann eg ut at ei venninne av meg og eg hadde avtalt å kjøpe til kvarandre. Eg hadde gløymt det.
No kan eg vere glad for at eg kjøpte Punk’d sesong ein til ein billig penge på Platekompaniet. Dette årets billigaste gåve, og antakelig den einaste nokon kjem til å bli glad for.

Åra går så altfor fort, og i år har foreldra mine tenkt å pepre meg med realiteten: Eg må kjøpe julegåver alt etter kor mykje pengar eg har. Tatt i betraktning at eg har mange å kjøpe til, og berre rundt åtte hundre å fordele på desse, blir dette ein ta-jul. For eg kjem ikkje til å gi halvparten så mykje som eg får, og dette plagar vetet av meg.

Eg har enno til gode å finne ei gåve som eg fall pladask for, har råd til, og veit eksakt kven som skal ha. Det er flaut. I år tenkte eg å legge eit lite kort ved kvar gåve:
«Hei, *****!
I år har eg vorte student på ordentleg, og har derfor berre kjøpt ein billig og kjip gåve til deg.
Eg kjem sterkare tilbake når eg har vorte barnevernspedagog, og fram til den tid kjem, kan du berre byrje å innrede ein ny sokkeskuff!»

Uheldigvis er det slik det må bli. Og dette har eg latt alle tankane mine gå til dei siste døgna. Saken her er, at eg berre må slutte med det. Eg må be desse tankane halde kjeft, og heller tenkje på at eg skal finne noko personleg. Då veit eg at vedkommande kjem til å like presangen, og det er faktisk tanken som teller. Mest. Ja?

Posted in Unyttig | Leave a Comment »

«Eg vil erfare dette sjølv, takk»

Posted by kanarifanari den desember 18, 2007

– Åh, den filmen må du ikkje sjå. Den er ikkje verd ein femøring, eingong.
Det var ein dag eg og ei venninne skulle på kino. Eg hadde lyst til å sjå ein oppfølgar av ein film eg liker kjempegodt, men ho ville ikkje det. Kvifor? På grunn av kommentaren ovenfor, som kom frå ei anna venninne. Ho skulle berre haldt kjeft. Dumme venninna.
– Åh, vi må ikkje sjå den filmen altså! ***** sa den ikkje var verd pengane!
– Så du har ikkje lyst til å sjå den sjølv og dømme ut frå det, då?
– Nei.

Me gjekk ikkje på kino den kvelden, istaden blei eg sitjande heime og tenkje på kor lett påverkelege me er.
For seier ei venninne at filmen ikkje er bra, så kan me ikkje gå på han. Kvifor skal me sjå ein film som ho, venninna vår, ikkje likte?
Og hvis nokon seier at drikking er dritkjekt og at all alkohol smakar godt, fordi dette er ei erfaren venninne som har smakt «alt» og er kjempesupertøff, skal me høyre på henne då, eller skal me *kremt* vente til me blir gamle nok og prøve det sjølv?

Høyrer du på kva du sjølv vil, eller har du lett for å drite i å gjere noko som andre seier dei sjølv ikkje likte?
Me er så forskjellige alle mann, at det er betre om me heller gjer slike ting begge to, og så deler erfaringar.
Synst eg.

Posted in Unyttig | Leave a Comment »

Litt poking i sida til dykk som skriv norsk

Posted by kanarifanari den desember 18, 2007

… Som gjeld stortsett alle. For eg les bloggane til folk. Og her er noko av det verste eg ser (og sjølvsagt er eg klar på at eg sjølv og skriv feil):

– Og/å. Å gå til butikken og finne det ein skal ha. Ein går ikkje til butikken å finn det ein skal ha. Me gjentar:
Å gå til butikken OG finne det ein skal ha. Det er to handlingar. Tog du’an?*

– * Dette bringer meg vidare til neste tema: Dialekt. Fysj og pføy! Det er ikkje eingong å skrive, ein kunne like greit ha tatt opp seg sjølv mens ein prata og lagt dette ut på bloggen.

– Avsnitt: Viktig for å få fram poeng, dele teksten opp litt og for å gjere det lettare å lese innlegget. Del opp der du bytter tema. Sjølvsagt er eg kjempeflink til dette, det kan du berre sjå på forrige innlegget mitt der eg delte i hutt og pine.

– Ellers: OGSÅ,OGSÅ,OGSÅ. Oxo er ikkje ein del av noko anna enn SMS-ordboka. Dette gjeld og ord som mn, mg, dg, dn, dre, k9p, koz, klemz. Stortsett alt som ser dumt ut kan ein la vere å skrive.

Posted in Godt språk | Leave a Comment »

Jul for meg er…

Posted by kanarifanari den desember 18, 2007

Jul for meg er regn og slapsete snø som ligg på bakken og vil vekk. Det er «Hjemme Alene», vepsebol og knekk.
Hvis dette ikkje skal rime, er det i tillegg mørk himmel med mange stjerner på, og eit juletre der stjerna er erstatta med ein katt på toppen*.
Det er advent, med lilla lys i ein heimelaga krans, og det er dorullnissar på peishylla som mor framleis trur eg blir fornærma om ho kastar i søpla.

Det er mas, det er stress, det er julehandel for studentpengane og fattige dagar etterpå. Og det er kos om kvelden når alt er gjort. Det er mykje venting. Venting på pittelille juleaften. Så venting på lille juleaften. Venting på at alle skal bli ferdige med oppvasken og å finne fram kakene, slik at ein stakkars ivrig sjel skal få åpna pakkane.

Det er «Tre nøtter til askepott», tre jenter tett isaman i ein sliten saccosekk fra åttitallet. Tre jenter, som om natta har vore på leit etter julegavane og glist mens dei opna dei. Deretter, når dei skal pakke dei inn igjen like fint, skammar dei seg over det dei har gjort. Det er mor som seier at vi kan få sokkane til juleaften, slik at me kan kose oss med godteriet til filmen, og det er «Julemorgen» med vaksne som syng julesangar med mongostemme.

Så er det prøving av klede til sjølve kvelden, dans rundt juletreet i barnehagen* og brun saus.
Det er å glise når ein åpner gaven fra bestemor og får sjå ei tresleiv, sjølv om ein er tolv år gammal og ikkje veit kor ein skal gjere av han. Det er å hyle av glede når ein får stereoanlegget mor og far har spinka og spart for å få under juletreet, og det er å teste det så for som mogleg.

Og så er det over. Faen, så fort tida gjekk.

* aut_0012.jpg
* Eg kjem aldri til å gløyme julefeiringa i barnehagen min. :sukk:

Posted in Unyttig | Leave a Comment »

«Kannibalen» skal ut – VG Nett

Posted by kanarifanari den desember 17, 2007

Berre for å vise at eg kan vere samfunnsengasjert og ikkje berre smigrande og poetisk, har eg idag teke for meg ein sak vg.no skreiv på nettsida si i dag morges.
For dykk som ikkje liker linkar, så skal eg sitere det viktigaste ved denne saken (ikkje i same rekkjefølge som vg.no skreiv det):
I dag soner 28-åringen som en av Norges farligste fanger på Ila fengsel-, forvaring- og sikringsanstalt, som har vurdert ham skikket for prøveløslatelse.

Sist gang han var ute på prøve, i 2004, gikk det alvorlig galt. Han ble pågrepet etter fire måneder i frihet, siktet for sexterror mot 12 jenter og kvinner.

28-åringen hadde flyttet til Kristiansand etter å ha blitt prøveløslatt fra i alt syv års forvaring og fengsel for vold og voldtekt av barn.

Kannibalen truet med å voldta, drepe og spise de fleste av sine ofre. Han tilbød dem også penger for å partere, grille og spise kvinnene etter de var naturlig døde eller drept av ham.

Retten la til grunn at han ble seksuelt opphisset av dette. Politiet beslagla bilder og filmer av nakne kvinner som ble spiddet, drept og sexmisbrukt.

Dette er altså saken. No sit han inne, med ti månedar igjen. Etter det vil han sleppast ut i samfunnet, noko som ifølge vg.no vil koste Staten 2,5 millionar i året. Då spør eg: Skal verkeleg vår skatt gå med til at ein som har gjort så mange menneske så vondt gjennom mange år kan gå fritt?
Kvifor skal me støtte denne mannen, som har øydelagt liva til hundrevis av foreldre, søsken, tantar, onklar eller søskenbarn?

Eg, som sjølv er tante, forstår ikkje korleis dette kunne bli tatt opp til vurdering eingong. Slik eg ser det er han ikkje verd noko anna enn livstid i fengsel. Eg er ingen psykolog, men eg har ei kjensle av at han ikkje kjem til å kunne leve ute i samfunnet enno uten å begå bestialske gjerningar.

Og skal ikkje dei etterlatte av ofra hans få sjå rettferdighet når det gjeld ein såpass stor sak?

Slike menneske gjer meg kvalm. Heldigvis finst det ikkje så mange av dei, sjølv om ein er ein for mykje.

Posted in Dagens samfunn | 2 Comments »

Meg og ein valp – Del III (Helvete har brote laus)

Posted by kanarifanari den desember 16, 2007

Mja. Eg kan meddele til alle som trudde eg ikkje visste kor mykje arbeid det var å ha ein valp, at no veit eg det. Ho gjer fra seg over alt, spesielt kjekt når mor har gjester på besøk, utkonkurrerer meg i spising, bit meg til blods i fingrane og tar ikkje imot beskjedar.

Ho er ei helvetes snuppe. Men ho er mi helvetes snuppe.

På laurdag sov eg over hos ei venninne. Me gjekk på kino, sang Singstar og spiste burger. Det var fyste gong eg var eit døgn frå ho, og eg kjende det i magen når kvelden seig på. Hadde ho det bra? Lekte ho rundt beina på pappa, beit mamma i halsen og tissa på stuegolvet?
Det var rett og slett eit mareritt. Det var utruleg kjekt, sånn eigentleg, men eg tenkte litt for mykje på jenta mi og korleis det gjekk med ho den fyste natta uten meg der.

Dykk forstår det, at den siste tida har meg og Ronja hatt ein seriøs bonding-situasjon gåande. Ho følgjer etter meg over alt, kosar med meg i senga mi om kvelden før ho legg seg på kjøkkenet, og treng berre å gi meg eitt enkelt blikk for at eg skal forstå kva ho vil. Eg følte på ein måte eg avbrøyt denne bonding-greia dersom eg blei lenge borte, men då eg kom heim igjen blei eg helsa med vasking i ansiktet, potar på tærne og leiking med sokkane. Ho er nydeleg. Eg kjem alltid til å vere glad i henne og hugse henne, sjølv om ho er ei skikkeleg tispe. Det går greit, for kvar dag er ho litt flinkare på nokon ting, og kvar dag lærer ho noko nytt. Kvar dag helsar ho på meg som om eg har vore borte ein evighet, og kvar gong eg går græt ho.

Posted in Meg og ein valp | Merkt: , , , , , , , , , , , , , | Leave a Comment »

Slemme menn og kvinner som ikkje veit betre

Posted by kanarifanari den desember 16, 2007

Du har den fine, norske husstanden som mange kvinner har/vil ha: Flott, behjelpeleg mann, to barn, ein dalmatiner eller retriever, stakittgjerde og stor plen. Her lev dei i sus og dus, elskar kvarandre og ungane sine, deler på å gå tur med hunden, deler på husarbeid og tankar om oppussing. Deler på alt, i gode og onde dagar.

Og så kjem den motsette, som framleis er ganske vanleg no i dag: Mann som jobbar for mykje og ikkje gjer noko når han kjem heim, to barn som berre har mor si sånn teknisk sett, ein sliten mamma som jobbar dag ut og dag inn for å få endene til å møtast og eit ustelt stakittgjerde som ventar i spenning på ein dunk kvit Lady maling til utandørsbruk.

Sistnemnte gjer meg bekymra. For dersom ikkje kvinna forstår kor vondt det gjer ho å vere i eit slikt ekteskap, dersom ho ikkje forstår kva det gjer med ungane og deira valg seinare i livet, så føler eg ein trang til å seie det her gjennom dette blogginnlegget.

All forskning visar at jenter vel menn som liknar på far sin. Eg har blant anna vald vekk gutar eg har vore saman med, nettopp fordi dei ikkje var like nok på pappa. Han er snill, omtenksom og hjelpsom, og gir mykje av seg sjølv. Han er ikkje typen som sit stille dag ut og dag inn. Eg har vore borti mykje rart av gutar. Ein som viste seg å vere litt for glad i dop, ein som slo opp med meg fordi eg ikkje ville låne han GameBoy’en min (Åh, gode, gamle dagar), ein som ville ha eit «fritt forhold», og flørta med jenter i klassen min medan eg var samen med han og ein som rett og slett var barndomskjæresten min som eg og venninna mi delte på. Når eg tenkjer meg om, veit eg aldri om eg kjem til å finne ein som er lik pappa. For det første har eg alltid trudd at pappa visste alt, og at det ikkje finst nokon snillare enn han. Dessutan tok syster mi den siste som var omtrent heilt lik på desse punkta, og då er det faenmeg ikkje fleire igjen til meg.

Dette innlegget skulle ikkje handle om meg. Eg berre gløymde meg bort, altfor opptatt av å fortelje om mine eigne kjærestar opp igjennom åra. Det eg eigentleg skulle få fram med dette innlegget er ganske enkelt, fremmar kvinnesaken og får meg til å virke som om eg ikkje trur det går an at kvinner er slemme med mennene sine.

Hovedsaken er eigentleg berre at du ikkje skal vere i eit forhold du merkar at er feil, usunt eller berre trist. Det er hovudsaken her. Me kvinner har like mykje rett til å trivast i samlivet som menn, og det er feil å tru noko anna! Har du allerede gjort den feilen å gifte deg med ein drittsekk, så separer deg. Det er faktisk mykje betre å gå gjennom ein tung skilsmisseprosess enn å leve eit heilt liv med ein du kunne vore foruten.

Hoho, eg høyrest ut som ein middelaldrande feminist med domineringsbehov, men eg er berre søt og sytten, altså. Hurra!

Posted in Dagens samfunn | Merkt: , , , , , , , , , , | 14 Comments »