Hummar og kanari – på høgt plan

Reflekterande greier skrivne på nynorsk.

Sex og singelliv (eg kjenner nok best til sistnemnte)

Posted by kanarifanari den juni 24, 2007

Her om dagen såg eg på Sex og Singelliv, og det gjekk opp for meg at det ikkje er så lenge til at eg blir ørtåførti år gammal og må reise til New York for i det heile tatt å finne noko å nappe på i over ei veke. Det er, trass alt, ikkje særleg mange å velje mellom her no. Slik ståa er foreløpig, og no offence, er dei fleste gutane eg kjenner av ei anna legning enn meg. Det gjer det kanskje litt vanskelegare å få seg eit nyp? Bua reiser jo ikkje akkurat for bilane, meiner eg. Og i dette tilfellet er eg ein gammal, ensom Lada. Det burde lagast filmar om slike som meg.

Slike som meg på sytten år, som enno ikkje har spist av pulekaka eller rota med nokon i fylla på fest. Slike som aldri i heile vide verda kunne tenkje seg ein one night stand, ikkje om mannen blei kasta etter ein etter nokre margaritaer, eingong. Derfor er det ganske usannsynleg at eg skulle kunne finne meg nokon. Eller?

Det går over, seier no mamma, der ho sit og blikkflørtar litt med pappa. Dei har vore gifte i over tjuefem år, og eg undrar på om eg nokon gong kjem til å finne meg nokon eg kan snakke åpent om med fising, skrattle med mens eg er forkjøla (det kan jo utvikle seg til DET KOLS-anfallet) eller å drite meg skikkeleg ut mens eg er på ferie med og framleis være relativt lite flau. Det er kanskje ein rar ting å sjå fram til. Andre eg kjenner drøymer om stakittgjerde, hund og to ungar med gode karakterer. Eg, derimot, drøymer om eit ekteskap der ein kan vere åpen om alt. Så kjem vel stakittgjerdet, bikkja og dei der to ungane etterkvart.

Konklusjonen min her er at eg ikkje forstår at dei i Sex og Singelliv overlever i det heile tatt. Singel som førtiåring høyres keisamt ut, sjølv om nokon nok har vald det sjølv og set pris på eit liv utan fotball på TV, halve kjøleskapet fylt med øl og illeluktande sokkar på kjøkkenbenken. Eg derimot, lengtar etter ein som kjem stinkande heim frå jobb og kan gi meg ein god klem slik at lukta gnir seg godt inn i kleda og blir der ei stund. Og eg er berre sytten! Trur allereie håpet er borte, lissom. Optimisten.
ekkelt.jpg

Kommenter innlegget